JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Lagnadsval
i viktig land

Tyrkia er ein av dei viktigaste statane i vår del av verda. Difor var valet der sist helg så fatalt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5266
20180629
5266
20180629

Ein kan lesa ein klår fasit ut av det kombinerte president- og parlamentsvalet i Tyrkia: Recep Tayyip Erdogan, mannen som dei siste få åra har sett mange tusen politiske meiningsmotstandarar i fengsel, som har stansa den frie pressa og monopolisert den offentlege meiningsdanninga, vann med god margin.

Sett frå ein demokratisk synsstad var tala frå valnatta dystre. Endå meir dystert blir det når ein ser på det som skjedde før valet: For eit drygt år sidan blei avgjerande endringar i den tyrkiske grunnlova vedtekne ved ei folkerøysting. No er desse endringane sette ut i livet. Skulle presidenten dei neste fem åra få problem med parlamentet – noko som neppe skjer – kan han styra gjennom dekret. Frå før har domstolane synt seg som hans reiskapar. Med andre ord er Tyrkia i ferd med å få berre éin samfunnsinstitusjon med makt. Den institusjonen heiter Recep Tayyip Erdogan.

Det som skjer, hadde ikkje vore så ille om ikkje Tyrkia var ein viktig stat: Etter hundreårsskiftet har landet utvikla ein økonomi som er blant dei 20 største i verda. I det austlege Middelhavet er Tyrkia ei sterk militærmakt. Tyrkia sit dessutan på løysinga til det europeiske flyktningproblemet, og landet kan når som helst skapa nytt kaos i EU om ein lèt ein million eller to frå Midtausten få fri passasje mot vest.

Imperiemakta

Viktigast er det likevel at Tyrkia er ei leiande makt i den muslimske verda. Då Samuel P. Huntington for meir enn to tiår sidan skreiv den vidgjetne boka Clash of Civilisations and the Remaking of World Order, slo han fast at utviklinga i Tyrkia var avgjerande for heile den muslimske sivilisasjonen. I fleire hundre år hadde Tyrkia vore sjølve imperiemakta i Midtausten, og for mange muslimar var det naturleg å sjå til Tyrkia for leiarskap. På den tida då Huntington skreiv, var Tyrkia i ferd med å bli meir likt Europa. No er Tyrkia i ferd med å bli meir likt dei ikkje-demokratiske, såkalla autokratiske statane i Sentral-Asia, i Russland og i Midtausten. Om Tyrkia går endå lenger i ikkje-demokratisk retning, om landet blir endå meir antivestleg og samstundes ei endå sterkare leiarmakt i den muslimske verda, kan det heile utvikla seg mot noko som liknar ein katastrofe.

Ei slik utvikling har vore tydeleg lenge: I Syria har tyrkiske militære det siste året gått til åtak på den kurdiske militsen, den einaste verkeleg provestlege aktøren i det krigsherja landet. Det som avteiknar seg, er ein antivestleg allianse der Russland, Tyrkia, Iran og Kina er dei sentrale aktørane. Frå Balkan i vest til Aust-Kina-havet i aust, frå Ishavet i nord og langt inn i Midtausten i sør har denne alliansen potensial til å verta eit solid antidemokratisk bolverk.

Paradoks

At dette skjer, er eit paradoks, ettersom Tyrkia heilt sidan 1952 har vore medlem av Nato. Som medlem av Nato skulle Tyrkia, i alle fall i teorien, støtta opp under demokratiet og vestlege verdiar. I dei fleste etterkrigsåra forstod alle at Tyrkia ikkje var noko demokrati, men ein håpa at landet kunne bli det ein gong i framtida. Viktigare enn demokratiet var det å hindra ein krig mellom tyrkarar og grekarar, og slik tente medlemskapen i Nato føremålet sitt. Dessutan var det godt å ha den tyrkiske hæren ståande på sørflanken til Sovjetunionen.

I dag er Nato utsett for sterke påkjenningar, ikkje minst fordi det sit ein president i Washington DC som nok helst såg at alliansen ikkje eksisterte, i alle fall ikkje i den forma han har. Problemet Donald Trump kan likevel visa seg å vera lite samanlikna med Recep Tayyip Erdogan. At det viktigaste Nato-landet i det austlege Middelhavet har ein antidemokratisk leiar, som aktivt går mot vestlege interesser i Syria, og som stadig oftare opptrer saman med sjølvherskarane i Russland, Iran og Kina, er eit kriseteikn for alliansen og for heile den vestlege fellesskapen. Det er vanskeleg å sjå ein annan utgang av denne krisa enn at Tyrkia anten forlèt eller blir kasta ut av Nato. Alliansen kan neppe halda på sjølvrespekten sin og samstundes ha Tyrkia som medlem.

Den tyrkiske diasporaen

Utgangen på det heile kan neppe bli noko anna enn ei endå djupare konflikt mellom Tyrkia og Vesten. I dette spelet kan det godt henda at den store tyrkiske diasporaen i Europa blir ei viktig brikke. Både i folkerøystinga i 2017 og under presidentvalet no i juni såg ein at makthavarane i Ankara freista å utnytta dei mange millionane utanlandstyrkarar for å få røystene deira og for å fremja synspunkta til Erdogan-regimet.

Også her var resultata nedslåande: I landa der det bur store tyrkiske mindretal, og/eller der ein har hatt ein politikk for å la innvandrarar halda på sin eigen kultur, der var støtta til Erdogan sterk. I Belgia røysta 75 prosent av eksiltyrkarane for Erdogan. I Tyskland var talet 65 prosent og i Noreg 56 prosent. I USA var det berre 17 prosent.

Tyrkia kjem til å bli ståande høgt på saklista, både for Nato og for det internasjonale samfunnet. Kanskje òg for dei som steller med integrasjon i Noreg.

Halvor Tjønn er journalist og forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det er vanskeleg å sjå ein annan utgang av denne krisa enn at Tyrkia anten forlèt eller blir kasta ut av Nato.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis