JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Ta oss på alvor, ikkje på rumpa

Kvinner i byggebransjen er mangelvare. Vi kan ynske oss fleire, men bør byrje med å ta vare på dei vi har.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I byggperioden til Det nye nasjonalmuseet har kvinnelege lærlingar måtta leve med at doveggar og heisar har vorte nedskribla med sjikane.

Foto: Carina Johansen / NTB

5693
20200925
5693
20200925

For ein liten månad sidan byrja fleire jenter enn nokon gong tidlegare på vidaregåande utdanningar som munnar ut i mannsdominerte yrke. Aldri før har så mange jenter og kvinner gått på byggfag, elektrofag og industri- og prosessfag.

Likevel er dei ein forsvinnande liten del av elevtalet. Det er også i kvardagen dei vil måtte leve med ute i arbeidslivet: På norske byggeplassar er berre 8 prosent av arbeidstakarane kvinner, og berre 2 prosent har fagbrev. Dei få som er der, og ikkje minst dei nye som byrjar no, bør vi ta særs godt vare på – og vi har ein jobb å gjere for å få det til.

Gløymde metoo

Framtida treng fagarbeidarar. Om vi held fram som vi gjer no, med til dømes å rekruttere dei frå berre halvparten av folket, kan vi kome til å mangle 100.000 fagarbeidarar i 2035.

Men det er ikkje berre fordi dei er sårt naudsynte, vi skal ta godt vare på dei: «Alle» er samde i at fleire kvinner i byggebransjen er ein god ting. Mangfald er bra for arbeidsmiljøet, og kvinner bør ha same rett som menn til å velje yrke etter interesse og ikkje etter kjønn. I alle fall er det tilsynelatande slik. Røynda er ei anna.

Metoo nådde aldri skikkeleg fram i byggebransjen. Mellom anna difor kjenner vi ikkje omfanget av seksuell trakassering på norske byggeplassar. Til Bygg.no fortalde lærlingen «Ida» i sommar om seksuell trakassering på fleire byggeplassar der ho har jobba som lærling. Trakasseringa vart handtert ved å omplassere henne. Vi veit at det nye Nasjonalmuseet har vore ein byggeplass der alt frå doveggar til finerplater og heisar har vore nedskribla med sjikane.

Vi veit det er heilt vanleg at kvinnelege lærlingar får beskjed om å halde ein låg profil og for all del ikkje stikke seg fram, at dette er einaste strategi for å overleve. Frå ein mastergrad i organisasjon og leiing frå 2017 med tittelen «Kvinner og fagarbeid – en minoritet på byggeplassen?» veit vi at kvinner kan trivast, men dei gjer det ved å innordne seg alt frå manglande garderobe til «overdreven oppmerksomhet og guttehumor». Dei overlever fordi dei står i det. I driten, bokstavleg tala: Det kanskje uskuldige, men likevel å, så fornedrande dritpreiket.

Er det godt nok? Er det greitt? Er det noko du ville ha sendt den femten, seksten, sytten år gamle dotter di inn i? Eller, for den del, akseptert for deg sjølv, dag ut og dag inn, år etter år?

Ikkje for tungt

I ein bransje der 92 prosent av arbeidstakarane er menn, er det ikkje rart at kulturen ber preg av kjønnsubalanse. At menn pratar som menn gjer seg imellom, er like naturleg som at kvinner gjer det. Men vi bør kunne forvente at ein klarar å kontrollere seg, slik at vakse prat (ja, for det er vaksne folk som ikkje klarar å late vere å skrive nedsettande om kvinner på doveggar, i heisar og på tilfeldige finerplater på byggeplassane) på ein offentleg stad (som ein arbeidsplass er) ikkje trakkar på eller vanvørder andre.

Det er éin ting. Men eit arbeidsliv som er til å leve – ikkje berre overleve – med, handlar ikkje berre om fråvær av seksuell trakassering. Det burde vere eit minimumskrav – og så må vi byrje å bygge respekt.

Du kan òg bidra, for ukulturen stikk djupt i oss. Truleg meiner du det berre godt når du spør om dette arbeidet ikkje er «litt tungt for ei kvinne», eller rett og slett tilbyr deg å hjelpe. Men har du tenkt over kva du eigentleg spør om?

For det fyrste er du ikkje særleg original. Kvinnelege handverkarar får for tungt-spørsmålet heile tida. På kvar jobb dei kjem til, risikerer dei altså å måtte forsvare at dei er fysisk sterke nok til å utføre han på ein forsvarleg måte. Slitsamt – og unødvendig.

For det andre stiller du spørsmål ved om vedkommande i det heile klarer jobben sin. Ein jobb ho mest truleg (få vert tvinga inn i fagutdanna yrke i Noreg i dag) har valt heilt frivillig, gjerne brenn for og kjenner godt nok til å vite at meistring handlar om mykje meir enn fysisk styrke.

Ta deg eit sekund

Vil vi bidra, kan vi gjere det med å bruke eit lite sekund ekstra på å tenke oss om: Ville eg sagt det same dersom handverkaren var ein mann? Om svaret er nei, kan vi i dei aller fleste høve halde kjeft.

Målet bør vere at det ikkje er kjønnet ditt som bestemmer om du ber om hjelp når du treng det. Det finst kvinner som sluttar i handverksyrke fordi arbeidet er for tungt – og det finst menn som gjer det same. Ofte handlar det i begge tilfelle om manglande tilrettelegging: Ingen har godt av å jobbe på maksimal styrke heile dagen – verken dei som tek 120 kilo i benken eller dei som berre tek stonga.

Blomar med piggar

Det har vore delt ut mange virtuelle blomar det siste halvåret. Om eg skulle dele ute ein slik, måtte eg hatt 2364 av han – ein til kvar av alle unge kvinner som byrja skuleåret sitt på bygg og anlegg, elektrofag eller industriell produksjon for ein liten månad sidan. Den blomen måtte ha vore ein kaktus, og med i kvar gåve skulle det vere eit par boksehanskar.

For jenter, den tunge sanninga er at de kjem til å trenge både piggar og slagkraft. De er pionerar, og de kjem til å måtte slåst. For dykk sjølve, for å få utføre arbeidet dykkar og verte vurderte i det på eit fagleg, ukjønna grunnlag, i mange år enno. Det er urettvist. Men lat oss håpe de gjer det for komande generasjonar med kvinnelege handverkarar. Det de skaper, bygger, koplar og teiknar, kjem heile Noreg til gode, og det er det ikkje alle som kan skryte av etter ein vanleg dag på jobben.

Siri Helle

Siri Helle er journalist og forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For jenter, den tunge sanninga er at de kjem til å trenge både piggar og slagkraft.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis