JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Putin i fotefara til tsarane

Russland har alltid vore ei stormakt som vil forsvara seg sjølv så langt unna eigne grenser som mogleg.
Før Vesten godtek dette, vil tilhøvet til Russland vera dårleg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5619
20180413
5619
20180413

Den 1. mars i år, sytten dagar før han blei valt til ein ny seksårsperiode som president, heldt Vladimir Putin ein tale. Der kom han med ei ytring som kan stå som ei oppsummering av heile karrieren hans:

«Tidlegare ville ingen snakka med oss. Ingen ville høyra på oss. Høyr på oss no!»

Før han kom med desse orda, hadde han synt fram ein heilt ny generasjon våpen. Våpena hadde to ting til felles: Dei var langt meir effektive enn noko av det Russland har hatt tidlegare, og dei kunne slå til kor som helst på jordkloden.

Det var ikkje tvil om at Putin synte fram desse våpena med stor glede. Minst like stor var entusiasmen hos tilskodarane – sjølve toppeliten i det russiske samfunnet. Alle i salen, inkluderte patriark Kirill frå den russiske kyrkja, såg ut til å meina at svaret på Russlands problem er fleire, større og meir dødelege våpen.

Ser ein på politikaren Vladimir Putin, var det som hende denne fyrste marsdagen i året 2018 heilt ut logisk: Nyttårskvelden 1999, då han tok til som fungerande president i Russland, var målsetjinga i fyrste omgangen å berga einskapen i den russiske statsdanninga. Han greidde det.

Tryggingskonferansen i München i 2007 markerte den neste etappen. Russland var då kome ut av den økonomiske krisa landet hadde vore i heilt sidan 1980-åra. På konferansen heldt Putin ein toretale der han gjorde klårt at det var slutt på at ein kunne sjå på Russland som ein nullitet i verdspolitikken. «Om de ikkje høyrer på oss, går det ille», var bodskapen hans, med klår adresse til dei vestlege landa.

Trygga kjernelandet

Kva det no handla om, var det i Putins augo å sikra den ytre tryggleiken til det russiske kjernelandet, det landet som ligg mellom St. Petersburg i vest og Uralfjella i aust. Dette har vore ein konstant faktor i all russisk politikk sidan tatarane og mongolane blei slegne attende på 1400–1500-talet. Russland har heilt frå Ivan den grufulle (1530–1584) vore fullt ut i stand til å knusa alle stammefolk på dei kalde steppene i aust.

Men i vest og sør har ein hatt farlege potensielle fiendar. Desse fiendane var teknologisk, økonomisk og – store delar av tida – militært overlegne. Skulle ein forsvara det russiske kjernelandet, måtte ein gjera det så langt unna som mogleg. Difor var kontrollen med Polen, Ukraina og Baltikum så viktig både for Aleksander I (1801–1825) og for Stalin.

Russland i dag er mindre enn imperiet til Aleksander I og Josef Stalin. Men Putin tenkjer grunnleggjande på same måten: Ein må syta for at dei tidlegare sovjetiske republikkane – truleg med eit unnatak av Baltikum, som ein ser på som tapt – ikkje går over til fienden, det vil seia Nato. I åra før 2008 var den tidlegare sovjetrepublikken Georgia under leiing av president Mikheil Saakasjvili i ferd med å gli mot Vesten. Denne utviklinga blei stogga då Russland gjekk til krig i 2008. Etter 2008 har Russland i røynda hatt eit militært nakketak på Georgia.

I 2011/12 var Ukraina i ferd med å gå same vegen, mot vest. Landet blei angripe av Russland, og tre provinsar, Krim, Donetsk og Luhansk, blei erobra av Russland. Slik sett blei òg Ukraina-krigen ein suksess.

Samstundes har Putin smidd alliansar med antivestlege land utanfor den gamle sovjetiske maktsfæren. Samarbeidet med Assad-regimet i Syria og presteregimet i Iran er kome i stand, utan omsyn til at desse regima har ein prestisje i verda som ligg på nivå med hyenar og slangar.

Putin har også lagt mykje arbeid i å byggja eit tett tilhøve til Kina. Kvart år sidan 2012 har Kina og Russland gjennomført militære marineøvingar saman, sist sumar i Austersjøen. Bodskapen har vore klår: I Aust-Asia har Russland stødd det kinesiske synet på Sør-Kina-havet som eit kinesisk innhav. Til gjengjeld har Kina stødd dei russiske maktkrava i Midtausten og i Europa.

Den gongen Sovjetunionen eksisterte, gjekk det føre seg ein hissig debatt mellom vestlege sovjetologar om Kreml førte ein grunnleggjande offensiv eller defensiv utanrikspolitikk. Ingen av partane vann debatten. Spørsmålet var nemleg umogeleg å svara på, den gongen som i dag. For dei som fell inn under Kremls kontroll utan å vilja det, ser politikken ut til å vera offensiv, anten ein var polakk i 1950 eller ukrainar i 2018. For Putin handlar det om eit defensivt forsvar mot Vesten, og då lengst mogleg unna murane til Kreml.

Eit nytt Jalta?

Likevel er dette ikkje den framgangsmåten Putin ville ha føretrekt, om han hadde fått velja. Aller helst ville nok Putin ha gjort opp interessekonflikten mellom Russland og Vesten ved at det blei kalla saman til ein ny Jalta-konferanse. Då kunne han ha sete saman med statsleiarar frå vest og aust, og dei kunne ha blitt samde om kor grensene for den vestlege, den russiske og den kinesiske maktsfæren skulle ha gått. Endeleg vil Russland då for fyrste gongen etter 1991 ha blitt sett på som ei likeverdig stormakt til USA.

Problemet er at ingen vestlege land vil bli med på noko som liknar på eit nytt Jalta. Ein trudde etter 1991 at kvar stat og nasjon skulle vera fri til å velja kva slags innan- og utanrikspolitikk han skulle føra. Så lenge ein meiner dette i Vesten, og så lenge det er mogleg at gamle sovjetrepublikkar vil slutta seg til EU og Nato, vil den nye kalde krigen halda fram.

Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Aller helst ville nok Putin ha gjort opp interessekonflikten mellom Russland og Vesten ved at det blei kalla saman til ein ny Jalta-konferanse.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis