JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Religionskritikk i mangfaldssamfunnet

Vegen til krenking vert kort når grunnlaget for religionskritikk vert svekt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5931
20201211
5931
20201211

Lytt til artikkelen:

I debatten etter drapet på læraren Samuel Paty har det vore gjentatt som eit mantra: Religionskritikk er eit gode, og noko alle ønskjer. Sjølv Islamnets eigen vekkingspredikant, Fahad Qureshi, fremja at muslimar må tole religionskritikk.

Samstundes er det god grunn til å spørje kva religionskritikk er i eit samfunn som vert stadig meir prega av komplekst mangfald. Dette gjeld ikkje minst i skulen, der anerkjenninga av mangfaldet er alfa og omega. Med nye læreplanar vert no historisk kunnskap om ulike religionar, og dermed grunnlaget for religionskritikk, svekt.

Kva vert rekna som legitim kritikk i mangfaldssamfunnet? NRKs religionskritiske satsing Brennpunkt: Guds utvalde no i haust, som tok for seg moderne kristne sekter, var med rette oppteken av viktige tema som tek utgangspunkt i menneskerettar: sosial kontroll og ekskludering, økonomisk snusk, indoktrinering av born og kontroll på seksualitet.

Sanning og løgn

Samstundes var det òg eit anna spørsmål eg festa meg ved. Det vart ikkje stilt av NRK, men av ein litt tvilande Smiths-ven som reflekterte over sitt eige trussamfunn: «Er det eigentleg sant?» Spørsmålet hans var ei interessant påminning. For sjølvsagt burde det vere relevant å spørje om noko er sanning eller løgn. Er det sant at moderne kristne sekter, som venene på Brunstad, mormonarane eller Jehovas vitne, har del i særskilte openberringar frå Gud? Eller, vil eg spørje, er dette ei vrangførestilling som kan forklarast ved å gå inn i historia til desse sektene?

Klassisk kritikk

Den klassiske religionskritikken, spørsmålet om sanning og løgn, er ikkje noko vi driv med i eit samfunn som har definert seg som livssynsope, med ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk. Her er ikkje sanningsspørsmålet relevant så lenge religionane fylgjer norsk lov og menneskerettane. Her granskar vi berre det som står på spel: likestilling, homofile rettar og einskapsskule.

Viss vi går til ei anna tid, då religionane ikkje var privatiserte fritidssyslar som kunne setjast på vent av ein pandemi, var det derimot sanninga som stod på spel. I mellomalderen, til dømes, stod den kristne verda midt i islamsk ekspansjon, og mange fekk sanningsspørsmålet på overveldande vis i fanget.

Ein av dei var dominikanarmunken Riccoldo di Monte Croce. I 1291 opplevde han at siste rest av det kristne kongedømmet i Levanten vart erobra. Han var djupt fortvila fordi han ikkje kunne forstå kva som no var planen med historia. Var det meininga at han skulle forlate kristendommen og verte muslim? Kunne det vere sant, det «sarasenarane» sa, at Jesus var ein av profetane deira?

Spørsmåla til Riccoldo var presserande for mange av dei kristne tenkarane i mellomalderen. Enkelte konkluderte med at Gud føretrekte islam, og vart difor muslimar. Andre tolka islam som vranglære eller som ein av fiendane som var skildra i skrifta.

Sjølv sette Riccoldo seg inn i Koranen for å undersøke om det som stod der, var sanning eller løgn. To hundreår seinare vart korankritikken til Riccoldo omsett av Martin Luther, og etter kvart inspirerte leseprinsippa hans for koranen også den historiske kritikken av Bibelen som har prega bibelvitskapen dei siste hundreåra. I den kristne tradisjonen leidde bibelkritikken vidare til eit historisk blikk på religion, der det å problematisere religiøse autoritetar og dogme har vore viktig. Her var Luther sjølv ein forløpar då han kritiserte paven for å vere meir opptatt av eigen buk enn av Kristi bodskap. I ein protestantisk kultur har vi fått religionskritikk inn med morsmjølka – inntil no.

Teologisk kritikk

Samstundes veit vi at spørsmålet om sanning har starta mange religionskrigar. Difor kan det vere gode grunnar til den tilnærminga det norske samfunnet – og skulen – har lagt seg på no, der kvar vert salig i si tru, og der menneskerettane har erstatta religionens plass som verdigrunnlag.

Likevel gjer altså religionar – på ulike vis – krav på ei eksklusiv sanning. Mange stader i verda, som til dømes i Pakistan, legitimerer denne «sanninga» vald mot fråfalne, konvertittar, annleis truande og kritikarar, og difor er kritikk av den interne logikken, teologien, framleis naudsynt.

Det mange sekulære kritikarar ikkje skjønar, er kor viktig nettopp teologien er for verdssyn og organisering av samfunnet, og – difor – at den beste religionskritikken er den teologiske kritikken.

Sjølv om spørsmålet om sanning ikkje vert stilt lenger, er det framleis mogleg å spørje kva konsekvensar teologien har for menneskesyn, individ og samfunn, og kva plass fornufta har i trua. Og framleis er ei historisk tilnærming til religion ein konstruktiv veg inn til spørsmålet om sanning, slik det altså har vore i fleire hundre år, fordi ein forstår korleis religion – og sanning – nettopp har ei historie.

Religion som fenomen

Men viss religionskritikk er så viktig som alle seier, er det absurd at det er nett denne kunnskapen, den historiske, som vert svekt i skulen i dag. Med dei nye læreplanane vert historisk kunnskap om ulike religionar erstatta av ei samtidsorientert tilnærming til religion som eit fenomen med ulike uttrykk. Alle religiøse tradisjonar og alt religiøst mangfald får lik verdi. Ulike tradisjonar er berre ulike uttrykk for fenomenet religion. Det som skjer i skulen no, er at det kritiske potensialet til humaniora vert erstatta med terapeutiske idear om anerkjenning. Då er det vel ikkje rart om vegen til å kjenne på krenking vert kort? Eller at kritikk vert tolka som «islamofobi»? Eller at dei som veks opp, ikkje veit kva religionskritikk er?

Eivor Oftestad Andersen

Eivor Oftestad Andersen er førsteamanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskulen i Innlandet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dersom religionskritikk er så viktig som alle seier, er det absurd at det er nett denne kunn­skapen, den historiske, som vert svekt i skulen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis