JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

I ekstreme tider

Vi kallar det ekstremt. Men det råkar oss stadig oftare. Det handlar sjølvsagt om vêret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6124
20230811
6124
20230811

Denne veka opplevde eg for første gong å bli sittande ekstremver-fast. Planen var å køyre frå Trøndelag til Oslo på måndag. Men dei raude farevarsla som dukka opp alt på søndag, fekk meg til å nøle. Så eg vart sittande å følgje med på bileta jordras, bruer som truga med å kollapse og av hytter og campingvogner som segla på flaumstore elver.

I skrivande stund har Finans Norge og Norsk Naturskadepol estimert skadane etter Hans til å ligge på rundt 900 millionar kroner. Det er altså ikkje berre klimapolitikk som er dyrt. Klimaendringane kostar. Etter vinterstormane i fjor, inkludert ekstremveret Gyda som ramma Trøndelag og Møre og Romsdal, vart det meldt inn 10 000 naturskadar. Det går fram av Finans Norges klimarapport for 2023. Flaumen på Voss seint på hausten i fjor førte til skader for 70 millionar kroner.

I starten av denne veka låg delar av Austerrike og Slovenia framleis under vatn etter det som truleg er den største naturkatastrofen i landets historie. Slovenia treng hjelp frå EU for å handtere situasjonen. Internasjonale nyhendemedium melder at Slovenia åleine er påført skadar for over 500 millionar euro. Flaumen som råka Belgia og Tyskland for to år sidan, etterlèt seg skadar for 50 milliardar euro, ifølgje Det europeiske miljøbyrået (EEA).

Å lese kalkylar om skadeomfanget gir ei merkeleg kjensle av å kontroll, eller iallfall eit oversyn over det som skjer. Men sanninga er jo at vi ikkje har det.

Den skjulte prisen

Talfestinga av dei materielle skadane er informativ. Men tala får meg også til å tenkje på forfattaren Oscar Wildes ord om at ein kynikar er ein person som veit prisen på alt, men som ikkje kjenner verdien av noko. Mykje av det som går tapt, har ein verdi som ikkje kan ikkje målast i pengar. Det er uerstatteleg. Det handlar om urørt natur, gamal skog, dyrs habitat, heimar, lokalsamfunn, kulturminne og menneskeliv.

Så langt er seks personar meldt døde i flaumen i Slovenia. 180 menneske mista livet i flaumen i Belgia og Tyskland for to år sidan. Om ein ser utanfor Europa, er biletet straks meir dramatisk. I fjor mista 1700 menneske livet som ein direkte konsekvens av flaumen som råka Pakistan. Samstundes vart 33 millionar indirekte råka, fordi vassmassane øydela millionar av heimar og store delar av samfunnets infrastruktur. I mars i år melde Unicef at 20,6 millionar menneske framleis er avhengige av humanitær hjelp etter Pakistans flaumkatastrofe. Prisen for tiår med unnvikande, seindrektig og ineffektiv klimapolitikk er høg, og han blir betalt i mange ulike valutaer.

Mange måtar å rekne på

Grunnen til at eg har hengt meg opp i pengane, er at store grep som kan endre både vaner og framtidige utslepp, gjerne strandar på spørsmålet om finansiering. Tenk for eksempel på lyntog mellom dei største byane våre. Tog med så hyppig avgangsfrekvens, kort reisetid og låg pris at det er ein reell konkurrent til flytrafikken.

Det skjer ikkje i Noreg. Manglande vilje til å satse på lyntog er alltid brulagd med rapportar frå samfunnsøkonomar som har rekna seg fram til at tiltaket ikkje løner seg, reint samfunnsøkonomisk. Og så har ein det gåande med rapportar og motrapportar om kor mykje ein meter jernbane kostar sett opp mot ein meter motorveg.

Omfanget av dei skadane vi påfører verda gjennom å tru at vi kan operere omtrent som før, i møte med klimaendringane, er det vel knapt mogleg å rekne seg fram til.

Juli i år er den varmaste månaden som er registrert nokon gong, ifølgje EUs klimaovervakingsteneste. Sør-Europa opplevde varmebølgjer og skogbrannar. I Canada rasar skogbrannar i eit omfang landet aldri tidlegare har sett. Fire prosent av landets skogareal er brent ned, ifølgje New York Times. I Antarktis er det aldri nokon gong registrert så lite is som no. Det området som manglar, samanlikna med det som tidlegare har vore vanleg, er like stort som det vestlege Australia. Sist veke skreiv Tore Furevik, direktør ved Nansensenteret, i ein kronikk på NRK at sommarens ekstremvêr berre er ein forsmak på det som vil kome.

Klimarekneskapen

Samstundes veit vi at verdas utslepp av klimagassar har auka kvart år sidan Parisavtalen tok til å gjelde 2015, med unntak for bråstoppen som følgje av covidpandemien. Utsleppa for Noreg gjekk ned 0,5 prosent i fjor. Ifølgje regjeringas eigen klimastatus frå i fjor haust kan Noreg klare å kutte 25 prosent av utsleppa innan 2030.

Og då overlèt eg til lesaren å sjølv å kalkulere seg fram til kor mykje ekstra som må til dersom Noreg skal klare å kutte 55 prosent av 1990-nivået på utslepp innan 2030. For det var jo dit vi eigentleg skulle.

På rømmen

Det som var eit litt abstrakt, men skremmande framtidsscenario for 15 år sidan, er i ferd med å spele seg ut framfor auga vore. Det vi kallar ekstremvêr, råkar oss stadig oftare. Denne veka var mange av oss fanga i vår eigen heim eller på rømmen frå Hans.

Resten av året er vi fanga i ein politisk realitet der politikarane er på rømmen frå ansvar dei i valkamp etter valkamp har lova å ta. Vi har ein landbruksminister som har fått meir merksemd for å gjere klimakamp til kulturkamp enn for konstruktiv kuttpolitikk. Ein middag utan kjøt er jo som kjent ikkje middag for Geir Pollestad, og heller ikkje for partikollegaen hans, den ferske forskings- og høgare utdanningsministeren vår.

Vi har ein klima- og miljøminister som går inn for E6 gjennom Lågendeltaet, trass i dei ubotelege skadane det påfører natur og fugleliv. Og tilrettelegging for meir biltrafikk er jo kanskje heller ikkje vegen å gå om ein skal klare å kutte desse 55 prosentane. Vi har også ein olje- energiminister som før sommaren rakk å opne ein enno større del av Barentshavet for oljeleiting, det departementet hans kallar å utvide TFO-området med 92 nye blokker. Det er, for å seie det med denne vekas ord, ekstremt lite ansvarleg.

Astrid Sverres-
dotter Dypvik

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Prisen for tiår med unnvikande, seindrektig og ineffektiv klimapolitikk er høg, og han blir betalt i mange ulike valutaer.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

New York-politiet storma 30. april Hamilton Hall ved Columbia University for å kaste ut Gaza-aktivistane som okkuperte bygningen.

Foto: Caitlin Ochs / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Morten A. Strøksnes

Guds vreide over Columbia

Fleire tusen amerikanske studentar er blitt arresterte for å demonstrere mot Israel. USAs normalt så sterke ytringsvern blir utfordra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.

Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa

UtanriksSamfunn
JeppeBentzen

Verda ifølgje Orbán

BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.

«Etisk sett balanserer man ofte på en knivsegg. Jeg håper bare inderlig at jeg alltid har falt ned på rett side», seier pressefotograf Harald Henden.

Foto via Fritt Ord.

ArbeidSamfunn

Fritt Ords pris for 2024

«Når jeg setter mitt navn under et fotografi, skal leserne kunne stole på at innholdet er korrekt, det trengs ikke ytterligere verifisering. Mitt navn skal være knyttet til sannhet.»

Les talen som prisvinnar og VG-fotograf Harald Henden heldt ved tildelinga av Fritt Ords Pris i Operaen 7. mai 2024.

HaraldHenden

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis