Kongen og kjærleikenEpistelWalid al-KubaisiKongen hylla kjærleiken i nyårstalen sin og ynskte at kjærleikskulturen skal verta grunnlaget for samfunnet og mennesket. Kongen siterer Anne Grete Preus: «Kjærligheten er et sted å feste blikket.»
Illustrasjonsfoto: Rajesh Kumar Singh / AP / NTB scanpix
Kongen hylla kjærleiken i nyårstalen sin og ynskte at kjærleikskulturen skal verta grunnlaget for samfunnet og mennesket. Kongen siterer Anne Grete Preus: «Kjærligheten er et sted å feste blikket.»
Eg har møtt Anne Grete Preus mange gonger. Møte med henne har styrkt meg. Eg hugsar eg tala med henne om fascinasjonen min for det norske vatnet. Ho reflekterte spontant: «Vatnet er som kjærleiken. Begge er grunnlaget for all eksistens. Samfunnet, historia, menneskeslekta og verda er stappfull med konfliktar, hat, kaos og liding. Alt dette kunne forsvinna om kjærleiken vart meir til stades i vårt univers.»
Ho meinte ikkje berre kjærleiken mellom menneska, for kjærleiken er òg ein fysisk stad i notida og i framtida – eit fyrtårn. Kjærleiken er tverrkulturell og ei ånd i kvart menneske. Han er ein tankemåte og ein mentalitet. Ikkje medfødd, men utanfor oss. Han er noko vi kan oppsedast til og læra. Kjærleiken held menneskeslekta, samfunnet og nasjonen saman slik tyngdekrafta held saman universet.
Kjærleik er ei maske vi tek på oss, ikkje på andletet, men bak andletet, men som andre kjenner tiltrekking til. Arabarane seier: «Det finst tre ting som ikkje kan løynast: kjærleiken, røyk og ein mann som rid på ein kamel.»
Kjærleik held opp verdigheita til dei andre, og då ser vi dei som medmenneske, og vi får fred tilbake. Vi lit på dei som elskar oss, og slik kan vi realisera kardemommesamfunnet.
«Du er naiv», høyrer eg du seier.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.