JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Skandalar innpakka i skandalar

Libyaaksjonen i 2011 var sausa inn i svindel, korrupsjon og lovbrot.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5425
20180601
5425
20180601

Våren i Frankrike har vore prega av dei suksessive avsløringane av hopehavet mellom Nicolas Sarkozy og Muammar al-Gaddafi – og dei mange forgreiningane venene og administrasjonane deira skapte i eit omfattande nettverk. Som eit soppåtak på statsbygningen, har somme sagt: Du ser dei velkjende formene, men anar ikkje kva som breier seg av uhyggje under yta.

Samanroting

Dei siste omfattande offentleg­­gjer­ingane stod fjernsynskanalen France 2 for, 22. mai, i programmet Cash Investigations. Journalisten Nicolas Vescovacci hadde då arbeidd i fleire år for å finne andre vitne enn dei kjende, og få ut dokument frå ulike kjelder. Han omtalar «mappa» på Sarkozy-gjengen som ei «blekksprutmappe», med vitnemål om grundig samanroting av statlege omsyn, personlege interesser, mange små griske hender og ein serie store koffertar med kontantar i. Mellom dei sentrale vitna i programmet var ein av Gaddafis nære tryggingsmedarbeidarar, som hadde handtert til saman 57 millionar euro til fordeling særleg kringom i Frankrike.

France 2-reporterane har granska spor etter medarbeidarar av Sarkozy i Afrika, især Sør-Afrika, Libanon og elles i Midtausten, på bustadmarknaden i Paris og i industriavtalar. Ei mengd detaljar kom i den sjokkerande boka to journalistar i Mediapart kom med hausten 2017. Fabrice Arfi og Karl Laske tok til å jobbe med saka etter at Gaddafi i 2011 rasande hadde kravd å få igjen pengane sine frå Frankrike. Han hadde skjøna stoda slik at han hadde kjøpt seg gode avtalar: Han skulle mellom anna kjøpe våpen og prioritere Frankrike i oljeverksemda, i tillegg til at Sarkozy hadde fått støtte på fem millionar direkte til valkampen sin i 2007.

Granskingane til Arfi og Laske kom i Avec les compliments du Guide. Sarkozy-Kadhafi, l’histoire secrète (Paris, Fayard 2017, «Med helsingar (eller: gratulasjonar) frå Føraren. Sarkozy-Gaddafi, den løynde soga»). Le Guide des Croyants, tittelen Gaddafi tok seg, tyder både førar og rettleiar (for dei truande). Men sidan storparten av Vesten meinte Gaddafi sjølv var aldeles villfaren etter terroråtaket mot eit fly over Lockerbie i Skottland i 1988, var Libya i det minste offisielt svært isolert. Arfi og Laske syner korleis affærane mellom Sarkozy og Gaddafi har opphav i tiltak frå president Jacques Chirac tidleg på 2000-talet. Løynde kanalar kom då til for å forhandle fram løysingar for at Frankrike skulle kome til libyiske ressursar. Dørene var såleis alt låste opp då Sarkozy reiste på vitjing til Libya. Lykelhaldaren vart ein Ziad Takieddine. Denne mellommannen laga personlege og statlege avtalar med ei mengd franske toppolitikarar og byråkratar og vart omgangsven med mange av dei.

I strid med lova

Eitt er at dei fem millionane euro som Sarkozy fekk – i fleire koffertutbetalingar på ulike hotellrom til ulike medarbeidarar – er heilt i strid med fransk lov om finansiering av valkampar. Men i same venda vart fleire directeurs de cabinet (administrasjonssjefar for president- og fleire ministerkontor) innblanda, såleis den kjende Claude Guéant, sidan minister i fleire departement. I 2016 vart det avslørt at han hadde fått midlar frå Libya til å kjøpe ei stor leilegheit like ved Triumfbogen, midlane kom liksom frå sal av to hollandske marinemåleri frå 1500-talet – som Guéant aldri hadde ått og ikkje kunne gjere greie for, utanom at han hadde forfalska ei rekkje dokument.

Slike soger er det flust av, og fleire av aktørane har måtta tole etterforsking, andre «berre» djupe fall i politisk estime, det går òg inn i det intellektuelle rommet med enkelte mediekjendisar. Mest kvar veke kjem nye avsløringar. Arfi, Laske og andre finn det klårt prova at svært mange hadde god nytte av at Gaddafi vart drepen i 2011. Det offentlege spelet tok flinke mediemanipulatorar som filosofen Bernard-Henri Lévy seg av, medan diplomatkorps og andre krefter tok for seg Obama-regjeringa.

Fiktive opplysningar

Sjølve oppstarten av krigen har alt britiske parlamentarikarar fått granska, og dei har funne at han bygde på fiktive etterretningsopplysningar. Dei, og andre, har også analysert resultata av krigen: ein veldig framgang for IS, for islamistar allment, men framfor alt at leigesoldatane til Gaddafi (mest tuaregane) har vandra nedover i Sentral-Afrika. Med tunge våpen har dei destabilisert store delar av regionen, og både i dei lovlause områda av Libya og andre stader der regjeringa ikkje lenger har kontroll, går det føre seg omfattande narkotransport, men òg opplæring av terroristar.

Eitt er då det historiske spørsmålet: Gjekk Frankrike og andre vestmakter til krig mot Libya for å slette gjelda og fjerne prova på korrupsjon på høgste hald i Frankrike? Men utfordrande er òg: Kva kan no nyepresidenten Macron gjere for å hindre at denne tradisjonen held fram, især sidan han arbeider hardt for å byggje ein allianse med åtte land i Nordvest-Afrika? Og endeleg: Burde vi ikkje snart få den granskinga om kvifor naive politikarar i Noreg godtok å vere med på bombeaksjonane på eit så vaklande grunnlag – særleg sidan nett Jens Stoltenberg var ei drivande kraft i å få Noreg med?

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjølve oppstarten av krigen har alt britiske parlamentarikarar fått granska, og dei har funne at han bygde på fiktive etterretningsopplysningar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis