JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Spora peikar mot Putin

WASHINGTON DC: Avsløringa av at Vladimir Putin personleg gav ordre til russisk etterretning om å blande seg inn i den amerikanske valkampen i fjor, kan kaste lange skuggar over aust-vest-tilhøvet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Obama åtvara Putin personleg då dei to møtte kvarandre i Kina i byrjinga av september. Åtvaringa tok Putin tydelegvis ikkje alvorleg. Til høgre verten, Xi Jinping.

Foto: Pablo Martinez Monsivais/AP/NTB scanpix

5453
20170630
5453
20170630

Det er ikkje så ofte at ei avis og éin einskilt avisartikkel fullstendig tek over den politiske dagsordenen i ei supermakt gjennom fleire dagar. Det skjedde for ei veke sidan her i USA: Då prenta Washington Post ein artikkel om kva som hende då russisk etterretning blanda seg inn i det amerikanske presidentvalet førre hausten.

Tidleg i august i fjor kom det ei pakke med dokument til Det kvite huset i Washington DC, kunne Washington Post fortelje. Papira, som hadde CIA som avsendar, var så sensitive at berre fire namngjevne personar i Obama-administrasjonen fekk sjå dei før dei blei destruerte. Kva ein kunne lese, var at president Vladimir Putin personleg hadde gjeve ordre om å sette i verk ein operasjon for å øydeleggje valkampen til Hillary Clinton. Målet var at Donald Trump skulle bli valt til president i USA.

Utover hausten fekk ein sjå operasjonen utfalde seg. Systematisk blei det leke dokument frå det demokratiske partiet som stilte Hillary Clinton i eit dårleg ljos. Dessutan kan det sjå ut til at russisk etterretning sysla med planar om å trengje seg inn i datasystema som styrer sjølve presidentvalet. Ikkje noko tyder på at ei einaste stemme verkeleg blei flytta på, men berre planar om å sabotere valet var nok til at alarmklokkene ringde i Washington.

Kva med truverdet?

No er det nokre dagar sidan artikkelen har stått på prent i Washington Post, og ein kan stille spørsmålet: Kor truverdig er han? Svaret er at me neppe nokon gong vil få klåre prov på alt som stod i artikkelen, og avisa skriv då også at ho held einskilde opplysningar borte for ikkje å kompromittere kjeldene. Frå ulike hald er det kome fråsegner som stadfester viktige deler av det som stod på prent. Washington Post kunne eit par dagar etter avsløringa sitere ei anonym kjelde tett på Obama som sa at det var ingenting han hadde vanskelegare for å forsvare enn måten denne saka blei handsama på. «Eg kjende det slik at me alle blei lamma», sa han til avisa.

Det fremste provet på at hovudpoenga i artikkelen er riktige, er nok likevel at ingen i det svære etterretningsmiljøet i USA i ettertid har hevda at Washington Post tek feil. At avisa skal setje eksistensen sin på spel ved å sende ut ein lygnaktig artikkel med så mykje sprengstoff, verkar dessutan lite sannsynleg.

Det aller meste tyder altså på at Washington Post gjennom godt journalistisk arbeid og ved hjelp av gode kjelder innanfor etterretningsmiljøet i USA har avdekka den rolla som Putin personleg spelte i valkampen i USA i fjor. For prestisjen til Vladimir Putin og for det amerikansk-russiske tilhøvet i framtida varslar dette dårleg. Stormakter kan vere usamde om mykje, men har normalt ei form for vørdnad for kvarandre. I Washington er det no ei djup kjensle av at russarane – på direkte ordre frå Kreml – har brote spelereglane.

Om Putin ikkje kjem godt ut av avsløringa i Washington Post, så gjer heller ikkje Barack Obama det. Som den allereie siterte anonyme tenestemannen peika på, var det ei kjensle av rådløyse som rådde i Det kvite huset då CIA kom med opplysningane sine. For det fyrste var ein jo på den tida – i byrjinga av august – sikre på at Hillary Clinton skulle vinne valet, og difor var det ikkje så viktig å gjere noko. Dessutan ville ikkje Obama gå så hardt ut at det kunne sjå ut som han gav urettvis støtte til Clinton, slik at valsigeren hennar kom i eit dårleg ljos.

Enden på visa var at Obama-administrasjonen nesten ikkje gjorde noko som helst. Obama åtvara rett nok Putin personleg då dei to møtte kvarandre i Kina i byrjinga av september. Åtvaringa tok Putin tydelegvis ikkje alvorleg. Han hugsa jo frå striden rundt dei kjemiske våpna til Assad-regimet i 2012 at dei såkalla raude strekane til Obama ikkje var så raude, når alt kom til alt. Då Obama endeleg i desember kasta ut 35 russarar frå USA, var det for seint. Donald Trump vart vald til president 8. november.

Lite ære att

Når det gjeld Trump, var han gjennom heile hausten 2016 og våren 2017 oppteken med å ta avstand frå påstandane om russisk innblanding i det amerikanske presidentvalet. I valdebatten med Hillary Clinton 26. september freista han å le det heile bort: «(Clinton) seier Russland, Russland, Russland, men eg gjer det ikkje. Kanskje det var det. Eg meiner, det kunne vere Russland, men det kunne også vere Kina. Det kunne vere mange andre folk. Det kunne også vere nokon som sit på senga si som veg 200 kilo, ok?» Så, etter avsløringa i Washington Post for ei veke sidan, gjekk Trump ut og skulda Obama for at han i fjor haust ikkje gjorde noko for å stogge den russiske undergravinga. No har vel ikkje Trump så mykje ære att å tape, men det er tydeleg at den sittande amerikanske presidenten ikkje hugsar særleg godt kva han seier frå gong til gong.

Er det så nokon som kjem godt frå avsløringa til Washington Post? Det er sjølvsagt blitt notert her i USA at CIA ser ut til å ha ei kjelde heilt inne i Putins administrasjon. At ei etterretningsteneste klarer å infiltrere dei nærmaste sirklane til ein statsleiar av Putins kaliber, er ein eintydig triumf, sett frå ein profesjonell ståstad.

Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om Putin ikkje kjem godt ut av avsløringa i

Washington Post, så gjer heller ikkje Obama det.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis