JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Særnorsk internasjonalisering

Få universitet i Europa er så internasjonale som dei norske. Dei to siste åra er 70–80 prosent av alle nytilsette ved HF på Universitetet i Oslo utlendingar. Men er vi vortne så internasjonale at vi ikkje lenger gjev rom for eigne, norske forskartalent?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6100
20210924
6100
20210924

Debatt om universitetspolitikk er nesten eit årleg ritual. No sist har eit innlegg av leiaren for Akademisk skrivesenter ved Universitetet i Oslo, Ingerid Straume, vekt ordskifte. Ho meiner det er for få offentlege intellektuelle i Noreg. Det har ført til eit nytt ordskifte om internasjonalisering av norsk akademia.

Dei seinaste åra har om lag halvparten av dei nytilsette i vitskaplege stillingar ved Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo hatt utanlandsk bakgrunn, og i dei siste to har talet vore på mellom 70 og 80 prosent. Det melde leiinga ved HF i sumar.

Det er eit svært høgt tal om det syner ei allmenn utvikling. I 2018 hadde 29 prosent av det faglege personalet ved norske forskingsinstitusjonar utanlandsk bakgrunn, melde Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) i 2020. Dette er over dobbelt så mange som i 2007. 80 prosent av desse var såkalla mobile forskarar med høg utdanning frå utlandet. Det er desse akademikarane denne kommentaren handlar om. Størsteparten av dei er tyskarar, deretter kjem svenskar og kinesarar.

Det er verdt å kaste eit blikk attende i tid for å forstå denne utviklinga.

«Innavl og kameraderi»

«Innavl og kameraderi ved Universitetet», var tittelen på ein kronikk av Ingunn Økland i Aftenposten i 2005. Ho meinte Universitetet i Oslo låg så langt unna internasjonalisering som mogeleg. «Unge forskere som ønsker fast stilling gjør kanskje klokest i å oppholde seg minst mulig i utlandet», skreiv ho og gav døme på tilsetjingsprosessar der interne, stundom underkvalifiserte, søkjarar gjekk framfor kvalifiserte søkjarar frå utlandet.

Kommentaren til Økland kom ikkje på eit tilfeldig tidspunkt. Akkurat då stod norske universitet framfor ein periode med omfattande nyrekruttering – for fyrste gong sidan 1970-åra. I løpet av dei næraste fem åra ville heile 450 medarbeidarar gå av for aldersgrensa.

Korleis gjekk det så dei påfylgjande åra? I 2005 fanst det berre eit lite tal utlendingar innanfor humaniora- og samfunnsfag. Ei vandring gjennom korridorane ved universitetet i dag viser utanlandske namn ved nærast annakvar dør. Men det er sjølvsagt ikkje slik at 450 stillingar vart fylte med utanlandske kandidatar. Mange stillingar er nedlagde, andre er omgjorde, og så bortetter.

Proteksjonisme

«Det UiO trenger aller mest, er hva mange fagmiljøer frykter fremfor noe: Europeiske tilstander med økt konkurranse og profesjonalisering», heitte det i 2005.

Men er europeiske universitet så opne for utlendingar som ein skulle tru? Eg gjorde eit raskt søk gjennom humaniora ved nederlandske universitet. Der har brorparten av dei tilsette nederlandske namn. Her finst ein og annan tyskar og amerikanar, men når det finst utlendingar, er det som regel tale om belgiarar som jobbar i Nederland; dei har jo kulturen og språket sams.

Faktisk er europeiske universitet atterhaldsame med å ta inn utlendingar. Det botnar i den beinharde konkurransen om stillingar i land der det har vore nedskjeringar, og dessutan ei større vektlegging av det heimlege språket og kulturen. Men situasjonen har òg vekt debatt; i Belgia har flamske universitet vorte kalla «proteksjonistiske».

Den unike norske satsinga på internasjonalisering skulle kanskje tyde på at universiteta våre steig på internasjonale rangeringar. Men Universitetet i Oslo ligg som nummer 102 på QS World University Ranking. I 2004 var det på om lag same posisjon, plass nummer 101. I mellomtida har plasseringa stige og dala, men stort sett halde seg i same område.

Norske talent

Men viktigast er ikkje slike rangeringar. Vi må ikkje gløyme ei enkel sanning: Universiteta våre blir gjennom skatten finansierte av det norske folket. Dei er der også for norske innbyggjarar, som kunnskapsbankar og for opplysning. Dessverre gjev ikkje formidling til ålmenta utteljing gjennom det såkalla teljekantsystemet.

I dag finst det utanlandske forskarar i Noreg som samlar publikasjonspoeng gjennom internasjonal publisering på engelsk. Ein del av dei vil nok gjera seg attraktive for prestisjeuniversitet i USA eller for universitet i heimlandet – dei er med rette kalla mobile forskarar. Og på hi side finst det forskarar som gjer store formidlingsarbeid utan å få utteljing.

Det står ofte i kontrakten deira at dei skal lære seg norsk innan tre år etter tilsetjinga, om dei ikkje talar eit skandinavisk språk frå før. Det finst sjølvsagt utlendingar som lærer seg høveleg norsk, men det finst òg historier om utanlandske tilsette som ikkje tek del i undervisning og sensurarbeid fordi arbeidsspråket er norsk. Og omvendt: nordmenn som kvir seg for å tala engelsk. Samtidig høyrer eg historier om utlendingar som søkjer seg til europeiske universitet, men ikkje får jobb fordi dei har aksent.

Men vi må lyfte blikket og tenkje prinsipielt. Skal vi få fram «offentlege intellektuelle», som vi byrja denne saka med, så trengst det eit større lyft. Teljekantsystemet må oppdaterast. Formidlingsarbeid på norsk bør då koma inn som ein aktivitet som gjev poeng. Og det bør stillast krav til kunnskap i eit skandinavisk språk ved tilsetjing.

Sist, men ikkje minst er denne situasjonen uheldig for norske forskingstalent. Kva signal sender det når institusjonen du studerer ved, knapt rekrutterer frå eigne rekkjer? Tanken bak er god nok: Noreg gjer til røyndom idealet om res publica literaria, eit intellektuelt samfunn der tenkjarar kan møtast uavhengig av nasjonalt opphav. Men det er naiv idealisme så lenge vi i praksis er dei einaste i Europa som lever opp til det. I mellomtida risikerer norske talent å møte stengde dører både i Noreg og ved europeiske universitet.

Ronny Spaans

Ronny Spaans er fyrsteamanuensis i norsk ved Nord universitet. Han underviser òg i nederlandsk ved Universitetet i Oslo.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Formidlingsarbeid på norsk bør då koma inn som ein aktivitet som gjev poeng.

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis