Kommentar

Saman – eller kvar for seg?

Det er ikkje vanskeleg å få sympati for katalanarane. Likevel bør me ikkje støtta arbeidet for ein eigen katalansk stat.

Publisert Sist oppdatert

Under den spanske borgarkrigen leia Lluis Companys den autonome regjeringa i Catalonia – Generalitat de Catalunya. Då den spanske republikken braut saman i 1939, flykta han saman med mange andre Franco-motstandarar til Frankrike.

På forsommaren 1940 braut dei tyske nazistane gjennom dei franske forsvarsverka. Alt i august 1940 blei Companys arrestert i Nantes. Rett etterpå blei han levert ut til Franco-Spania. Den 15. oktober 1940 klokka halv sju om morgonen blei han avretta i Montjulc-festninga i Barcelona.

Lluis Companys og andre forkjemparar for katalansk sjølvstyre var blant dei fremste hatobjekta til Francisco Franco, mannen som var spansk diktator frå 1939 og heilt til han døydde ei mørk novembernatt i året 1975. Av falangistane blei katalanarane sett på som sjølve personifiseringa av trugsmålet mot den spanske staten. Difor meinte Franco at Lluis Companys fortente å bli skoten i 1940.

Med andre ord har det ikkje mangla heltar i den katalanske historia. Heilt sidan tidleg mellomalder, då områda kring Barcelona mykje tidlegare enn andre delar av den iberiske halvøya kom seg laus frå dei muslimske erobrarane, har det vore ei kjensle blant katalanarane at dei ikkje høyrer til Spania. Til ein viss grad har dei hatt rett: Katalansk er eit språk ganske ulikt det kastiljanske riksspråket. Provinsen har gjennom fleire hundreår høyrt til andre herskarar enn dei som har regjert frå Madrid. Dessutan er det ikkje til å koma forbi at mange i Catalonia meiner at dei har ein annan mentalitet enn i resten av Spania.

Når ein så, som sist helg, får sjå at det spanske statspolitiet går laus på fredelege borgarar som ikkje gjer noko anna enn å putta ei stemme inn i ei urne, er det lett å få sympati for katalanarane. Politivald gjer seg aldri bra, særleg ikkje når politiet går laus på eit vallokale.

Grunnlova

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement