Kommentar

Putin vinn fotballfinalen

Når finalen i fotball-VM er slutt sundag, står éin mann att som klår vinnar. Namnet hans er Vladimir Putin.

Publisert

Det byrja for alvor med sommar-OL for universitetsstudentar i 2013 i Kazan. Så heldt det fram med vinter-OL i Sotsji i 2014. Den neste store turneringa har me sett no denne sommaren: Elleve byar over heile Russland har vore vertskap for fotball-VM. Neste år arrangerer Russland vinter-OL for studentar. Og så bortetter.

Ingen må tru at dette er tilfeldig. Rekkja av påkosta idrettsarrangement er del av sjølve hovudstrategien til Putin-regimet: Russland skal gjenreisast som samfunn, som stat og ikkje minst som ein viktig internasjonal aktør. Til det føremålet passar dei store tilskipingane som hand i hanske.

Eigentleg er dette noko ein har kunna sjå heilt sidan nyttårsaftan 1999, då Boris Jeltsin gav atomkofferten over til den då nokså ukjende Vladimir Putin. Frå å ha vore leia av ein etter kvart nokså forfylla Jeltsin sat no russarane og høyrde på ein ung mann med stålblå augo som fortalde at han ville gjera alt som stod i hans makt for å halda Russland saman. Rett etterpå gjekk han laus på dei mest opplagde problemområda: Fyrst var det krigen i Tsjetsjenia. Deretter kom turen til ei presse som ofte framstilte røyndomen på ein måte Putin ikkje likte. Det tredje han gjekk laus på, var oligarkar som trudde dei kunne handla på tvers av makthavarane. Etter tre–fire år ved makta hadde Putin, slik han såg det, løyst desse problema.

Statsbyggjande fase

Midt på 00-talet gjekk så Putin over til det han sjølv såg på som den statsbyggjande fasen. Russland skulle bli ein stat i den internasjonale eliteklassa, og då måtte ein kvitta seg med arven frå siste del av Sovjet-tida og Jeltsin-epoken. Alle som var i Russland på den tida, kunne sjå at folkehelsa var dårleg: Alkoholisme var ein folkesjukdom, levealderen var låg, fødselstala katastrofale, og den fysiske forma til born, ungdom og vaksne var dårleg.

Eitt av tiltaka Putin lanserte, var å fremja idrett. I skulen tok han til orde for å føra inn att det som i Sovjet-tida heitte GTO, det vil seia «klar til arbeid og forsvar». Dette programmet tek sikte på å betra den fysiske forma spesielt til ungdomen. Ved sida av å fremja folkehelsa har GTO naturlegvis også eit militært siktemål. I tillegg var det trong for eit program for toppidrett, ikkje minst for å skapa store russiske idrettsheltar. Det er her OL, fotball-VM og dei mange andre store tilskipingane kjem inn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement