Nye spelereglar i Middelhavet
Nasjonalistleiarane utfordrar eit EU utan innvandringsplan, og lagar nye alliansar.
Drama på fleire plan har utvikla seg i kjølvatnet av redningsskipet «Aquarius», lasta med flyktningar som ingen lét til å vilje ta imot.
Foto: Antonio Parrinello/Reuters/NTB scanpix
«Aquarius» hugsar mange frå syttitalsmusikalen «Hair», songen om koss kjærleiken skal styre stjernene og Vassmannen vinne over all ulukke. Difor vart det i 2015 namnet på eit skip ått av den tysk-franske organisasjonen SOS Mediterranée; det dreg ikring i Middelhavet og plukkar opp båtflyktningar.
Sist helg tok dei opp 629 slike, av desse hundre born. Italia nekta «Aquarius» å leggje til hamn og bad dei om å fare til Libya i staden; Malta fylgde etter med å nekte å ta imot skipet. Eit drama på fleire plan utvikla seg raskt og synte nye krakeleringar i EUs innvandringspolitikk, men òg nye konstellasjonar mellom nye aktørar.
Innanriksministeren i Italia, Matteo Salvini, er generalsekretær for Lega Nord, eit sterkt høgreorientert, føderalistisk parti. Lega vil lausrive Nord-Italia frå resten av landet, og gje det nye landet namnet Padania. Partiet vann, saman med Femstjernersrørsla, valet på to hovudsaker: å melde Italia ut av euroen og å stoppe innvandringa.
Salvini levde opp til éin av lovnadene denne veka, og til omtalen av han som «demagogo da quattro soldi», billeg folketalar. Han har før kalla SOS Méditerranée, som vart skipa under immigrantkrisa i 2015, for «ei taxiteneste for uønskte innvandrarar». Andre i partiet hans har omtala skipet «Aquarius» som «invasjonens spydodd». Ei nemning som òg har spreidd seg i Frankrike.
Svar på tiltale
Det er mytisk tale når folk hevdar at Frankrike er nedrent av immigrantar. Ingen er like påpasselege med å halde grensekontrollar og utvise ikkje-asylantar – med unnatak av Ungarn, der regjeringa no jublar over ei ny haldning i Italia. Så då Macron tidleg tysdag morgon skulda den nye italienske regjeringa for å vere umenneskeleg og minte om at alle har plikt til å hjelpe folk på sjøen, fekk han straks svar på tiltale.
Salvini dundra laus: «Slik talar mannen som vel å sjå ein annan veg, som har gløymt sine gamle lovnader, i den grad at han kastar flyktningar attende over vår vestgrense og tvingar dei til å søkje ly i stakkars Vintimille!» Sant nok, kystbyen på Rivieraen, kloss opp i den fransk-italienske grensa, med sine under 27.000 fastbuande, har dei siste åra hatt store vanskar med å ta seg av immigrantar og flyktningar som samlar seg opp der grunna avvisingane frå Frankrike.
Den franske statsministeren Éduard Philippe mumla så om ei alleuropeisk løysing. Dermed vart for fyrste gong Macrons krav om reformer i EU til vilkår for at Frankrike tek imot båtflyktningar. Hastig la Macron til at «dersom båtflyktningane var ved vår kyst, ville vi teke imot dei med ein gong!».
Der og då flytta dramaet i Middelhavet over på eit heilt anna politisk plan. For på ettermiddagen tysdag kom det melding om at Le Conseil Exécutif (leiinga for Regionalrådet) på Korsika hadde hatt møte, og dei tilbaud seg i humanitetens namn å ta imot ein del av flyktningane, om resten gjekk til Spania. Dei har jo slik kyst som den franske presidenten hadde gløymt at dei har.
Frankrikes Catalonia
Korsika er Frankrikes Catalonia, med sterke separatistgrupper. I regionalvalet 10. desember 2017 vann nasjonalistane stort. Alliansen som no styrer Korsika, Pè a Corsica (For Korsika), er danna av separatistane Femua a Corsica (Lat oss skape Korsika) og Corsica Libre (Frie Korsika). Dei vann med 45 prosent i fyrste valrunde, og siglde inn siste valdagen med 52,6 prosent.
Den korsikanske regionalregjeringa har relativ autonomi og rett til å gjere slikt vedtak. Men i same stund viste dei at dei har ein ny taktikk for lausriving. Når dei korsikanske leiarane vender seg med hjelp til Italia og utmyntar eigen politikk saman med dei overfor EU og Frankrike, blir nokre band brotne og andre knytte.
Det vart ikkje kveld eingong før regjeringa på Malta, der ein òg har streva fælt og fått lite hjelp med båtflyktningane, opna Valletta-hamna for «Aquarius», men berre for forsyningar. Samstundes forkynte den italienske regjeringa at dei stilte med hjelpeskip for å få «Aquarius»-flyktningane til Korsika og spanske Valencia, så SOS Méditerranée ikkje måtte bere alle kostnader sjølve. Salvini var då meir oppteken med nye alliansar enn med kritikken av SOS Mediterranée. Det vil ikkje seie at Korsika og Spania tek imot alle flyktningar i all framtid. Men Korsika og tre land står i denne saka saman mot EU – i humanitetens namn.
Byggjer ny allianse
Den utkropne Matteo Salvini snudde såleis ei humanitær krise og endra spelereglane. Han er i ferd med å byggje nye alliansar mot dei store maktene i EU. For meg ser det ut som vi har vore vitne til at Spania, Malta, Korsika og Italia er på veg til ein storfraksjon i EU, heia på av Ungarn og andre. På to dagar vart det danna ein allianse, som andre kan slutte seg til. At Spania og Korsika deler på vel 600 flyktningar (og Korsika vil få statsstøtte til dette), er liten pris for stor vinning. Såleis kvitterer truleg nasjonalistane i Italia med å støtte sjølvstendestrevet til Korsika.
Episoden syner at flyktning- og innvandringspolitikken er overlag viktig for framtida til EU, og det handlar ikkje om blødande hjarto. Om ikkje EU-landa, særskilt Frankrike og Tyskland, no utmyntar ein samlande innvandringspolitikk for EU, kan den nye sørlege alliansen i Middelhavet, med støtte av andre randstatar i EU, gjere at EU sprekk.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

For meg ser det ut til at vi har vore vitne til at
Spania, Malta, Korsika og Italia er på veg til ein
storfraksjon i EU, heia på av Ungarn og andre.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Historieforvanskingar
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.