Plaster på såret for landbruketAt det lukkast regjeringa å få begge bondeorganisasjonane med på jordbruksavtalen i år, seier meir om låge forventningar enn om innhaldet i avtalen.
At det lukkast regjeringa å få begge bondeorganisasjonane med på jordbruksavtalen i år, seier meir om låge forventningar enn om innhaldet i avtalen.
For fyrste gong har Solberg-regjeringa fått med både Småbrukarlaget og Norges Bondelag på ein jordbruksavtale. At landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) er nøgd med avtalen, er lett å forstå. Han har i stor grad fått det som han ønskte. Kvifor bondeorganisasjonane gler seg over semja, er vanskelegare å skjøne.
Ta sauebonden som døme. Før 2014 fekk han rundt 1300 kroner i husdyrtilskot per sau for dei fyrste 50 sauene, mindre per stykk for resten, og han fekk rundt 200 kroner i slaktetilskot per sau og lam, ifølgje tal frå Norges Bondelag. Så overtok Sylvi Listhaug (Frp) Landbruksdepartementet. Husdyrtilskotet vart endra til 1000 kroner per sau for dei 125 fyrste sauene og rundt 500 kroner per sau utover det. Taket for samla husdyrtilskot per gardsbruk vart dobla og slaktetilskotet per sau vart meir enn dobla.
Det lønte seg å auke produksjonen, og det vart lettare å få investeringsmidlar til å byggje nytt og større. Det var det mange som gjorde, og i 2016 var overproduksjonen av lammekjøt eit faktum. No må sauebonden betale for uføret, med 50 kroner reduksjon i slaktetilskot per sau, i tillegg til at kjøtprisen har stupt. Kan hende er det ei tilsikta utvikling, men særleg føreseieleg for den enkelte sauebonden er det ikkje. At bondeorganisasjonane har gått med på ein slik reduksjon, seier sitt om den vanskelege situasjonen landbruket står i.
Inga reversering
Vanskane kjem òg til syne i retorikken. Bondeorganisasjonane kravde ein auke på 1830 millionar kroner for dei 43.200 bøndene i Noreg for det komande året. Då staten tilbaud 1000 millionar, var det «eit svakt tilbod» og «stor avstand» mellom partane, ifølgje bondelagsleiar Lars Petter Bartnes. Merete Furuberg, som leiar Småbrukarlaget, sa at «staten må flytte seg mykje» for å få ein avtale.
Etter ni dagar med forhandlingar signerer dei ein avtale på 1100 millionar og kalla det «eit akseptabelt resultat» med «viktige sigrar». Det kan verke som eit spel for galleriet. Vel har dei fått inn eit nytt tilskot for små og mellomstore mjølkebruk, eit setertilskot og styrkt tilskot for drift i bratt terreng. Dei har òg fått høve til å oppmode bøndene til friviljug reduksjon i produksjonen, semje om å stoppe investeringsstøtte til sauefjøs i 2019 og semje å greie ut om produksjonsavgrensande tiltak for svinenæringa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.