JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Eit val utan demokrati

Pakistan har hatt parlamentsval denne veka. Valet vil neppe løysa nokon av problema i landet, og det vil heilt sikkert ikkje gjera landet meir demokratisk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den tidlegare cricketspelaren og statsministeren i Pakistan, Imran Khan, og kona Bushra Bibi heldt pressekonferanse før ei rettssak i høgsteretten i Lahore i juli 2023. Sidan er dei båe sikta og dømde for både likt og ulikt, og avskorne frå politisk makt både ved det pågåande parlamentsvalet i Pakistan og det neste.

Foto: K.M. Chaudary / AP / NTB

6276
20240209
6276
20240209

Då dei pakistanske veljarane gjekk til valurnene torsdag i denne veka, sat vinnaren av det førre parlamentsvalet, eks-statsminister Imran Khan, i fengsel. Han er mellom anna dømd for å ha leke statlege løyndomar ut i det offentlege. Den siste domen fekk Khan for få dagar sidan. Saman med kona si, Bushra Bibi, blei han dømd til sju år i fengsel.

Det som skjedde i samband med denne domen, seier mykje om både den pakistanske staten i dag og om ekteparet Imran Khan og Bushra Bibi: Kona til den no avsette pakistanske statsministeren går med nikab, altså skjuler ho ansiktet sitt heilt med unnatak av augo. Dette teiknet på islamsk rett-tru var til lita hjelp då dei båe to nyleg blei trekte for retten.

Ugyldig ekteskap

Klagemålet denne gongen var at ekteskapet mellom dei ikkje var gyldig. Dei gifta seg i 2018, etter at Bushra Bibi hadde vore gift med ein annan mann fram til 2017. Ifylgje islamsk lov må ei fråskilt muslimsk kvinne venta i tre månader før ho giftar seg med ein ny mann, slik at ein er sikker på kven som er far til det nye barnet som kanskje blir født. Denne såkalla iddah-fristen hadde dei brote då dei gifta seg, meinte domstolen. Straffa var altså sju år i fengsel.

Bushra Bibi er 49 år gamal, så ho rekk nok å sona denne domen. Men mannen hennar, den tidlegare cricket-stjerna og statsministeren Imran Khan, er 71 år. Om han skal sona denne domen, dei andre domane han har fått, og dei domane han mest sannsynleg får i nær framtid, slepp han aldri ut av fengselet. Dei militære har då, saman med store delar av den politiske eliten i Pakistan, eliminert leiaren av partiet som samla kvar tredje veljar i det førre valet, i 2018.

«Om Imran Khan vann det neste valet, kunne han gå i fotspora til Erdogan.»

Fredeleg overføring

Går me tilbake til valet for litt mindre enn seks år sidan, kunne det sjå ut til at Pakistan var på veg til å bli noko som likna på eit demokrati. For andre gongen i historia til landet blei makta overført frå eitt sivilt regime til eit anna. Dei militære, som hadde styrt i tre av dei sju tiåra landet hadde eksistert, var i ferd med å bli berre ein militær styrke og ikkje eit alternativt statsapparat, kunne det sjå ut som.

At Khan i det heile teke fekk lov til å bli ny pakistansk statsminister, var ikkje sjølvsagt. I fleire tiår hadde han utfordra den sivile og militære eliten i Pakistan. Han blei fyrst kjent då han leia det pakistanske cricket-landslaget på 1980-talet. Då laget vann verdsmeisterskapen i 1992, blei Khan ein folkehelt i heimlandet. At han samstundes levde eit playboy-liv i London og blei sett saman med mange kvinner frå den britiske sosieteten, såg ikkje ut til å dempa populariteten hans.

Nasjonalistisk

I 1996 stifta han partiet Pakistan Tehreek-e-Insaf (Rørsla for rettferd), forkorta PTI. Tanken var å setja populariteten på cricket-banen om til politisk makt. Karismaen og dei store talegåvene hans var ikkje noka ulempe. Kva Imran Khan eigentleg ville med Pakistan den dagen han fekk makta, var likevel uklart. Agitasjonen hans hadde ein islamistisk og nasjonalistisk undertone. Han sa at han ville byggja ein sterk islamsk velferdsstat, men samstundes gav han marknadskreftene større rom. Å ta imot hjelp frå utlandet var han skeptisk til, men i 2019 måtte han be om hjelp frå Det internasjonale pengefondet. Då Taliban i 2021 tok over Afghanistan, sa han at grannelandet hadde kasta av seg slavelenkene. På den andre sida var han, medan han sat med makta, ikkje interessert i å trappa opp konflikten med India om Kashmir.

Eit dårleg tilhøve til Washington blei endå dårlegare då han hevda at motstandarane hans på heimebane var slavar av Amerika. Ein PR-messig katastrofe, særleg i Vesten, var det at Khan var på offisiell vitjing i Moskva 24. februar 2022, den dagen Putin invaderte Ukraina. For mannen i gata heime i Pakistan var ikkje dette så viktig. Eit langt større problem for dei var at inflasjonen stadig steig medan Imran Khan leia landet. I 2022 nådde inflasjonen omkring 20 prosent.

Ikkje Tyrkia

Dei militære kunne nok ha levd med alt dette. Men etter kvart kan det sjå ut til at dei kasta blikket mot populisten Recep Erdogan i Tyrkia, og at dei då blei alvorleg uroa. Også i Tyrkia gjekk det økonomiske kaoset hand i hand med ei viss islamisering av samfunnet. Verre var det at Erdogan – så snart han var blitt sterk nok – stilte dei tyrkiske militære heilt på sidelina. Om Imran Khan vann det neste valet, kunne han gå i fotspora til Erdogan. Det var meir enn nokon pakistansk general var viljug til å risikera.

Sjølvsagt er det ingen journalistar som har sete inne hos dei pakistanske militære og høyrt på det dei har snakka om. Men i april 2022 blei det sett i verk eit mjukt kupp då koalisjonspartnarane i nasjonalforsamlinga forlét Imran Khan. Regjeringa hans blei styrta. Som ny regjeringssjef blei Shehbaz Sharif innsett, broren til den politiske dinosauren Nawaz Sharif. Nawaz var blitt kasta som statsminister i 2017. Til liks med mange andre pakistanske politikarar hadde han gøymt unna store summar i utlandet.

Åtak på militære

Om Imran Khan hadde funne seg i å mista makta i 2022, kunne han i dag kanskje ha vore på frifot. Men han samla store folkemøte der han gjekk til åtak på dei militære. I mai 2023 hevda han at ISI, den mektige pakistanske etterretningstenesta, hadde forsøkt å myrda han. Khan blei då arrestert. Som svar gjekk tilhengjarane hans til åtak på militære installasjonar over heile Pakistan. Det var då dei militære gjekk til full krig. Mange i leiinga i PTI blei arresterte. Over heile landet fekk folk klar melding om at dei måtte bryta med partiet. Det blei også forbode for partiet å nytta cricket-kølla som symbol på valsetlane. Utan dette symbolet vil dei mange som ikkje kan lesa, om lag 40 prosent av folket, vera ute av stand til å røysta på partiet.

Når røystene etter valet blir talde opp dei neste dagane, vil knapt nokon meina at stemmetala speglar stemninga i folket. Dei militære vil halda fram med å ha veto over folkemeininga, og den pakistanske staten vil hangla vidare.

Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis