JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

USA overlever Donald Trump

Rykta om borgarkrig i USA vil syna seg sterkt overdrivne. Landet overlever Trump-perioden med god margin, takk vera verdas eldste gjeldande grunnlov.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6043
20201113
6043
20201113

Eg var ikkje gamle karen den gongen eg var elev på ein skule i Pittsburgh i Pennsylvania. Ein gamal lærar – han kan ha vore 40 år – fortalde om USA. Då eg spurde om kvifor ting var slik og slik, svarte læraren: Det er slik fordi Grunnlova seier at det er slik.

Timen der eg blei fortald om den amerikanske grunnlova, har følgt meg i alle år etter. Det at grunnlova er så viktig i USA, heng sjølvsagt saman med måten landet blei til på. USA er ikkje ein tradisjonell europeisk nasjonalstat, der det meir eller mindre er sjølvsagt at ein skal halda saman. Då krigen mot britane var vunne i 1783, var kvar av dei 13 koloniane i prinsippet sjølvstendige statar. Fyrst med grunnlova frå 1789 blei USA til ei normal statsdanning. Utan grunnlova – ho som tek til med orda «We the people» – hadde USA ikkje eksistert i dag.

Det er ikkje tilfeldig at teksten i denne grunnlova ikkje kan endrast. Rett nok kan dei folkevalde vedta grunnlovstillegg, dei såkalla amendments, men sjølv det har det vore få av. Berre 27 grunnlovstillegg er i kraft i dag. Til samanlikning har det vore 315 endringar av den norske grunnlova. Med konstitusjonen som grunnlag har USA kome seg gjennom periodar med opprivande indre konfliktar. Den einaste gongen det verkeleg gjekk gale, var då sju sørstatar gjekk ut av unionen i 1861. Etter at sørstatane kapitulerte 9. april 1865, blei samlinga rundt den amerikanske grunnlova enda sterkare.

Borgarkrig for døra?

Dei siste par vekene føre presidentvalet no i november kunne det sjå ut til at ein del USA-ekspertar her på berget ikkje var heilt medvetne om i kor stor grad grunnlova bind det amerikanske samfunnet saman. Fleire snakka om at ein ny borgarkrig stod like for døra. Til dømes sa professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Tore Wig, til nettstaden Filter Nyheter no i haust at det «verken er en overdrivelse eller overforenkling når flere nå snakker om at borgerkrig i USA kan bli en realitet».

Så kom valdagen og oppteljinga av stemmer. Alle som følgde med på amerikanske fjernsynsstasjonar, kunne sjå kor samvitsfullt det blei arbeidd. Fleire delstatar som republikanarane hadde styrt i mange tiår, svinga over til demokratane. Resultata blei kunngjorde av upartiske tenestemenn, heilt i samsvar med den amerikanske grunnlova.

Normalt skulle då den tapande kandidaten, i dette høvet president Donald Trump, ha innrømma nederlaget. Det gjorde han ikkje. Kva han fortalde det amerikanske folket, var at han ville få domstolane til å granska om alt hadde gått riktig føre seg.

Fleire av sakene Trump-kampanjen kom med, blei avviste med ein gong. Andre saker vil nok sirkulera i rettsapparatet ei stund. Det er som det skal vera i ein demokratisk rettsstat. Kvar og ein som tapar eit val – om ein er president eller kva som helst elles – har rett til å få ei valoppteljing granska. Domstolen vil fort sjå om det handlar om ugrunna skuldingar og konspirasjonsteoriar, eller om klagaren har noko å fara med.

Over ein viktig strek

At ein kan gå til dei amerikanske domstolane for å kontrollera eit val, inneber ikkje at ein kan oppføra seg på kva som helst måte. Då Donald Trump ut på natta til 4. november kravde at oppteljinga i Pennsylvania skulle stoggast, gjekk han heilt klart over ein viktig strek. Ingen demokratisk vald leiar kan krevja at eit demokratisk val blir avbrote. At han òg hevda at det var han som hadde vunne, og Joe Biden som hadde tapt, kan ikkje bli sett på som anna enn ei undergraving av heile valet.

Meir skulle diverre koma: Seks dagar etter valet sparka Trump forsvarsminister Mark Esper og peika ut den superlojale Christopher Miller som ny minister. Dei største pessimistane tok det som eit teikn på at han førebur eit militærkupp. Sannsynlegvis handlar det – i kjent Trump-stil – om eit personleg hemntokt mot Esper etter at han i haust nekta å setja inn militære i dei amerikanske storbyane. Trump toler ikkje å bli motsagd og hadde sannsynlegvis for fleire veker sidan bestemt seg for å gje Esper avskil, eller som det heiter på trumpsk: terminate.

Det som er klart, er at Trump har handla mot innarbeidd amerikansk praksis. Likevel har han neppe gjort noko ulovleg. Inga lov i USA legg ned forbod mot å visa seg som ein dårleg tapar. Å hevda noko anna enn det som er sant, er tillate. Å koma med utsegner som undergrev demokratiet, er farleg, men likevel tillate, sjølv når ein er amerikansk president. At ein sparkar ministrar ti veker før ein sjølv må gå av, er høgst uvanleg, men ikkje forbode.

Ulovleg inntrengjar

For Trump blir det ikkje verkeleg alvorleg før etter 14. desember. Den dagen peikar dei 538 valmennene ut den neste presidenten i USA. Om Trump då nektar å godta at Joe Biden er den neste presidenten i USA, og nektar å samarbeida om ein ordna overgang, kryssar han ikkje berre grensa for det sømelege. Han bryt utan tvil den amerikanske lova.

Endå meir alvorleg blir det om Trump ikkje flyttar ut av Det kvite huset innan klokka 12.00 den 20. januar neste år. Gjer han ikkje det, bryt han det 20. grunnlovstillegget som blei vedteke i 1933, og som nettopp skal regulera overgangen frå ein president til ein annan. Skulle det henda at borgaren Donald Trump oppheld seg inne i Det kvite huset eitt minutt over tolv den 20. januar, vil han bli sett på som ein ulovleg inntrengjar (a trespasser) i heimen til den sitjande amerikanske presidenten.

I ein slik situasjon, fordi grunnlova er så solid grunnfesta i den amerikanske kulturen og det politiske systemet, vil dei amerikanske institusjonane gjera det som er naudsynt for å fjerna Trump.

Som ein amerikansk grunnlovsekspert formulerte det på kanalen CNN for nokre dagar sidan: Amerikanske styresmakter har meir enn nok av maktmiddel til å ta seg av ein slik inntrengjar.

Halvor Tjønn er journalist og forfattar og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Inga lov i USA legg ned forbod mot å visa seg som ein dårleg tapar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis