Musikk
Skreddarsydd
Mandolinspelaren Alon Sariel maktar å utvida det klassiske repertoaret.

Klassisk musikk for mandolin er ikkje kvardagskost. Dette vesle luttinstrument med fire doble par strengar er noko eg fyrst og fremst tenkjer på i samband med folkemusikarar i Napoli eller sleske gondolierar i Venezia. Den «hottaste» klassiske mandolinspelaren for tida er Alon Sariel, som no kjem med det herlege albumet Telemandolin der han spelar kammermusikk og solokonsertar av Georg Philipp Telemann (1681–1767) og tre andre tyske barokkomponistar.
Diverre for Sariel finst der to problem i høve repertoaret på plata: For det fyrste finst der lite musikk frå barokken som er skriven spesielt for lutt. For det andre er mandolintypen dei nytta på 1700-talet, lite eigna for orkestermusikk; dei historiske mandolinane kling rett og slett for svakt til å kunna hevda seg i lydstyrke. For Sariel har løysinga på det fyrste problemet vore å skriva om musikk for andre instrument slik at han ligg godt for mandolin. Løysinga på det andre har vore å få spesialbygd ein mandolin som har kraftigare klang enn originalmandolinar frå barokken.
Det desidert flottaste verket på plata er Telemanns Konsert for fiolin i fiss-moll, TWV 51:fis1, som i Sariels omarbeiding kling skreddarsydd for mandolin. Evna hans til å forma frasane i soloavsnitta songleg ved hjelp av dynamikk og artikulasjon, er imponerande, og i samspelet med orkesteret i tuttipartia (der heile ensemblet spelar) er det aldri teikn til slark. Alt i alt syner Sariel med denne plata at han er ein intelligent og påhittsam musikar som har grunnsolid speleteknikk og som maktar å utvida det klassiske repertoaret. Eg gleder meg til det neste albumet hans.