JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Militærmakta vender tilbake

Bruken av militærmakt for å løyse konfliktar er aldri blitt borte.
Men dei siste få åra er militærmakt blitt mykje viktigare.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5381
20170421
5381
20170421

Tida frå slutten av Vietnam-krigen til om lag midt i det andre tiåret ut i det 21. hundreåret var ein eineståande epoke: I stadig mindre grad blei militærmakt nytta.

Ikkje minst gjaldt dette for USA. Vietnamkrigen førte til at militærmakt i vide krinsar blei sett på som illegitimt. Under presidentane Carter, Reagan, Bush og Clinton blei militærmakt stort sett brukt til humanitære intervensjonar i mindre land der ikkje andre stormakter hadde vitale interesser. Militærmakt var ikkje lyst i bann, men blei berre nytta i avgrensa grad.

Så kom George W. Bush og prosjektet hans for å byggje eit vestleg demokrati i Irak. Freistnaden var så katastrofal at den neste presidenten, Barack Obama, fekk som sin fremste programpost at militærmakt skulle bli brukt i så liten mon som mogleg.

I Europa var dette endå meir tydeleg: Etter at Sovjetunionen braut saman, nytta dei gamle europeiske stormaktene høvet til ei radikal nedbygging av heile militærmakta. Tyskland – landet som tradisjonelt blei sett på som eit bolverk for militarisme – blei, etter at 1968-generasjonen tok over, prega av pasifistiske førestillingar. Framtida skulle tuftast på internasjonalt samarbeid, felles tryggleik, frihandel og fri rørsle over landegrensene. Den nye europeiske statsskipnaden, EU, skulle helst berre bruke mjuk, ikkje-militær makt.

Når europearane på 1990-talet såg utover verda, fekk dei stadfest framtidsvisjonen om ei verd utan militærmakt: I Moskva sat eit regime som ynskte å bli ein del av Vesten. Noko av det same gjaldt for Kina, som etter at Mao Zedong døydde i 1976, var oppteke med å byggje opp økonomien. Bortsett frå ein kort krig mot Vietnam i 1979, som i Kina går under kodenamnet «Det defensive motåtaket mot Vietnam» (sic!), har Kina ikkje tatt i bruk militærmakt mot utanlandske fiendar på to generasjonar.

Autoritær kapitalisme

Dei siste åra har biletet endra seg. Trugsmål om bruk av makt eller einsidig bruk av makt er igjen blitt avgjerande i det internasjonale samkvemmet. Årsakene kan vere mange, men framtidas historikarar vil mest sannsynleg sjå det i samband med den svekka vestlege innverknaden utanfor eige område. Den politiske og økonomiske modellen til Vesten – det liberale demokratiet – er ikkje blitt einerådande og verdsomfattande, slik Francis Fukuyama såg for seg då han skreiv boka om historias slutt i 1992. I staden for å bli innlemma i den liberale verdsordninga utvikla Russland og Kina heilt nye modellar for autoritær kapitalisme.

Etter 2000 synte både den kinesiske og den russiske modellen seg ganske livskraftig. Det er denne bygginga av alternative modellar til Vesten som Russland og Kina no er i ferd med å veksle inn i form av meir makt. Korkje Russland eller Kina ser ut til å ha ambisjonar om å bli globale stormakter. Men Russland har som målsetting å trengje Vesten ut av tidlegare sovjetisk territorium. Kina ynskjer på si side å presse USA ut av Aust-Asia, klårt og eintydig.

I tillegg har det dukka opp eit fenomen som ingen kunne sjå for seg for berre 25 år sidan, nemleg den ekspansive islamismen. Denne ismen kjem i ei saudiarabisk, ei iransk og ei IS/Al-Qaida-utgåve. Dei ulike utgåvene ligg i kontinuerlig krig med kvarandre, men er også eit problem for Vesten, både på grunn av den store islamske innvandringa og fordi Europa og Midtausten ligg så nær kvarandre.

Ingen konsensus

Korleis skal Vesten svare på utfordringa frå høvesvis Russland, Kina og den islamske fundamentalismen? I den politiske eliten i Vest-Europa og USA har det til no ikkje vore nokon konsensus om dette. For ein del heng dette saman med den utviklinga Vesten har vore inne i sidan byrjinga av 2000-talet. Blant politikarar og veljarar er det ei kjensle av krise som fylgje av avindustrialisering, arbeidsløyse, aukande gjeld, innvandring og islamsk terrorisme. Korleis ein skal handtere desse problema, er kva den politiske striden handlar om.

Det blir hevda at det einaste ein kan lære av historia, er at ein ikkje kan lære noko av historia. Denne påstanden er berre delvis riktig. Ein nokså bastant lærdom er at når det oppstår ei stode der statar som ynskjer å endre status quo, faktisk har makt til det, då oppstår det ein situasjon med mindre stabilitet.

Då Donald Trump blei vald til president i fjor haust, lova han at USA skulle tenkje meir på seg sjølv og mindre på verda ikring. Mindre enn 100 dagar ut i presidentperioden har han bomba den næraste allierte til Russland – Syria – og brukt ei ny superbombe i Afghanistan. Dessutan har han truga med militær konfrontasjon med Nord-Korea, ei kjernevåpenmakt alliert med Kina.

Me ser, med andre ord, ei supermakt som freistar å demme opp for to konkurrerande makter som gjer forsøk på å endre status quo. Slik har stormakter tedd seg gjennom heile historia, men i vår tid med masseøydeleggingsvåpen er sjølvsagt faren for katastrofe større enn nokon gong.

Den som ikkje har fylgt med på utviklinga, er Europa (og Noreg), som framleis har trua på at mjuk makt er tilstrekkeleg. I ei tid der alle andre aktørar har teke hard makt i bruk, kan det syne seg å være ei grov feilvurdering.

Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Korkje Russland eller Kina ser ut til å ha ambisjonar om å bli globale stormakter.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis