JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Korleis skal me leva med Kina?

Det er berre å innsjå: Dei neste tiåra vil verdspolitikken stort sett handla om rivaliseringa mellom Kina og USA.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6094
20210709
6094
20210709

I desember 2001 blei Kina medlem av Verdshandelsorganisasjonen, WTO. Framleis sat det eit etter forholda liberalt regime ved makta i Beijing. På vestleg side trudde ein at om Kina fekk handla meir med resten av verda, om fleire kinesarar fekk studera ved vestlege universitet, og om kontakten mellom Kina og omverda blei betre, då ville Kina bli eit mindre autoritært samfunn.

Trua på eit reformert Kina blei omfamna av heile den politiske eliten i dei vestlege landa. Diverre synte det seg ikkje rett, men det er vanskeleg å peika på kvar det gjekk gale. At det heile tida skulle ha funnest ein kinesisk konspirasjon som gjekk ut på å byggja opp landet økonomisk og militært, samstundes som ein lulla dei vestlege landa i svevn, er vanskeleg å tru på. Noko som likevel står fram som eit klart vendepunkt, er valet av Xi Jingping til ny partisjef i 2012.

Når ein i dag ser attende på dei snart ni åra Xi har sete ved makta i Kina, kan ein konstatera at noko nytt har skjedd. For fyrste gong sidan Mao Zedong tek Kina kampen opp mot den dominerande verdsordninga, bygd kring den økonomiske og militære makta til USA. Sjølv om Kina i dag har eit BNP som er berre om lag 70 prosent av det amerikanske, krev landet å bli anerkjent som verdas andre supermakt, ved sida av USA.

Kina avgjer sjølv

Statusen som supermakt har nokre implikasjonar: Viktige avgjerder på den globale scena må ikkje takast utan at Kina er rådspurt. Meir avgjerande er det at dei vestlege landa ikkje lenger skal få blanda seg inn i korleis det kinesiske kommunistpartiet styrer Kina. Og «Kina» tyder i denne samanhengen ikkje minst provinsane Tibet og Xinjiang, men også Hongkong og Taiwan, saman med Aust- og Sør-Kina-havet. Ingen skal heller få leggja hindringar i vegen for kinesisk eksport av høgteknologi eller økonomisk samkvem med tredjeland.

Ynskjer respekt

Det er lett å kalla fram minna om den kalde krigen, som blei avslutta med samanbrotet til Sovjetunionen i 1991. Likevel er det store forskjellar: Den kalde krigen var ein ideologisk kamp mellom det marxist-leninistiske sovjetimperiet og det kapitalistiske Vesten. Rett nok er det kinesiske kommunistpartiet på ein eller annan måte tufta på marxismen, men no – 100 år etter at partiet blei stifta – har partiet fjerna seg monaleg frå opphavet. Kinesarane prøver i liten grad å eksportera den ideologiske modellen sin til andre land, men dei ynskjer absolutt respekt og anerkjenning for måten Kina blir styrt på. Det fører med seg at den vestlege modellen, med folkestyre og respekt for menneskerettane, ikkje lenger blir sett på som den universelt godtekne måten å styra eit land på. I samsvar med dette byggjer Kina ut det økonomiske og militære samarbeidet med andre land som blir styrte på nokolunde den same måten. Fremst står då Russland og Iran.

For å unngå at vestlege sanksjonar ein dag legg hindringar i vegen for Kinas utvikling, har Beijing lenge ivra for at ein skal nytta den kinesiske valutaen og ikkje dollar i handelen med andre land. På lengre sikt er målet å gjera Kina uavhengig av Swift, det amerikansk-kontrollerte systemet for internasjonale pengeoverføringar. Samstundes ynskjer Xi Jingping å gjera voksteren i den innanlandske økonomien i Kina meir uavhengig av verdikjeda på verdsmarknaden. Kina skal kunna utvikla sin eigen, innanlandske økonomi lausrive frå det som skjer internasjonalt. Om eit par tiår vil Kina, ifylgje Xi, ha ein stor økonomi delvis uavhengig av ein verdsmarknad der USA og deira allierte framleis er viktige, men ikkje dominerande aktørar.

Slik skal Kina, om ein lyttar til det Xi Jinping seier i talane sine, verta verdas største økonomi. Til sjuande og sist handlar det om å auka makta til det kinesiske kommunistpartiet.

Kva kan gjerast?

Så kan ein spørja om dette vil vera så farleg for verda? Militært vil Kina truleg berre truga dei landa som ligg nærast inntil. Ingen kinesisk soldat kjem nokon gong til å setja føtene sine på norsk jord. Makta til USA og Europa blir mindre, mens Aust-Asia blir verdas økonomiske tyngdepunkt, slik det var før den industrielle revolusjonen. Korleis ein enn snur og vender på det, er det utenkjeleg at Kina går i oppløysing, slik det skjedde med Sovjetunionen. Kanskje vil den beste løysinga – også for Vesten – vera å la utviklinga gå sin gang?

Det som då kjem til å skje – noko ikkje minst sitjande president Joe Biden har peika på – er at verda blir meir utrygg for demokratia, men meir trygg for autokratia, det vil seia dei statane som blir styrte av ikkje-folkevalde leiarar. Me er blitt vande til å tenkja at verda utviklar seg i stadig meir demokratisk retning. Om voksteren til Kina held fram, vil denne trenden bli broten.

Korleis skal demokratiske land demma opp for denne utviklinga? Spørsmålet vil krevja mykje debatt og tenking i Vesten dei næraste åra. At vestlege land må setja foten ned når Kina kjøper nøkkelbedrifter og viktige infrastrukturanlegg i Vesten, mens vestlege firma ikkje kan gjera det same i Kina, synest opplagt. Europearar og amerikanarar kan heller ikkje slutta å kritisera Kina for brot på menneskerettane. Kina vil halda fram med å hemna seg og leggja vestlege land i den såkalla fryseboksen. Men gjev me opp å kritisera brot på menneskerettane, gjev me opp noko av det viktigaste i den vestlege sivilisasjonen.

Det me heilt sikkert ikkje må gjera, er å svekkja det alliansesystemet som held dei demokratiske landa saman, slik Donald Trump var i ferd med å gjera. Fordi utfordringa frå Kina vil vera økonomisk og teknologisk snarare enn militær, vil slaget framfor alt måtte utkjempast i klasseromma og på universiteta, ikkje på slagmarka. Vesten må halda på det teknologiske og økonomiske forspranget som me har hatt dei siste hundreåra. Så lett – og så vanskeleg – blir det å hanskast med Kina.

Halvor Tjønn er forfattar og journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Korleis ein enn snur og vender på det, er det utenkjeleg at Kina går i oppløysing, slik Sovjet-
unionen gjorde.

Emneknaggar

Fleire artiklar

HumorFeature

Tre tog på ei øy

Då tre 17. mai-folketog vart til eitt, måtte formannen i komiteen gå.

Maren

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!

Foto: Per Løchen /NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Mat på nasjonaldagen

Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?

Teikning: May Linn Clement

Kultur
Frank Tønnesen

17. mai-pengar

«Mor mi viser meg telefonen og at ho har vipsa Oskar og Tomas. Det er irriterande å sjå på ein mobil som andre held i.»

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis