KongesviketEpistelWalid al-KubaisiDet var ein gong ei dronning som heitte Zenobia i Det palmyrske riket (260–273), som låg i Syria med Palmyra som hovudstad. Far hennar vart drepen av kong Guzeima i Al-Hira, som låg sør for byane Najaf og Kufa i Irak. Zeno
Illustrasjonsfoto: Sana / Ap / NTB scnpix
Det var ein gong ei dronning som heitte Zenobia i Det palmyrske riket (260–273), som låg i Syria med Palmyra som hovudstad. Far hennar vart drepen av kong Guzeima i Al-Hira, som låg sør for byane Najaf og Kufa i Irak. Zenobia ville hemna drapet på faren og sende eit brev til kong Guzeima: «Høgvyrde konge, eg inviterer deg til riket mitt. Om vi gifter oss og du hjelper meg med å styra landet mitt, kan vi slå rika våre saman.»
Zenobia var ei vakker, ung kvinne, og kong Guzeima vart smigra. Han kalla inn rådgjevarane, som tolka brevet som at Zenobia ville gje frå seg riket og kroppen gratis. Ein av rådgjevarane, Qasir, var kritisk:
– Du drap far hennar. Tru ikkje at ho har gløymt det. Be henne koma til deg og feir bryllaupet her i Al-Hira. Reiser du til Palmyra, har du inga makt og vert ein fange.
Kong Guzeima lytta likevel til fleirtalet, fordi hjartet og attråa valde for han. Då kongen drog til Palmyra med rådgjevarane sine, vart Qasir att. Guzeima lét systersonen styra riket medan han var på reise. Vel framme i Palmyra, som var omringa som ei festning, vart kongen møtt med pomp og prakt, musikk og song. Då porten opna seg og Guzeima steig inn med følgjet sitt, såg dei rett på sverda, som på få minutt meidde dei ned.
I Al-Hira vart systersonen Amr utnemnd til konge. I sorga lova Amr å hemna drapet på den same lure måten og kalla Qasir til seg:
– Guzeima skulle ha lytta til deg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.