Kommentar

For Trump vart slutten som starten

– Det slutta som det byrja, skriv Arthur M. Schlesinger i boka si om president John F. Kennedy og dei tusen dagane hans i Det kvite huset.

Publisert

Lytt til artikkelen:

Schlesinger sikta til det iskalde vêret den januardagen i 1960 da Kennedy vart teken i eid. For Donald Trump slutta presidentperioden hans med ei av dei frekkare og mindre talentfulle løgnene hans: Han hadde vunne valet, men ved svindel hadde demokratane stole det, sa han onsdag morgon, medan familien sat og klappa på fremste benk.

Republikanarane hadde svært lite godt å seia om denne versjonen, og Trump vart til og med motsagd av neste talar, visepresident Mike Pence. Det var ingen ærerik avskilssalutt, jamvel etter at eigedomsmagnaten hadde organisert ein valkampinnspurt som få hadde venta, og som gjorde valet så jamt at det framleis, fire dagar etterpå, var uråd å slå fast utan tvil at Joe Biden var vinnaren.

Men slik såg det ut onsdag kveld, og i Biden-leiren var det god stemning. Det var mest fordi det er både skrivne og uskrivne reglar for det ein sigerherre skal seia og ikkje seia etter eit amerikansk presidentval, at Joe Biden formelt ikkje utropte seg til vinnar når Trump venta med gratulasjonen og heller ville ha ei rettssak eller helst fleire.

«Alternative fakta»

Dei som hugsar Donald Trumps første dag som president i 2017, vil vel helst sparast for dei to bombastiske løgnene hans den dagen. Men det var ei sterk opning: Når han fekk færre røyster enn Hillary Clinton, var det fordi fleire hundre tusen hadde lura seg til å røysta utan at dei hadde røysterett. Og trass i at fotografi og film viste noko heilt anna, var det, etter Trumps syn, færre frammøtte på The Mall framom kongressbygningen da Barack Obama vart teken i eid i 2009, enn da det var Trumps tur åtte år seinare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement