JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Trongen for bistand er framleis stor

Etter dei siste krigshandlingane i Afghanistan er det humanitære behovet endå større enn før. Halve folket lever i fattigdom.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Taliban-krigarar inntok og poserte i presidentpalasset i Kabul sist søndag.

Foto: Zabi Karimi / AP / NTB

6692
20210820
6692
20210820

Av dei mange dramatiske bileta frå dei siste kaotiske dagane i Kabul står eitt fram: Taliban har innteke presidentpalasset og samla seg til fotografering for internasjonale medium.

På veggen bak dei heng eit måleri med eit tradisjonelt afghansk motiv. Det syner stormenn og krigarar som stig fram for å bli velsigna av ein religiøs skikkelse. Kanskje er det frå 1800-talet, og kanskje førebur dei seg til kamp mot erkefienden, britane? Samansetjinga av historiske og høgst noverande krigarar maner i alle høve til ettertanke.

Inneber det at Taliban vil ta Afghanistan tilbake til fortida? Kan vi vente oss ei styresmakt med steinharde bod mot eigne folk og ei fiendtleg haldning til den ikkje-muslimske verda? Blir det ein reprise frå dei vanskelege 1990-åra, då Taliban styrte landet fyrste gong?

Det vil vere eit feilgrep om USA og deira allierte, deriblant Noreg, straks svarer ja på desse spørsmåla og nok ein gong vender Afghanistan ryggen.

Fattigdomsreduksjon

For det fyrste er trongen for bistand framleis stor. Rundt 75 prosent av statsutgiftene er finansierte av straksbistand (per mars i år). Utan denne økonomiske hjelpa vil sentrale program innan helse, utdanning og utviklingsprogram på landsbygda stoppe opp. Tenestemenn i statsadministrasjonen på nasjonalt og lokalt nivå vil ikkje få betalt. Program som gjevarland har bygt opp og investert svære summar i dei siste tjue åra, vil falle saman.

Det humanitære behovet i Afghanistan er endå større etter dei siste krigshandlingane. Ein stor del av folket, anslått til 47 prosent i 2020, lever i fattigdom. Stansar bistanden, vil denne prosentdelen skyte i vêret.

Ein brei koalisjon av gjevarland lovde i november i fjor å halde oppe bistanden til Afghanistan i 2021 omtrent på tidlegare nivå, tilsvarande 3,3 milliardar dollar i året. Det var før Taliban inntok Kabul, og lovnader er som kjent noko anna enn pengar i kassa. Gjevarlanda vil no vurdere slik støtte opp mot andre politiske omsyn. For bistand til anna enn humanitære formål kan det bli ei vanskeleg avveging.

Bistand til Afghanistan har dei siste tjue åra vore driven av det militære engasjementet til gjevarlanda i «krigen mot terror». Det fekk ei brå avslutning som klipte bandet mellom bistandspolitikk og tryggingspolitikk. Sentrale kriterium for framtidig bistand til Afghanistan bør no vere humanitære – og utviklingsbehov. Det talar for å halde oppe bistanden til utdanning, helse og andre tiltak for fattigdomsreduksjon.

Maktfordeling

Korleis kan ein drive bistandssamarbeid med Taliban i maktposisjon i Kabul og mesteparten av landet? Det et uklart kor stor makt Taliban faktisk vil kunne utøve i den nye politiske situasjonen. Dei har kunna heise flagget over mesteparten av landet, ikkje berre fordi regjeringsstyrkane raskt smelta bort, men fordi lokale makthavarar inngjekk avtalar om å overgje seg.

Det gjev grunnlag for vidare samarbeid og de facto maktfordeling. På nasjonalt nivå er det framleis mogleg at personar i Kabuls gamle politiske klasse vil bli innlemma i ei overgangsregjering eller andre former for samarbeid.

Skal Taliban kunne styre, må dei i stor grad støtte seg på den eksisterande statsadministrasjonen. Dei har ikkje sjølv folk til å erstatte tenestemenn på nasjonalt eller lokalt nivå, spesielt med tanke på den raske militære frammarsjen. Leiinga har tydeleg fortstått dette: Alt måndag denne veka blei det kunngjort at helseministeren kan halde fram.

På landsbygda har Taliban gjennom åra utvikla ein skuggeadministrasjon i område dei kontrollerer eller har innverknad på. Bortsett frå i justissektoren er det styring etter mønster frå politiske kommissærar som overvaker lokaladministrasjonen og forhandlar med tradisjonelle eldreråd.

Taliban sjølv er ikkje eit sentralisert parti. Det liknar meir på ei sosial rørsle der leiinga er sett saman av fleire kommisjonar og truleg ulike fraksjonar.

Det overordna biletet viser derfor ein samansett politisk maktstruktur og kompliserte liner som bestemmer. Det opnar for at andre aktørar kan påverke avgjerder, anten desse «andre» er afghanarar som vil verne om verdiar som no er truga, eller land som meiner internasjonalt samarbeid sjølv under krevjande forhold kan gje resultat.

Talibanleiinga har denne veka gjeve viktige signal om moderasjon og toleranse når det gjeld kvinner og minoritetar. Taliban har også signalisert ynske om internasjonal anerkjenning, og at dei lyttar.

Då dei militære styrkane til Taliban nærma seg Kabul, sirkulerte Noreg og Estland eit resolusjonsutkast i Tryggingsrådet i FN som i sterke ordlag åtvara Taliban mot å ta Kabul med makt. I Doha gav den amerikanske utsendingen, Zalmay Khalilzad, same bodskapen. Det blei tydelegvis oppfatta.

Samarbeid

Eit bistandsengasjement vil ikkje bli lett. Begge sider vil krevje prinsippfastleik om kva rettar betyr, og kva vilkår som skal gjelde for samarbeidet. Men erfaringane frå førre talibanperiode viser at samarbeid er mogleg sjølv under svært vanskelege forhold.

Bistandsorganisasjonar møt­te den gong mange restriksjonar, skiftande reglar og ein god del uvisse, men også ei smidig og fleksibel haldning, til dømes med tanke på heimeskule for jenter.

Den største avgrensinga var ikkje restriksjonar frå Taliban, men haldninga til gjevarlanda. FN-organisasjonane vedtok i 1999 eit «strategisk rammeverk» som la stramme reglar for bistand til Afghanistan. Bistand skulle vere «prinsippfast» med omsyn til menneskerettane og andre internasjonale rettsnormer. Humanitær bistand var tillate, men utviklingshjelp var i gråsona, og støtte til institusjons- og kapasitetsbygging var uaktuelt.

Den «prinsippfaste bistanden» skapte store problem for bistandsorganisasjonar som meinte at behovet for hjelp etter mange år med krig var viktigare enn politisk press, spesielt frå USA, for å isolere Taliban. Dei strekte prinsipp og utnytta alle smetthol.

Den fiendtlege ramma omkring bistanden gjorde likevel at Taliban vart meir mistenksam mot den ikkje-muslimske verda og eit FN-system som vedtok stadig strengare sanksjonar mot dei. Internt styrkte det dei ytterleggåande fraksjonane i rørsla.

Her ligg nokre lærdommar for situasjonen i dag. Sanksjonar, truslar og isolering utanfrå vil forsterke ytterleggåande fraksjonar i Taliban og føre til mistenksame og fiendtlege haldningar både mot både eige folk og mot omverda.

Astri Suhrke

Astri Suhrke er seniorforskar ved Chr. Michelsens Institutt og fast kommentator i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Erfaringane frå førre talibanperiode viser at samarbeid er mogleg sjølv under svært vanskelege forhold.

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis