Kommentar
Muslimar og vestlege – heilt einige?
Er det slik at kløfta mange har trudd eksisterer mellom muslimar og folk i Vesten, mest byggjer på mistydingar og fordommar? Ei ny norsk bok hevdar det.
Dei aller fleste muslimar i Noreg stør norske verdiar. Dei vil ha demokrati og likestilling mellom kjønna. Fleirtalet meiner til og med at dei muslimske landa ville bli betre stader å leva på dersom dei tok etter ideala til den ikkje-muslimske staten Noreg.
Dette er – for mange – dei noko overraskande resultata som samfunnsdebattanten og legen Bushra Ishaq presenterer i ei bok som kom ut denne veka. Boka har tittelen Hvem snakker for oss, med undertittelen Muslimer i dagens Norge – hvem er de og hva mener de? Skal ein tru forfattaren, er det slik at det ikkje eksisterer noka uoverstigeleg kløft mellom islamske og vestlege verdiar. Muslimar flest vil det same som majoritetsbefolkninga; dei vil leva i fredelege samfunn, sende borna på skule og elles ha eit godt tilhøve til naboen sin.
Rett nok finst det muslimar som vil noko anna: 2 prosent av muslimane i undersøkinga meiner det er i orden at ein drep sivile for å nå politiske mål. Men dette er ikkje særleg alarmerande, meiner forfattaren. I den norske normalbefolkninga er det faktisk 8 prosent som meiner det same. Altså er muslimar i Noreg gjennomgåande meir fredelege enn etniske nordmenn, antyder ho.
Boka og ikkje minst funna til Bushra Ishaq vekte oppsikt. Det var ikkje meir enn naturleg: Til no har me ikkje visst noko særleg om kva muslimar i Noreg meiner, og her kom det endeleg ei undersøking.
Så kan ein spørja om undersøkinga til Bushra Ishaq speglar røyndomen, eller om undersøkinga speglar ynska til forfattaren. Ho legg sjølv ikkje skjul på at det var vanskeleg å samla inn svara på dei 10.000 skjemaa som blei sende ut til muslimar i Noreg. Så få skjema kom attende at forfattaren lova alle som svara, eit gåvekort på 500 kroner (sic). Til slutt fekk ho svar frå 845 personar, det vil seie færre enn kvar tiande.
Kor problemet ligg
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.