Fredsprisen til mat og fred – eit femtiårsminne
Fredsprisen til Verdas matvareprogram (WFP) er godt motteken. At krig avlar svolt og svolt avlar krig, minner òg sterkt
om grunngjevinga då Norman Borlaug i 1970 fekk fredsprisen for den grøne revolusjonen.
Kommentar
asmund.bjornstad@nmbu.no
Nokre av pristildelingane på den tida fekk blanda mottaking, som då han gjekk til Henry Kissinger og Le Duc Tho, men årets tildeling kling godt. Når WFP no deler ut mat der han trengst mest, føreset det kanskje matoverskotet som den grøne revolusjonen skapte.
Norman Borlaug (1914–2009) var ein genetisk 100 prosent norsk, men etnisk 100 prosent amerikansk planteforedlar som såg Roosevelts New Deal og ny planteforsking lyfte amerikansk jordbruk ut av fattigdom. Visepresident Henry Wallace ville prøve modellen i Mexico som historias første landbruksbistand, ikkje matvarehjelp. Borlaug blei sett til å foredle kveitesortar bygde på den amerikanske suksessen mot rustsjukdomar. Kortare strå gjorde dei høgtytande med kunstgjødsel og vatning. I løpet av 50-åra auka avlingane sterkt i Mexico.
Lovande resultat
I 1964–1966 fortalde verdspressa stadig om hunger i India. Økologar skreiv bøker som drøfta om slike «overfolka» land «kunne reddast». Samtidig viste Borlaugs sortar lovande resultat nett der. Statsminister Indira Gandhi forstod at utan mat var India inga stormakt, og i 1967 spadde ho opp blomsterbedet sitt og sådde kveite. Den grøne revolusjonen var i gang. India dobla kveiteproduksjonen frå 1961 til 1970. For denne innsatsen fekk Borlaug – overmåte overraska – fredsprisen i 1970. Då var ei tilsvarande utvikling i gang for ris.
Det finst to «forteljingar» om den grøne revolusjonen. I «teknoforteljinga» var det ein historisk auke i matproduksjonen, bygd på nye teknologiar og framsynt politikk. I «miljøforteljinga» – som har dominert her til lands – var det ein lite berekraftig «fiks» bygd på importert teknologi, kunstgjødsel og fossilt grunnvatn som erstatta lokalt biologisk mangfald med storskala monokultur. Begge forteljingane inneheld korn av sanning.
Teknoforteljinga
India dobla kveiteproduksjonen igjen frå 1970 til 1999, og Kina tredobla han frå 1961 til 1990. Hybridsortar i ris var der eit ekstra sprang. Innverknaden på kinesisk matproduksjon var minst like stor som Deng Xiaopings jordbruksreformer.
Den grøne revolusjonen var ei intensivering – meir frå same arealet. Frå 1966 til 2005 auka kveiteareala i verda med 1,6 prosent, men avlingane med 112! Trass i nær dobla folketal (+ 93 prosent) var det 10 prosent meir til kvar.
Kveiteprisane blei halverte frå 1965 til 2000. Fattige byfolk blei middelklasse, men mange bønder kom i økonomisk skvis med stigande kostnader. Overskot av kaloriar og arbeidskraft la grunnlaget for veksten utanfor landbruket. Utan den grøne revolusjonen ville kveiteprisane i staden blitt dobla, og kveite hadde blitt dyrka i det langt meir produktive nord og øydd mykje urørt natur.
Miljøforteljinga
Utan «pakka» av vatn, gjødsel og sprøytemiddel ville ikkje Borlaugs sortar gjeve meir enn dei gamle. Det er både sant og usant. Formålet den gong var å minske svolt, få meir korn raskast mogleg, og det var enklast der vilkåra var lettast å forbetre. Av den grunn mislukkast Borlaug i Afrika. I sorghum trengst langt strå til fôr, og nye sortar må høve godt til den lokale regntida. I Mali er det nedverdigande å selje såkorn til ein granne i naud, så nye sortar blir spreidde gjennom såvaresamvirke – heilt annleis enn Borlaugs metode. Veikskapen hans var at han var ein misjonær frå Midtvesten.
Og minka mangfaldet? Også ja og nei. Sorghum i Mali yter klart meir med litt nytt «blod» – om klimatilpassinga blir bevart. Same rissorten dyrka over store delar av Asia var både ein suksess og ein veikskap, men dagens mangfald av sortar er langt større. Ein velfødd middelklasse etterspør no gamle sortar med låg avling, eller heilkorn som helsekost. I 1960-åra tydde det kaloriar og protein, til verda frå 1990 blei klar over den «stille hungeren»: Høgare avling (og meir CO2 i lufta) «fortynnar» innhaldet av jern og sink i kornet.
Som nittiåring drog Borlaug i gang eit globalt samarbeid mot den nye bylgja av rust i kveite, igjen basert på fri utveksling. Land som Etiopia, Tyrkia, Kina og India har hatt stor nytte av dette, men gjev sjølve ikkje frå seg eit frø. Den grøne revolusjonen bygde på mangfaldet av sortar verda over og gjorde høgtytande avlsmaterial tilgjengeleg, gratis. Det er det stadig – medan det i mais og særleg soya er sterkt privatisert.
«Eit løyst spørsmål»
Frå 1990 rekna mange «nok mat» som «eit løyst spørsmål». Produksjonen stagnerte, men tok seg opp frå 2003 og toppa 3 milliardar tonn korn i 2017, ein rekord få merka seg. Han er særleg sterk i mais (og soya), driven av etterspurnad etter kraftfôr frå areala i Sør-Amerika, men gjeld òg matkorna ris og kveite. Kan vi då klare 50 prosent meir mat i 2050? Vel, med 47 prosent meir frå 2002 til 2017, og soya og mais i reserve? Som den grøne revolusjonen er spørsmålet politisk prioritering.
Årets fredspris fornyar grunngjevinga i 1970. Skapte så den grøne revolusjonen fred? Ikkje i seg sjølv. Ei regjering som vil bli ved makta, veit at svolt avlar uro og at mat gjev makt. Syria under Assad bygde sjølvstendet på sjølvforsyning med «grøn revolusjon»-kveite. Det same gjeld Tyrkia, som er storeksportør av kveitemjøl til granneland og Asia. Den grøne revolusjonen har hjelpt mange slags regime. Skal tru om han historisk var like viktig som Vietnamkrigen og datarevolusjonen?
Åsmund Bjørnstad er professor emeritus i planteforedling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Norman Borlaugs fredspris har hatt blanda ettermæle.
Fleire artiklar
Pasta med traktkantarellar, fløyte og parmesan.
Foto: Dagfinn Nordbø
Skogens gull
Eg er så heldig å ha vener med hytte, og dei forsyner meg med alt eg orkar av godsaker som veks på bakken.
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».
Foto: Edward Winters chesshistory.com
Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami
Gravferd for Hizbollah-kommandantane Ibrahim Qubaisi og Hussein Ezzedine, som mista livet i eit bombeåtak i det sørlege Beirut 25. september. Dei siste vekene har ei rekkje leiarar i Hizbollah-rørsla blitt drepne av Israel.
Foto: Louisa Gouliamaki / Reuters / NTB
Ei god tid for martyrar
Hizbollah vart skapt av den israelske invasjonen av Libanon i 1982.
Kan Israel knekke denne rørsla gjennom ein ny krig?
Foto: NTB
«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»
Den polske presidenten Andrzej Duda vitja messa i kyrkja The National Shrine of Our Lady of Czestochowa i Doylestown i Pennsylvania 22. september 2024.
Foto: Ryan Collerd / AFP / NTB
Kandidatane frir til polakkar i USA
BUCKS COUNTY: Kanskje er det polsk-amerikanarar i Pennsylvania som kjem til å avgjere presidentvalet.