JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Når Gud vert ikkje-binær

Samanfallet med den politiske bodskapen er umogeleg å oversjå.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5830
20220805
5830
20220805

I juli foreslo professor Jorunn Økland at pronomenet «hen» skulle kunne nyttast om Gud i liturgien til Den norske kyrkja. Pronomenet er teke inn i dei norske ordbøkene, og argumentet er at når språket endrar seg, må språket om Gud også endre seg.

Frå ein teologisk ståstad er det fullt mogleg å ha ulike meiningar om dette. Gud er ingen gammal mann med tissefant. Gud er ikkje kjønna slik menneske er det. Difor vert Gud skildra, mest som far, men også som mor, i dei bibelske tekstane. Økland har sjølvsagt eit poeng når ho peiker på at «hen» kan vareta at Gud er heva over mann og kvinne. Samstundes vil ei innføring av «hen» understreke den verdslege vendinga i kyrkja og ha langt større konsekvensar enn liturgien åleine.

Sekularisering

Debatten om «hen» i liturgien har fleire sider. Den eine handlar om kva pronomen ein kan nytte om Gud når språket likevel ikkje strekk til for å skildre noko som er mystisk og ikkje berre heva over kjønn, men også heva over vår forstand. Då Jesus lærte læresveinane å be, sa han likevel «Fader vår».

Den andre sida handlar om kva liturgi er for noko. Eg skal ikkje her ta sikte på eit kurs i liturgi for Dag og Tid-lesarane, men berre peike på eit poeng. Forslaget syner korleis kristendomen sekulariserer seg sjølv i vår tid.

Sekularisering tyder eit skilje mellom den religiøse og den politiske sfæren, noko vi ofte knyter til reformasjonen. Men det kan også innebere at den religiøse dimensjonen, hos oss særleg kristendomen, forsvinn frå kulturen. Medan kulturen gjennom hundrevis av år har hatt eit mål i den andre verda, er samtida no retta berre mot denne verda. Det same gjeld kyrkja, kanskje Den norske kyrkja meir enn mange andre. Den som vil undersøkje denne påstanden, kan gjere eit sveip på nettsida til Den norske kyrkja.

Kjærleik og håp

Det er mykje bra med å rette kjærleik og håp mot utfordringar i dette livet og ta tak i urettvise der det trengst. No står LHBTQ+ på agendaen. Men samstundes som denne etiske vendinga pregar kyrkja, vert bodskapen om sigeren over døden – som meir enn ein metafor ­– borte, i alle fall svært godt gøymd.

Dersom ein sekulariserer bodskapen til kyrkja, slik at bodskapen vert verdsleg, høver det også å sekularisere liturgien til kyrkja. For då kan liturgien brukast til å kjempe mot urettvise, eller til å stadfeste ei politisk utvikling, til dømes avviklinga av tradisjonelle kjønnskategoriar. Sjølv om intensjonen er aldri så teologisk og from, vert resultatet politisk.

Kvifor vert dette gale? Liturgien er kyrkja si bøn, den vi møter i gudstenesta. Og dersom ein trur på heile pakka, så er løyndomen med liturgien at det er kyrkja som tek del i ei bøn som går føre seg i himmelen.

Tekstar frå Bibelen

Gjennom liturgien syng ein saman med englane framfor Guds trone. Mange av tekstane er henta frå Bibelen, som liturgileddet før nattverden, «Sanctus» («Heilag, heilag, heilag»). Første halvdelen av bøna er songen som serafane, ein type englar, song i tempelet, skildra av profeten Jesaja: «Kvar av dei hadde seks venger. Med to dekte dei andletet, med to dekte dei føtene, og med to flaug dei. Dei ropa til kvarandre: ‘Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot. Heile jorda er full av hans herlegdom.’» Den andre delen av bøna er dei orda folkemengda hylla Jesus med då han rei inn i Jerusalem palmesøndag: «Hosianna, i det høgste. Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste.» Her nyttar folkemengda ei hyllest dei kjende frå davidssalmane, altså frå den gamle jødiske liturgien.

Liturgi er med andre ord noko langt meir og noko heilt anna enn ein tekst som vert vedteken for å fremje ein politisk bodskap. Teologisk sett handlar liturgi om røyndom. Er det kyrkja som tek del i ein annan røyndom, eller er det kyrkja som skaper ein røyndom, til dømes ved å nytte «hen» og slik skape «eit inkluderande rom»?

Kjønnsnøytrale

Og kva konsekvensar får det om ein endrar pronomena i liturgien frå «han» til «hen»? Det handlar jo ikkje berre om å byte ut ein bokstav i eit bitte lite ord. «Han» refererer til omgrep og titlar som Far, Son og Herre. Skal dei bytast ut, eller er det meininga at vi no skal forstå desse omgrepa som kjønnsnøytrale? Kva med truvedkjenninga, skal ho ut eller omskrivast? Om Gud vert hen, vil det jo verte frykteleg umusikalsk å plutseleg skjere gjennom med «Eg trur på Gud Fader, den allmektige». Og kva med Jesus? Refererer han framleis til ein mann frå Nasaret, eller vert hen ein plastisk gestalt som kan tilpassast publikum?

Det er vanleg praksis at liturgi og bibeltekst svarar til kvarandre. Så om ein endrar språket i liturgien, må også språket i bibelomsetjinga endrast. Skal då Den norske kyrkja ha si eiga bibelutgåve, som dei andre kyrkjene, til dømes den katolske, ikkje vil nytte?

Om forslaget går igjennom som eit alternativ i kyrkja, vert det eit alternativ som er eigna til å framandgjere mange av dei som framleis slit benkene i Den norske kyrkje. Dei opplevde seg framandgjorde då «Fader vår» vart til «Vår Far». Å omskrive Gud til ikkje-binære kjønnskategoriar vil vere ei framandgjering i ein heilt annan divisjon.

Teologisk bakgrunn

Jorunn Øklands forslag er ikkje nødvendigvis henta frå ein politisk agenda. Det kan også ha ein teologisk bakgrunn. Det er gode grunnar til ikkje å klistre kjønnsmerkelappar på Gud. Samstundes er samanfallet med den politiske bodskapen umogeleg å oversjå. Dersom ein no innfører «hen» i liturgien, er det ikkje av omsyn til ei ny teologisk innsikt, men som ei tilpassing til utviklinga i samtida. Det starta som mystikk, men endar som politikk.

Eivor Andersen Oftestad er professor ved
Institutt for humanistiske fag ved
Høgskulen i Innlandet og
fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er gode grunnar til ikkje å klistre
kjønnsmerkelappar på Gud.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis