Musikk

Skifterike sonatar

Amandine Beyer og Edna Stern spelar C.P.E. Bach som om det var improvisasjonsteater dei dreiv med.

CD

Carl Philipp Emanuel Bach:

Sonatas for Violin and Fortepiano

Amandine Beyer, fiolin; Edna Stern, hammarklaver.
Alpha 2005/2017

Carl Philipp Emanuel Bach (1714–1788) var den mest vidgjetne sonen til Johann Sebastian Bach. Han hadde langt meir profesjonell framgang og kunstnarleg påverknadskraft i samtida enn far sin – fyrst som kammercembalist hjå den kunstelskande preussarkongen Fredrik II «den store» i Berlin, så som musikkdirektør i den verdsopne handelsmetropolen Hamburg. Dei fire sonatane for fiolin og klaver som fiolinisten Amandine Beyer og pianisten Edna Stern spelte inn på CD i 2005, og som no kjem i eit rimeleg andreopplag, blei komponerte i 1763, medan han framleis tente ved hoffet i Berlin.

Affektert

C.P.E. Bachs sonatar er nyskapande og tilbakeskodande på same tid. Påverkinga frå faren er ikkje til å overhøyra: Dei musikalske temaa er små kunstverk i seg sjølve, forma slik at dei kan tøyast og bøyast og omformast i nye harmoniske og rytmiske samanhengar utover i satsen, noko som skaper den indre einskapen som var så særmerkt ved J.S. Bachs barokke komposisjonar.

Men sonen skil seg frå faren på eitt viktig punkt: Medan J.S. Bach avgrensa seg til å nytta éi sinnsrørsle per sats – i musikkvitskapen kallar me det «affekt» – blandar C.P.E. Bach fleire affektar i éin og same sats. Dette var heilt i tråd med den tidlegromantiske åndsrørsla i samtida – den som i litteraturen er blitt heitande «Sturm und Drang» («storm og trengsle»), og som er på sitt mest eklatante i Goethes Den unge Werthers lidingar. I denne dagboksromanen frå 1774 blir hovudpersonen støtt riven mellom ulike sinnsrørsler og idear, gjerne innanfor éi og same setning i boka.

Forbaska vanskeleg

Denne kontrastrikdomen er det mest karakteristiske ved C.P.E. Bachs sonatar. Me opplever ein ny musikalsk retorikk tufta på dialog mellom ekstrema, ein komposisjonsstil som skil han musikkhistorisk både frå barokkens formstrengleik føreåt og wienarklassisismens estetiske jamvektsideal etteråt. I opningssatsen allegro moderato frå Sonate i h-moll (H512/WQ 76) er dette mest tydeleg: vidløftige, songlege frasar blir avbrotne av plutselege melodiske utrop eller abrupte pausar, og svake pianissimo-parti og kraftige fortissimo-utbrot kjem om einannan.

Dette gjer C.P.E. Bachs musikk forbaska vanskeleg å spela. Musikarane må klara å kasta seg rundt og ta tak i dei skiftande affektane. Og skal framføringa verka overtydande, lyt det høyrast ut som om dei gjer dette på ståande fot, noko som krev reaksjonsevne på høgd med det som må til i godt improvisasjonsteater. Han lyt kort og godt spelast slik Amandine Beyer og Edna Stern gjer det.