Snøgg islending
Víkingur Ólafsson er flink til å spela fort, men best spelar han i dei rolege satsane.

Grovt sett finst der to ulike måtar å nærma seg Johann Sebastian Bachs (1685–1750) verk på, den eine har noko objektivt ved seg og den andre noko subjektivt: Den fyrste blir gjerne kalla «historisk informert framføringspraksis», den andre har i grunnen ikkje noko namn, men kan kallast «mainstream». Fyrstnemnde freistar å tolka komponisten ut ifrå den stilistiske og instrumenttekniske kjennskapen me har om samtida hans, sistnemnde interpreterer han ut ifrå meir personlege smakskriterium og nyttar moderne instrument.
Eige arrangement
Me høyrer raskt at den teknisk suverene pianisten Víkingur Ólafsson soknar til sistnemnde, noko han stadfestar i den svært personlege teksten i CD-omslagsheftet, som kan tolkast som ei programerklæring. Dette reine Bach-albumet inneheld både originale klaverkomposisjonar og omarbeidingar av orgel- og vokalverk til klaver. Slike transkripsjonar gjort av klavervirtuosar har lang tradisjon (Ferruccio Busoni, Sergej Rachmaninov, Wilhelm Kempff, for å nemna nokre). Denne tradisjonen set Ólafsson seg sjølv i gjennom sitt fine arrangement av arien «Widerstehe doch der Sünde» frå kantaten med same namn, BWV 54.
Det er noko drøymande, ein hypnotisk flyt over måten han spelar rolege satsar som dette på, der han òg greier å framheva enkeltstemmer i satsen dynamisk. Dette siste kjem spesielt godt til sin rett i stykka som byggjer på salmar, som koralpreludiet Ich ruf zu dir, Herr Jesu Christ, BWV 639.
Svingen forsvinn
Men i dei snøgge satsane treffer Ólafsson ikkje alltid karakteren like godt. Han har ein tendens til å overdriva tempoa, til dømes i opningssporet, Preludiet i G-dur frå BWV 902. I fyrste delen, der melodien går i åttedels- og sekstendelsnotar, fungerer det greitt. Men i andre del, der det kjem tiradar med trettitodelsnotar, merkar me at grunntempoet er for høgt.
Endå tydelegare syner tendensen seg i Wilhelm Kempffs (1895–1991) transkripsjon av koralpreludiet Nun freut euch, lieben Christen g’mein, BWV 734, der Ólafsson driv tempoet in absurdum. Godt driv skal dette preludiet ha, men eit slikt hastverk toler det ikkje – svingen forsvinn, den som jo er noko av det finaste ved Bachs musikk.