JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Det attgløymde Frankrike slo tungt attende

Siste valomgang gjev anten kaos eller fleirtal for ytre høgre.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nasjonal Samlings (RN) Marine Le Pen og Jordan Bardella på eit politisk møte  framfor EU-valet i juni. Framgangen til ytre høgre-partiet i dette valet gjorde at president Emmanuel Macron lyste ut nyval til parlamentet.

Foto: Christian Hartmann / Reuters / NTB

6293
20240705
6293
20240705

«Presidenten har oppløyst alt som sameinte oss», sa ein medarbeidar av Macron til avisa Le Parisien måndag etter fyrste valrunde av parlamentsvalet. «Oss» er makronistane, som ein i mangel av betre uttrykk kallar dei som har vore med i protestrørsla frå 2016 fram til det som no endar som kaos – eventuelt bordell, basar, karneval, alt etter kven ein spør.

Mange blankt urøynde menneske velta inn i politikken med Macron-rørsla. Å vere for det gode hjelpte ikkje når ingen var samde om kva det gode var. Alt i starten gjekk presidenten frå dei fleste lovnader, om miljø, klima, sosialspørsmål, arbeidsliv, utjamning av sosiale skilnader, betre vilkår for demokratisk deltaking, kamp mot korrupsjon og så bortetter. Vonbrota har vore mange.

marknadstenking

Mange var likevel lenge svevnaktig sikre på at dei hadde funne filosofkongen. Slike har sjeldan i soga synt seg å vere pålitelege. Jamvel Platon måtte flykte frå den unge mannen han lærte opp til å styre Sicilia.

Emmanuel Macron fekk nok ikkje med seg stor lærdom om tolking, kommunikasjon, etikk, kultur og ikkje minst kva makt institusjonane har over tenkinga vår, frå læremeisteren Paul Ricoeur (1913–2005). Macron har forlate seg meir på den nådelause marknadstenkinga ved Sciences Po.

Macron gjekk i fella som Ricoeur synte så mykje merksemd: Livet er for ein stor del ufriviljug, frå biologi og omgjevnader til krig og katastrofar via uintenderte konsekvensar av val, uhell, ulukker og inngrep frå andre.

Frigjering frå mytar, sjølvbedrag og tvangsmekanismar føreset stort strev, individuelt og kollektivt. Skal vi leve i institusjonar, lyt vi late oss prege av dei; kan vi ikkje påverke dei, er vi undertrykte. Macron har brukt institusjonane til å tvinge igjennom sine planar, gav ikkje det lova rommet for endring og deltaking. På lag alle kjenner seg vonbrotne – såleis meir undertrykte.

Likevel, det splitter nye partiet som den vonbrotne og rasande statsministeren Gabriel Attal ville skipe, oppstod ikkje. Like arge finansminister Bruno La Maire og tidlegare statsminister Édouard Phillippe overtala Attal til å bruke partinamnet Ensemble! (Saman!) på den tvungne samlinga. Somme murra og sa at på spansk tyder det der «Junta», men pytt.

Det gjekk ikkje bra. Den vaklande alliansen for Macron mista 160 representantar og kan stå att med mellom 60 og 90, mest truleg nærare 60, etter 7. juli. Hadde dei slått gjennom, ville dei likevel ha representert ein opposisjon mot sin eigen president. Heretter treng ingen bry seg større om kva presidenten meiner om fransk innanrikspolitikk.

Macron mistar dei unge

Så erkjende då òg Édouard Phillippe tysdag 2. juli at det politiske landskapet er rasert av nyvalet. Han oppmoda til å straks forme ei ny politisk liberal, Macron-uavhengig blokk. Det vil han ikkje få til. Rassemblement National (RN, Nasjonal Samling) fekk 33,1 prosent i fyrste valomgang, Nouveau Front Populaire (Den nye folkefronten, NFP) 28 prosent. Sidan makronistane fekk knappe 21 prosent, må det eit under til for å finne nok folk til aksle oppgåva med å skape lyst, vilje og plan for eit gjenreist program.

Utan ungdom går det i alle høve ikkje: I 2017 kom kring 20 prosent av røystene for Macron frå unge under 25. Unge makronist-røyster denne gongen låg dei fleste stader mellom 3 og 4 prosent. Einaste programmet makronistane har nett no, er at ingen må røyste RN og heller ikkje La France Insoumise (LFI, Ukuelege Frankrike, partiet Jean-Luc Mélenchon leier), noko som eigentleg vil seie at ingen må røyste den sosialistiske blokka NFP.

Så gjennomtrengjande vert antisemittismen i LFI opplevd at jamvel Serge Klarsfeld (88) – vide kjend for sitt arbeid for å integrere holocaust i fransk offentleg minne, og med ei stor utstilling i Marseille for tida om arbeidet han og kona Beate (85) har drive for franske jødars historie sidan 1960-talet – rådde jødar til å røyste RN.

Bardella har lukkast

RN-leiaren Bardella har lukkast i å pensle ut den politiske konflikt-topografien. Han talar til dei gule vestane, til forstadene, fattigkvartera, landbruksdistrikta med overlevingsvanskar, dei som har mista kollektiv transport til arbeid, pensjonistane som betalar høgare skatt, middelklassefolk som vert deklasserte av di utgiftene er for høge til å bu så godt som dei har gjort, og så vidare. Filosofen Michel Onfray prøvde å forklåre at han skjøna kvifor folk røysta RN – og vart lønt med å verte utskjelt som reaksjonær. No er RN eit folkeparti.

Bardella manøvrerte slik at Republikanarane (LR) er kløyvd. Det vert fleire valalliansar mellom LR og RN kvar dag. Og der er så mange usikre småpartigrupper kringom som kan velje å gå med RN at kan hende får Bardella det absolutte fleirtalet han forlanger. Då må han ha 289 av 577 representantar bak seg. Mange kalkulerer med at RN i alle høve kan få 250, og då er alt avhengig av kor mange samarbeidsviljuge republikanarar som kjem inn.

Utanlandsveljarane

Kvar valkrins tel om lag 125.000 veljarar. Franskmenn som er etablerte i utlandet, har elleve valkrinsar – franskmenn i Noreg røystar såleis i valkrinsen for Irland, Storbritannia, Norden og Baltikum. Dei røystar gjerne trufast og optimistisk, gjerne til venstre eller på tradisjonelle parti, sjølv om dei to gonger har synt godhug for Macron i presidentval. Mange utanlandsbuande franskmenn heldt fast ved vonene til Macron, redde for kva som kan hende med RN i regjering, ikkje minst i høve til EU.

Viktigare er det for trenden at jamvel i dei oversjøiske fylka til Frankrike, som slett ikkje har elska RN, og i mange kjerneområde der sosialistar og høgrefolk stod sterkt og imot kvarandre, har folk gjort seg til del av eit nytt veljaropprør via RN. Macron har i desse sju åra lært opp motstandarane betre enn venene sine. Mange meiner likevel at Macron har eit siste kort i ermet: å gjenvinne landet for makronistane med eit nytt nyval i 2025.

I eit Frankrike i konstant strid mellom ytre høgre og ytre venstre, der skalaen kan kome til å bøye seg og prege heile Europa, er det all grunn til å fylgje spent med på kva som no hender.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

No er Nasjonal Samling (RN) eit folkeparti.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis