JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Norsk jordbruk kjem ikkje
alltid fyrst

Når Noreg ikkje bør inngå ein frihandelsavtale med Mercosur, er det ikkje fyrst og fremst av omsyn til norske bønder.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5323
20180504
5323
20180504

Sidan i fjor har norske styresmakter, via EFTA, tinga om ein frihandelsavtale med Brasil, Argentina, Uruguay og Paraguay – òg kjende som Mercosur-landa.

Tingingane har fått for lite merksemd. Utover eit par oppslag i Klassekampen er landbrukspressa den einaste som har funne plass til saka. Det er sjølvsagt vanskeleg å skrive om noko vi veit lite om – tingingane er jo løynde – men det er likevel lett å gjette kva marknadstilgang Mercour-landa fyrst og fremst vil krevje: Dei vil selje landbruksvarer.

Difor er det ikkje rart at aktørane i norsk landbruk er blant dei få som prøver å snakke høgt om temaet. Mercosur-landa produserer så mykje mat at dei kan dekkje Noregs forbruk av storfekjøt 29 gonger – og det til ein brøkdel av prisen norske bønder tek. Då vert sjølvsagt norsk bondestand uroa.

Kor djup kritikk?

Som eit ledd i denne uroa publiserte paraplyorganisasjonen Norsk Landbrukssamvirke nyleg ei sak med tittelen «Fire grunner til å være skeptisk til en handelsavtale med Mercosur». Argumenta er kjende: Sidan norsk jordbruk er meir klimavenleg og nyttar mindre medisinar i dyrehaldet, bør vi ikkje auke importen av mat frå utlandet. Vi mister kontroll over kva vi et, og bønder står i fare for å miste marknaden.

Greitt nok, vi kan vere samde. Men er dette verkeleg hovudargumenta for å vere kritisk til ein frihandelsavtale med Mercosur? Og kor djupt stikk eigentleg kritikken av det søramerikanske jordbruket?

Røyndommen er jo at norsk jordbruk er heilt avhengig av at Mercosur-landa produserer så billege landbruksprodukt. Slik produksjonen går føre seg i dag, hadde vi ikkje hatt norsk kylling eller egg utan billeg mais og soya frå Brasil, og monaleg mykje mindre og dyrare mjølkeprodukt og storfe- og svinekjøt. Sjølv utmarksnæringa sau ville verte råka.

Hovudet ut av navlen

Tek næringa dette innover seg? Knappast. Dette er ikkje primært ei «landbrukssak», men «en utvikling som kan true produksjon av trygg mat på norske ressurser, næringsmiddelindustrien og bosetting i distriktene», seier leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes til Klassekampen – og puttar med det hovudet rett inn i eigen navle.

For hovudproblemet med måten norsk jordbruk argumenterer mot frihandelsavtalen på, er det store fråværet: aksept for kollegaer i landa vi handlar med.

Om mengda hormon, plantevernmiddel og antibiotika brukt i matproduksjonen i desse landa er så høg at restverdiane går ut over mattryggleiken i Noreg, er det ikkje truleg at problemet er monaleg mykje større hjå bøndene som jobbar med produkta i fyrste ledd? Ville det ikkje vore naturleg å syne bitte litt solidaritet i dette høvet, i staden for stadig å dytte seg sjølv fyrst?

Hovudproblemet med auka import av storfekjøt, mais, soyabønner og mjølkeprodukt frå Brasil og Argentina er ikkje at vi nordmenn risikerer å få i oss bitte litt meir plantevernmiddel eller antibiotikarestar. Det er at brasilianske og argentinske småbønder mister høvet til å produsere mat til seg sjølve.

Soya til norske mjølkekyr går ikkje berre ut over bruken av norske beiteressursar. Det går minst like mykje ut over sjølvforsyningsgraden i Brasil. Den brasilianske delstaten Mato Grosso produserer brorparten av soyabønnene til norsk dyre- og fiskefôr, men innbyggjarane der må hente 80 prosent av maten dei sjølve et, utanfrå. Di betre forhold agroindustrien har for eksport, di vanskelegare vert det for det vesle familiebruket å konkurrere om retten til jorda og avlinga som vert hausta der.

Kvesser stridsøksa

95 prosent av nordmenn meiner vi skal ha matproduksjon i Noreg. Det gjer norsk jordbruk til ei særs sterk merkevare. Ho har ikkje vore gratis: Alle dei talrike bondeorganisasjonane og -samvirka har jobba målmedvite for å bygge opp forteljinga om den vesle, hardføre bonden som slåst mot den store verda. Norske bønder har stått saman for tollvern og andre høge murar mot resten av verda.

Kanskje er det på tide å kvesse stridsøksa: Kampen står ikkje mot alle utanlandske bønder. Han står for retten til å produsere sin eigen mat. Og den kampen er, tru det heller ei, kliss lik på norsk og på paraguayansk eller brasiliansk landsbygd.

Norske bønder kjempar for retten til å produsere mat med utgangspunkt i eiga jord, eigne ressursar og til ein pris dei kan leve av. Er det for mykje forlangt å forvente at dei skal ta inn over seg at bønder i andre land har dei same utfordringane?

Nei. Rett og slett fordi jordbruket har alt å tene på å anerkjenne at dei ikkje er aleine i verda. Å produsere mat som best vi kan på norske ressursar, er ikkje berre eit ansvar vi tek for resten av verda – det inneber òg at denne restverda får gjere det same for seg sjølv.

Den beste måten bøndene kan syne motstand mot ein frihandelsavtale med Mercosur-landa på, er med andre ord å gjere seg mest mogleg uavhengig av importerte fôrråvarer. Vi har utmarksbeite å ta av. Om det aukar prisen på norsk kjøt, får vi heller ete litt mindre av det. Det tek vi ikkje skade av – og billegbiff frå Brasil er i alle høve ikkje godt for nokon.

Siri Helle er agronom, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kampen står ikkje mot alle utanlandske bønder. Han står for retten til å produsere sin eigen mat.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis