Kommentar
Lærdom frå ein tørkesommar
Eventuelle krisepakkar til landbruket bør ikkje brukast til å halde fram som før.
Berre for å slå fast éin ting med det same: Sjeldan har eg vore så glad for at eg ikkje har gard, som i sommar. Kor alvorleg ein slik tørkesommar er for dei som er økonomisk avhengige av vêret, skal ikkje undervurderast.
Men når det er sagt, nærmar det seg haust og tid for ettertanke. Kva kan vi lære? Er løysinga så lett som meir pengar, slik krisepakken som bondeorganisasjonane og Senterpartiet ber om, i stor grad legg opp til? Og ikkje minst: Kva bør vi gjere for å vere betre rusta neste gong? For til skilnad frå mange problem vi elles har føre oss, kan vi vanskeleg møte dette med: «Kva bør vi gjere for å unngå at det skjer igjen?»
Sjølvsagt er det heilt riktig når Audun Lysbakken ropar i sommaravisene at klimaendringane er her no, og at vi treng ein meir ambisiøs klimapolitikk. Like sjølvsagt er det at matproduksjon er så viktig kvar einaste dag at vi ikkje kan vente på at denne politikken vert gjennomført. Og uansett kor god klimapolitikken blir, kjem ikkje vêret til å vere nett det same kvar sommar.
Berg deg sjølv
Den tørre sommaren har synt oss at sjølvberging ikkje er noko vi kan vente med til ei eventuell «krise». Sjølvberging er ikkje noko vi kan plukke opp av hatten når vi treng det, men noko vi må halde i hevd kvar einaste dag.
Sjølvberging i Noreg handlar i stor grad om gras og andre fôrvekstar. Det handlar om gras på innmark som vert slått og i størst mogleg grad bør sparast til vinterfôr, og det handlar om gras, lyng, urter og kratt på utmark som i all mogleg grad bør nyttast som beite nett no om sommaren. Sjølvberging i Noreg handlar altså om å ha dyr, gardbrukarar, driftssystem og stønadssystem som kan gjere seg nytte av beitevekstane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.