JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Ein professorpolitikar som kan lukkast

Etter alt som har skjedd siste vekene, var det ikkje overraskande at Oddmund Hoel blei utpeikt til ny statsråd tysdag denne veka. Fagleg står han fjellstøtt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6350
20240126
6350
20240126

Kommentar

georg.einar.arnestad@hvl.no

Når ein statsråd trekkjer seg, eller må trekkje seg, slik vanen har vorte i den sitjande regjeringa, er det uhyre sjeldan at statssekretæren i departementet rykkjer opp og får sete i same statsrådsstolen. Vår nye minister for forsking og høgare utdanning, Oddmund Løkensgard Hoel, er eit solid unntak. Eg kjem ikkje på andre døme.

Men vi lever i uvanlege tider. Statsminister Støre har ikkje råd til fleire gleppar. Og historieprofessor Hoel, sognetrøndar og målmann, med mange, og lange, vitskapelege produksjonar bak seg, er garantert heil ved. Historikaren og norskfilologen juksar korkje med sitat eller kjelder.

Ein av sine eigne

Utnemninga av Hoel har jublande vorte teke imot av koryfeane i det høgare Utdannings-Noreg. No får dei ein av sine eigne, ein verkeleg professor, som øvste sjef. Ein som snakkar «deira» språk. Dei synest for lengst å ha gløymt korleis det gjekk då den førre professorpolitikaren, Gudmund Hernes, var statsråd for høgare utdanning og forsking. Reform 94 skapte mange skuletaparar, vert det framleis hevda.

Dei gløymer også at Oddmund Hoel har ei lang fartstid bak seg i den norske målrørsla, blant anna som leiar i Noregs Mållag 1999–2002. Landsmøtet i Florø i 1999 var eit hardt og ubehageleg oppgjer. Hoel og hans fraksjon ville kaste den sitjande leiaren, Liv Ingebrigtsen. Dei lukkast med det. Sjølv var eg delegat på møtet og røysta blankt. Lat meg her også føye til at Oddmund Hoel er den fjerde leiaren av Noregs Mållag som vert statsråd. Dei tre andre er Jørgen Løvland, Knut Liestøl og Halvdan Koht.

Strengare språkkrav

Dei høgare utdanningsinstitusjonane i Noreg er elles blant dei største lovbrytarane i landet. Dei fleste institusjonane braut årleg den gamle mållova ved nesten totalt å late vere å bruke nynorsk i den administrative verksemda. Situasjonen har endra seg lite etter at den nye språklova tredde i kraft i 2022. No vert det òg sett strengare krav til bruk av norsk i akademia i staden for (dårleg) engelsk. Ola Borten Moe signaliserte i 2022 strengare språkkrav til institusjonane.

Det seier seg nesten sjølv at den nye statsråden lyt følgje dette opp klårare og meir tydeleg enn tilfellet har vore så langt. Hoel, med fleire publikasjonar og doktorgrad bak seg om norsk målreising og modernisering, kan gjere dette med lova i hand og med Språkrådet ved si side.

Den gamle språkhøvdingen kan no dessutan lene seg på den ferske nobelprisvinnaren Jon Fosse. Eg må «i sannings namn takka nynorsken for prisen», sa Fosse. «En historisk dag for det nynorske språket», konstaterte kulturminister Lubna Jaffery. Så no, minister Oddmund Hoel, er det ingen veg tilbake. Du lyt no ansvarleggjere dei mange og tunge UH-institusjonane som altfor lenge har ignorert nynorsken og teke for lett på prioritering av det norske språket.

«Det var ikkje gjeve at den ferske statsråden skulle hamne i Senterpartiet.»

Bygdeutvikling

Det var ikkje gjeve at den ferske statsråden skulle hamne i Senterpartiet. Bestefaren hans, Oddmund Hoel (1910–83), jurist og lensmann i Oppdal, var i tre periodar (1954–65) stortingsmann for Venstre i Sør-Trøndelag. I 1961 vart han vald inn på Stortinget ved ei fellesliste for Sp og V. Per Borten (Sp), bestefaren til Ola Borten Moe, toppa lista, med bestefar Oddmund Hoel på andre plass. Han var i alle sine tre periodar på tinget medlem av militærkomiteen. Han gjekk under namnet «Atom-Hoel», fordi han var ein av dei få politikarane (i Venstre, i alle fall) som var for plassering av atomvåpen på norsk jord i fredstid.

Det vart til at barnebarnet fekk utmeisla sin politiske karriere i Krundalen i Jostedal sokn i Luster kommune. Siste 20 åra har denne dalen langt opp under Jostedalsbreen tiltrekt seg unge, dyktige og godt utdanna folk, med interesse for aktivt friluftsliv, fjell- og breaktivitetar, kombinert med engasjert bygdeutvikling.

Politisk sokna dei til venstresida, inkludert Sp. Dei var fylkets einaste tenkjetank, tufta på dogmet om den overlegne berekrafta til små og sjølvstendige einingar. To av dei ideologiske leiarane, Oddmund Hoel og Marit Aakre Tennø, ho også tidlegare leiar av Noregs Mållag, engasjerte seg aktivt i Senterpartiet lokalt og vart valde inn i kommunestyret.

Tenkjetanken i Krundalen medverka ideologisk sterkt til kampen for å halde oppe ein sjølvstendig, sjølvstyrt og sjølvgod høgskule i Sogn og Fjordane. Deira «Vi-vil-ikkje-bli-styrt-frå-Bergen-doktrine» fekk brei oppslutning i heile Indre Sogn, godt akkompagnert av studentane, lokalavisa og sjølvsagt Senterpartiet.

Realpolitikar

Oddmund Hoel var den mest profilerte aktivisten i denne kampen. Han var dessutan sentral i styret for høgskulen i Sogndal som lenge samrøystes sa nei til ein høgskulefusjon. Men aktivistane tapte denne kampen. Paradoksalt nok ved at styremedlem Jan Olav Fretland, også han tidlegare leiar av Noregs Mållag, til sist valde å røyste ja for fusjon. Gunnar Yttri, noverande rektor for Høgskulen på Vestlandet, var også profilert fusjonsmotstandar, noko meir lågmælt med Hoel.

Både Hoel og Yttri er realpolitikarar. Dei tok fusjonsnederlaget med fatning. Hoel konsentrerte seg meir om historiefaget og fagleg institusjonsbygging, mens ambisjonane til Yttri førte han til stillinga som tilsett rektor ved den nye Høgskulen på Vestlandet.

Noko overraskande vart Oddmund Hoel etter valet i 2021 statssekretær for Ola Borten Moe. Var det nokon som trekte i trådane og såg tilbake til Sp/V-lista ved stortingsvalet i Sør-Trøndelag i 1961? Kunne Borten og Hoel passe godt saman, også i 2021? Dei gjorde det!

Etter alt som har skjedd siste vekene, var det ikkje overraskande at Oddmund Hoel blei utpeikt til ny statsråd tysdag denne veka. Fagleg står han fjellstøtt. Han plagierer ikkje. Politisk er han på trygg Sp-grunn. Han har eit godt grep om dei store sakene. Han er omtykt i sektoren.

Det einaste uvisse er korleis det går når (om?) statsråd Hoel skal ryske opp i sjølve arvesynda i akademia i Noreg: manglande nynorskbruk og den gradvise svekkinga av norsk språk. Kven får han då med seg på laget, tru?

Georg Arnestad er tidlegare forskings- og utviklingsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis