JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

5920
20240419
5920
20240419

Hyttefeberen vi har sett i den norske fjellheimen dei siste åra, har sett oss i ein situasjon der den norske villmarka med artsmangfald og urørt natur er under hardt press. To faktorar, som begge er djupt forankra i den norske folkesjela, har ført oss hit.

Den første handlar om kjærleik til naturen. Vi er mange som trivst i skogane, over tregrensa, ved stille fjellvatn og brusande elver. Den andre handlar om vår hang til sjølvstyre. Han sit langt inne i ryggmergen til dei fleste med eit snev av politisk engasjement. Vi er einige om at den som har skoen på, også veit kor han trykker, og at han difor også er den rette til å bestemme.

83 prosent av arealet i Noreg blir forvalta av kommunane gjennom plan- og bygningsloven. Noreg har aldri vore eit tett folkesett land, og på eit tidlegare tidspunkt har det nok verka som ein glitrande idé. I dag er det blitt ein drivar for ei massiv, irreversibel naturøydelegging av eit omfang vi ikkje eingong har fullt oversyn over.

200.000 fotballbanar

Det blir stadig fleire hytter og fritidsbustader i det langstrekte landet vårt. Det siste oversynet frå Statistisk sentralbyrå viser at talet er 448.805. Auken er på 8,6 prosent på ti år. Og alt, bortsett frå den høge styringsrenta, ligg til rette for vidare vekst. Eit oversyn Norsk institutt for naturforsking (Nina) laga i 2022, viser at det er sett av 1479 kvadratkilometer i gjeldande reguleringsplanar til vidare hyttebygging. Det er tre og ein halv gong det arealet som er i bruk til fritidsbustader i dag.

Om ein skulle rekne det om i fotballbanar, blir talet 200.000. Svært mykje av dette arealet ligg i sårbar natur. Det ligg over skoggrensa (57 kvadratkilometer), i strandsona (90 kvadratkilometer), i villreinens leveområde (109 kvadratkilometer) og i myr (131 kvadratkilometer). Skaden ei slik utbygging ville føre til for natur og dyreliv, kan vi berre ane omfanget av. Ifølgje Artsdatabanken er 90 prosent av artane på den norske raudlista over truga artar under press på grunn av arealendringar.

«Verken orrfugl eller villrein forstår ringverknadsanalysar eller kommunale planprosessar.»

Hyttene og pengane

I boka Naturparadokset skildrar Marit Beate Kasin, som både er hundekøyrar i noregseliten og lokalavisjournalist, både tapet av den norske villmarka og drivkreftene bak. Kasins bok sprang ut av eit graveprosjekt i lokalavisa Valdres, der ho jobbar til dagleg.

Frå kontoret på Fagernes har ho hatt orkesterplass til hyttebonanzaen dei siste åra. Kasin og kollegaene dokumenterte sider av hytteventyret som har vore lite framme i diskusjonen i lokalsamfunnet. Pådrivarane for vidare utbygging har gjerne stilt med ringverknadsanalysar signert diverse oppdragsforskingsinstitutt som viser at lokalsamfunnet vil tene store pengar på utbygginga.

Kasin skriv om forureining, skapt av overbelastning på vatn og avløp, som slett ikkje er dimensjonerte for det som blir skylt ut frå dei store hyttefelta i helger og feriar. Ho skildrar korleis fosforen frå hyttekloakken renn ut i elveløp og endar i den stadig meir hardt prøvde Oslofjorden. Ho skriv også om såkalla verdilekkasje.

Hytteutbygginga skjer, av gode grunnar, som feltutbyggingar. Slike utbyggingar er så store at dei nesten aldri går til lokale firma. Dei blir sette ut til store entreprenørar med kapasitet og kapital. Fleirtalet av hyttene er standardiserte modellar med ferdigproduserte element. Det går raskt å sette opp slikt, men det fører ikkje til sal av lokale byggevarer.

Det viktigaste poenget til Kasin handlar likevel om at den aller største verdien som regel ikkje er inkludert i oversyna over kven som kan tene på kva. Det handlar om naturen som blir borte, om økosystema, om reint vatn, om lagring av karbon og om artsmangfald.

44.000 inngrep

I vinter dokumenterte NRK 44.000 inngrep i norsk natur dei siste fem åra. Gammal eikeskog, hekkeområde for raudlista fugleartar var erstatta av motorvegar, grustak, næringsparkar og oppdrettsanlegg på land. I NRK-saka vart hyttene peika ut som den største naturøydeleggaren av alle. Granskinga var laga ved hjelp av stordataanalyse og kunstig intelligens. For det finst ikkje noko samla oversyn over kva som skjer i norsk natur.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen sa til NRK at eit nasjonalt oversyn over naturinngrep vil bli eit viktig verkemiddel for å få slutt på nedbygging. Han sa også at eit slikt oversyn tidlegast vil vere på plass i 2026. Samstundes utelukka han kategorisk å regulere handlefridomen til lokalpolitikarane.

Men det er diverre akkurat det som må til. Det er noko djupt hyklersk og grunnleggande uansvarleg over å slutte seg til FNs naturavtale den eine dagen, for så å la omsyn til lokal næringsutvikling vege tyngst alle andre dagar.

Eit språk alle forstår

Det er ikkje vanskeleg å forstå lokalpolitikarane. Dei som seier ja til hytter, held stort sett til i kommunar med negativ folketalsutvikling. Dei vil ha arbeidsplassar, utvikling og inntekter. Dei veit godt korleis akkurat denne skoen trykker, og dei får innspel frå grunneigarar og entreprenørar med reknestykke som skaper stjerner i auga hos dei fleste med velutvikla næringsvett.

Naturkrisa er annleis. Lokalpolitikarane blir sittande med eit oppstykka og fullstendig uoversynleg ansvar for naturen i verda. Dei burde heller få strenge nasjonale retningsliner. Verken orrfugl eller villrein forstår ringverknadsanalysar eller kommunale planprosessar. Til gjengjeld forstår dei anleggsmaskinar, biltrafikk og hyttefelt. Villreinen skyr stiar der meir enn 20 personar passerer i døgnet.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Verken orrfugl eller villrein forstår ringverknadsanalysar eller kommunale planprosessar.

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis