Kommentar

Har sosialdemokratiet ei framtid?

Socialdemokraterna har klart å fornærma den kvite arbeidarklasseveljaren inderleg.

Tage Erlander (83) og Einar Gerhardsen (87), to gode gamle vener samtalar på «ljugarbenken» ein sommarmorgon i Värmland i 1984.
Tage Erlander (83) og Einar Gerhardsen (87), to gode gamle vener samtalar på «ljugarbenken» ein sommarmorgon i Värmland i 1984.
Publisert

I riksdagsvalet fekk Social­demokraterna under 30 prosent oppslutnad, for fyrste gong sidan allmenn røysterett (for menn) vart innført i Sverige i 1918. Det kan no gå med Socialdemokraterna som det gjekk med det franske sosialistpartiet: Lenge etter at det var openbert at dei ikkje rådde med bustadpolitikk, sosialpolitikk og arbeidslivspolitikk, insisterte dei på å stikke hovudet i sanden. Samstundes gjekk dei franske sosialistane same vegen som dei nordiske sosialdemokratia ved å innføre målstyring i offentleg sektor.

I sytti- og åttiåra sette dei svenske «Sossarna» dagsorden for mange europeiske diskusjonar. Såleis i kulturpolitikken, som skulle vere opplæring til samhandling. Frankrike tok mange idear frå svensk kulturpolitikk og har sidan presentert dei som revolusjonært originale og franske. Emmanuel Macron har likevel framheva Skandinavia som føredømet for arbeidslivskultur, med eit fredsskapande trepartssamarbeid.

Framtidsvyer er overalt erstatta av (ofte relativt fornuftige) tverrpolitiske kompromiss. Socialdemokraterna og norske Ap prøver å løyne det nyliberalistiske ideologiske skiftet sitt ved innimellom å mane fram figurar som Tage Erlander og Einar Gerhardsen. Slikt fremjar helst mottakar- og tilskodarrolla hjå veljarane, vi opplever lite av maninga til pliktkjensle og ansvarleg innsats som dei gamle herrane stod for. Slike tonar kjem i dag helst frå høgresida.

Stengsle mot veljarane

Slik det franske sosialistpartiet i åresvis skulda på Nasjonalfronten (no Nasjonal Samling), lyfta Sossarna fram Sverigedemokraterna som skremmebilete. Slik skapte dei, på same vis som det franske sosialistpartiet, ei massiv stengsle mot veljarane: Var ein kritisk til masseinnvandring, var ein også umoralsk og illojal mot alle verdiar frå det gamle folkhemmet.

Veljarane står forvirra att: Men må vi arbeide hardare for at nye landsmenn skal overleve til å røyste på Sossarna? Med framlegget sitt om strammare innvandringspolitikk – for lite og for seint – klarte Löfven berre å sjå ut som om han sprang i spora til Sverigedemokraterna, og med framlegget om ei ferieveke til, har han ytterlegare fornærma alle andre enn ei ytre venstreside som krev å få arbeide minst mogleg. Sosse-logikken heng ikkje saman.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement