Krig med personsøkjarar i folkerettsleg gråsone
Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda.
Gravfølgjet for Mohammad Mahdi Ammar og Abbas Fadel Yassin, båe drepne av eksploderande personsøkjarar i Beirut. Ammar er son til ein framståande medlem av Hizbollah-rørsla.
Foto: Mohamed Azakir / Reuters / NTB
Eit kraftig åtak skaka hjartet av den libanesiske militante organisasjonen Hizbollah tysdag 17. september. Personsøkjarar som Hizbollah nyleg hadde skaffa, eksploderte samstundes. Åtaket råka hjartet av kommandostrukturen til Hizbollah, som nytta personsøkjarane for å sleppe unna etterretningsinnsamlingsmetodane til Israel og allierte.
Både mobiltelefoni og annan digital informasjon er eksponert for svært avansert etterretningsavlytting. Personsøkjarar er «steinalderteknologi» frå 1990-åra som derimot går under radaren. Hizbollah nytta personsøkjarane for å sørgje for kommunikasjon utan geolokalisering, fordi det lett resulterer i åtak frå israelske dronar eller missil. Personsøkjaråtaket øydela derfor truleg sentrale delar av det militære kommunikasjonssystemet til Hizbollah.
3000 minibomber
Like under 3000 personsøkjarar skal ha motteke beskjedar som har utløyst eksplosjonar. Taiwan-produserte Gold Appollo-personsøkjarar kan ha vore fylte med små mengder eksplosiv, som vart utløyste av ei spesiell melding som vart send rundt til alle telefonane samstundes. Kvar personsøkjar vart då gjord om til ei berbar og skjult fjernstyrt bombe (ei slags improvisert antipersonellmine). Ei anna løysing er at personsøkjarane var utstyrte med malware, og at ei melding gjorde at dei vart så varme at dei eksploderte. Om dette siste var tilfellet, vil åtaket kunne klassifiserast som eit cyberåtak.
Minst elleve er drepne, inkludert ei lita jente, og fleire tusen skal vere skadde. Tilstanden til rundt 200 skal vere kritisk. Hovudvekta av eksplosjonane skjedde i kjerneområdet til Hizbollah i Sør-Libanon, bydelen Dahiyeh i Beirut og i Bekaadalen. Det er uvisst kor mange sivile som er råka, men både helsepersonell og iranske diplomatar skal ha vore utstyrte med Hizbollah-personsøkjarar.
Informasjonsministeren i Libanon, Ziad Makary, har knytt åtaket til Israel. Staten Israel og den libanesiske ikkje-statlege militære organisasjonen Hizbollah har vore i væpna konflikt sidan 8. oktober 2023, då Hizbollah-fraksjonar gjekk til åtak på Israel. Dette er hovudkonflikten på Israels «nordre front» etter 7. oktober.
Krigen går føre seg i to land, men ikkje mellom to land. Derfor er det ein såkalla ikkje-internasjonal væpna konflikt. Han vert òg rekna som ein lågintensitetskonflikt, sjølv om fleirfaldige tusen missil, droneåtak og rakettåtak har vorte retta frå kvar kant dei siste elleve månadene, og enorme område har vorte sette i brann. Rundt 430 Hizbollah-medlemmer og minst 133 sivile har mista livet i Libanon sidan oktober i fjor. Tala på israelsk side er 19 soldatar og 24 sivile drepne.
Eskalering
Når konflikten likevel vert omtala som lite intens, er årsaka at det er eit stort potensial for eskalering her. Hizbollah, som hevdar å ha 100.000 stridsdyktige menn og truleg rundt 150.000 missil, dronar og rakettar, utgjer ein formidabel militær trussel for Israel. Difor er dette òg ein heilt annan type konflikt enn Israels krig mot palestinarane på Gaza og Vestbreidda.
Personsøkjaråtaket er (truleg) ein del av den pågåande Israel–Hizbollah-konflikten, og åtaket må derfor vere lovleg under folkerettens reglar for strid. Det er altså humanitærretten som gjeld, sjølv om åtaket kan framstå til forveksling lik sabotasje eller terroråtak. Og etter desse reglane er det særlig tre vurderingar som vil avgjere om personsøkjaråtaket er lovleg.
Åtaket må rette seg mot militær infrastruktur, altså eit militært mål. Personsøkjarane vart òg nytta av sivile, og av helsepersonell med immunitet. Hovudbruken var likevel militær. At personsøkjarane òg tente sivile, gjer dei til såkalla fleirbruksinfrastruktur (både militær og sivil). Det inneber ikkje at personsøkjarane ikkje kan øydeleggast. Dei er framleis militære mål. Spørsmålet vil vere om dei påreknelege sivile følgjeskadane er proporsjonale. (Eg kjem straks attende til dette.)
Alle våpen nytta i krig må vere lovlege. For å vere lovleg må eit våpen evne å verte retta berre mot militære mål, og ikkje i same slengen mot sivile. Her fell åtaket i ei gråsone. Om åtaket er eit cyberåtak, vil det truleg vere innanfor. Dersom Hizbollah distribuerer personsøkjarar som skal unndra geolokasjon også til sivile, er åtak ein risiko Hizbollah vel å eksponere sine sivile for. Var det derimot eksplosiv, er det meir problematisk.
Her vil det vere Israel som vel å plassere eksplosiv som vil gå av på ei rekkje stader som Israel i liten grad vil ha kontroll med. Dei som har kontroll (Hizbollah), vil på si side ikkje vere klare over at dette er fjernstyrte bomber. Dermed kollapsar ansvaret for forholdsreglar for sivile både i åtak (Israel) og i forsvar (Hizbollah). Dersom det er tale om eksplosiv, vil personsøkjarane truleg vere eit krigsmiddel som ikkje er lovleg nytta på denne måten.
Slik er det òg regulert i ein traktat som Israel er tilslutta, og som gjeld i denne konflikten. Etter konvensjonen for konvensjonelle våpen, andre protokoll, artikkel 7.2, er det forbode å nytte eksplosiv i militær infrastruktur dersom ingen veit at det er eit våpen. Til dømes legg forsvarsdepartementet i USA til grunn at plassering av eksplosiv i militære walkietalkiar vil vere forbode etter denne traktaten. Militære personsøkjarar må truleg handsamast på same vis. Om det er lovleg, vil då avhenge av dei tekniske detaljane.
Skadde sivile
Ei svært problematisk side ved personsøkjarangrepet er dei mange sivile følgjeskadane. Åtaket er berre lovleg om dei påreknelege sivile skadane er proporsjonale med den direkte og konkrete militære fordelen åtaket gjev. Om det er eksplosiv i personsøkjarar, vil det altså vere nær umogeleg å føresjå kva som er påreknelege sivile følgjeskadar.
Cyberåtak vil vere mindre problematisk. På den andre sida er spørsmålet kva som er den direkte og konkrete militære fordelen. Det kjem òg an på.
Spenninga mellom Hizbollah og Israel har auka i vekene etter Hizbollah-åtaket mot ein fotballbane på Golanhøgda i juli og Israels likvidering av ein framståande Hizbollah-kommandant i Beirut like etter. Minst 62.000 israelarar og 94.000 libanesarar er internt fordrivne frå grensetraktene mellom Israel og Libanon.
Kvelden før personsøkjaråtaket endra Israels krigskabinett målsetjingane med krigen i nord. Ei eskalering låg derfor i kjømda. Åtaket ved hjelp av personsøkjarane kan i dette lyset vere førebuingar til meir massive åtak på sensitive militære mål hjå Hizbollah. Å nøytralisere ein kommunikasjonskanal som blokkerer geolokasjon, vil tvinge Hizbollah til å kommunisere i andre kanalar der dei lettare kan fangast opp. Om dette er føremålet, vil åtaket ha direkte og konkret militær verdi for Israel i ei føreståande eskalering mellom Israel og Hizbollah.
Men åtaket kan òg ha heilt motsett føremål. Ei mogleg årsak er at åtaket skal deeskalere i ein spent situasjon. Med åtaket viser Israel evne til å infiltrere i hjartet av Hizbollahs militære infrastruktur. Det er ein kraftig militær maktdemonstrasjon, med tung avskrekkande effekt. Israel signaliserer at dei har tilgang overalt og kan gå til åtak «når som helst, kvar som helst». I ei slik lesing vil den direkte og konkrete militære nytta vere avskrekkinga som ligg i å nøytralisere ei så sentral kommunikasjonslinje for å hindre eskalering frå Hizbollah si side.
Låg- og høgteknologi
Enkelte kjelder har hevda at personsøkjarane var meinte som eit lynåtak i starten av ein massiv operasjon mot Hizbollah, men at mekanismen «var oppdaga», og at Israel var tvinga til å handle etter logikken «use or loose». Å nytte eit krigsmiddel fordi det er avslørt, vil ikkje gje direkte og konkret militær nytte som kan målast mot ei så omfattande pårekneleg sivil følgjeskade som dette åtaket gav. Om stoda skulle vere slik, talar vi klart om eit ulovleg åtak.
Om Israels krigføring med personsøkjarar er lovleg, vil detaljane etter kvart vise oss. Det vi veit alt no, er at åtaket vil markere den endelege slutten på førestillinga om at steinalderteknologi er ein god slagplan for å stå imot militær høgteknologi.
Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i
Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»