Musikk

Sorgtyngd langfredagsmusikk

Maria møy i sorg over sonetapet: Michelangelos (1475–1564) marmorskulptur «Pietà»i Peterskyrkja i Roma.
Maria møy i sorg over sonetapet: Michelangelos (1475–1564) marmorskulptur «Pietà»i Peterskyrkja i Roma.

CD

Joseph Haydn:

Stabat Mater

Kammerchor und Hofkapelle Stuttgart; dir.: Frieder Bernius. Carus 2018

Høyrer me namnet «Stabat Mater», tenkjer nok dei fleste på Giovanni Battista Pergolesis meisterverk frå 1736. Men mange andre komponistar har òg skrive musikk til denne latinske kyrkjehymnen, som er frå 1200-talet og handlar om Marias klage over sonetapet. Dirigenten Frieder Bernius og Hofkapelle Stuttgart har no spelt inn Joseph Haydns (1732–1809) versjon frå 1767. I dag er dette timelange verket for kor, songsolistar, oboar, strykarar og basso continuo heller ukjent, men på Haydns tid var det det oftast framførte vokalverket hans.

Sidan det er mynta på langfredag, er opningssatsen alt anna enn staseleg: Over ein dunkande bassmelodi spelar fiolinane fyrst smertefulle sukk i det djupaste registeret sitt. Etter nokre taktar set tenorsolisten inn med hymnenes opningsvers, som i Ragnhild Foss’ norske omsetjing lyder: «Standande i gråt og kvida/ Herrens mor ser Sonen lida/ høgt på kross og skjemdartre.» Den gripande framføringa til den kanadiske tenoren Colin Balzer bidreg til å gjera dette til den finaste Haydn-innspelinga på lenge.