Musikk
Skifterike klaversonatar
Tina Margareta Nilssen lyfter fram ein ukjend norsk komponist.

Tina Margareta Nilssen frå Trondheim spelar på dette fyrste soloalbumet sitt tre klaververk av tre temmeleg ulike komponistar. Fyrst får me Sonate nr. 1 i e-moll, op. 7, av Edvard Grieg (1843–1907). Her blir me straks vare eit kjennemerke ved plata: Nilssen får verkeleg det malmfulle djupe registeret i flygelet til å klinga, særleg i Griegs tredjesats «Alla menuetto», der den fulltonande bassen røskar i hugen. Grumsete læt det likevel aldri.
Fargerike akkordar
Andre komponisten på plata er bergensaren Signe Lund, som eg aldri har høyrt gjete før. Lagnaden hennar var å bli gløymd på grunn av medlemskap i NS frå 1935 til «the bitter end». I 1945 blei ho boikotta i Etterkrigs-Noreg. Einsam og fattig døydde ho i Oslo fem år seinare. Hennar Cinq Morceaux, op. 34, blei til i lukkelegare dagar (kring 1900) og er sett saman av fem små karakterstykke med titlar som «Impromtu» og «Novelette». Når det gjeld det formale, kjennest stykka stundom litt monotone, for fraselengdene er svært regelbundne. Dette er noko som skil dei frå til dømes Griegs Lyriske stykke, ei samling som inneheld liknande komposisjonar. Akkordbruken hjå Lund er derimot meir spanande; ho må ha hatt talent for å henta fyldig, fargerik klang ut or klaveret.
God klangstrateg
Siste stykket på plata har gjeve albumet namn: Ludvig van Beethovens (1770–1827) namngjetne «Appassionata», Sonate no. 23 i f-moll, op. 57. Særleg likar eg tolkinga av andresatsen «Andante con moto», der Beethoven tek utgangspunkt i ei enkel og høvisk akkordrekkje som grunnlag for ein serie med variasjonar. Her syner Nilssen seg som intelligent «klangstrateg», for disponeringa av dynamikken er presist berekna, noko som gjer at den gradvise intensitetsstigninga fram til høgdepunktet mot slutten læt elegant og naturleg.