JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Dansen kring bedehuset

I nokre intense månader annankvar haust vert kristen folket plutseleg viktig.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5551
20170818
5551
20170818

KOMMENTAR

ESKSKJE@ONLINE.NO

Frå å leve i skjul elles, i mindre og isolerte, men tette sosiale fellesskap i lågkyrkjelege forsamlingar eller bedehus, vert plutseleg den nasjonale scena opna opp for dei: No er dei attrådd, no kappast Frp og KrF om å høyrast mest mogleg ut som dei, no er det tid for konkurransen om å vere mest kristen.

Den store tiurleiken har byrja: No lokkar Hareide og Listhaug høglydt på jaktobjektet, pyntar på framtoning og talemåtar. Som alle andre menneske som gjer alt dei kan for å verte godt likt av nokon andre, er det noko panisk over dei begge. Det er mest ikkje grenser for kva dei to kan finne på. Kampen står om eigarskap til «dei kristne verdiane». Det er langt meir som sameiner dei to enn det som skil: Begge koplar politikk og religion på ein problematisk måte. Begge talar om «det kristne» som om dette finst i rein form.

«Det kristne»

Både Hareide og Listhaug talar så altfor konkret om «det kristne»: Det er «kristeleg» å opne grensene, det er «kristeleg» å stenge grensene. Det er «kristeleg» å ha eit rikeleg bistandsbudsjett, «kristeleg» å heller bruke pengane på pensjonistane her i landet. «Kristeleg» å hjelpe dei lidande der dei er, «kristeleg» å hjelpe dei her. Alt er med eitt «kristeleg». Ein kan finne støtte til mykje om ein går til Bibelen for å leite etter etiske grunngjevingar. Men store deler av Bibelen representerer jødisk-etisk tenking, og du finn liknande tankar i andre religionar.

Finst det då ikkje verdiar i Bibelen? Sjølvsagt gjer det det, på same måte som det finst verdiar i sving i alle skjønnlitterære tekstar. Jesus er ein verdipredikant. Men Bibelen er ikkje ein regelkatalog. Problemet oppstår når du låser fast nokre verdiar som «kristne», når dei òg finst i andre livssyn, både ateistiske og religiøse. For kva skjer når du konkretiserer såkalla «kristne» verdiar i praktisk-politiske handlingar og hevdar at desse er særmerkte for eitt politisk parti og ikkje eit anna?

«Marsjordrar»

Høyr på Knut Arild Hareide, sist i VG 3. august: «Prat om kristne verdier er nesten helt uten verdi før de får konsekvenser for praktisk politikk. For oss som parti har de kristne verdiene gitt konkrete politiske marsjordrer siden de gjorde sin entré i vårt samfunn for over tusen år siden, og de gjør fremdeles det.» Kan du lempe «marsjordrar» ut av Bibelen slik, utan vidare? Kva skjedde med at menneska alltid tolkar tekstar ut frå kven dei er, ut frå kva dei ser etter?

Denne direkte 1:1-koplinga mellom religion og politikk er ikkje bra: Hareide talar som ein biskop, og vil at dei bibelske ideane skal prege debatten om oljeboring, bistandspolitikk og bioetikk. Kva betyr dette? Hareide konkretiserte det då han opna valkampen på eit leikeland i Bergen: Skulegudstenestene må bestå, K-en må haldast i KRLE-faget, aktiv dødshjelp må aldri tillatast og Noreg må stille opp for fattige og forfølgde. Men er nestekjærleik synonymt med ein mild flyktningpolitikk? Så du er altså ikkje kristen om du meiner at Noreg må skjerpe kontrollen med innvandringa?

Og er det verkeleg «ein verdi» å halde fast på K-en i KRLE-faget? Ikkje sist eg sjekka. Litt verditeori: Ein verdi er det som er godt ved noko. Det som har verdi, påverkar vurderingane og handlingane våre. I verditeorien har vi grovt sett tre ulike verditeoritypar: Objektivistiske verditeoriar meiner at uttrykket «verdi» står for faktiske eksisterande eigenskapar ved eit objekt. Subjektivistiske verditeoriar hevdar at verdiane vert til berre gjennom eit vurderande subjekt. Ting får verdi gjennom eit samspel mellom kjenslene mine og kva nytte tinga har for meg. Verdinihilistiske teoriar hevder at verdi er eit meiningslaust uttrykk som berre tener til å påverke kjenslene.

Subjektive truskjensler

Dei to fyrste teoriane kan enkelt verte påverka av trua eit menneske har. Religion definerer som oftast kva eit menneske held for objektivt. Og tru fargar kjensler. Dimed er trua til den einskilde meir interessant enn verdiane hans eller hennar, for det er trua på ein gud som gjer verdiane gode. Det er her Hareide hoppar for kjapt: Han talar som om dei politiske verdiane hans er objektive, men talar eigentleg ut frå sine subjektive truskjensler.

Det er ikkje Hareides feil, men det syner utfordringa med eit kristeleg parti: Kristentrua som svever over partilokala, påverkar korleis han som partileiar uttalar seg om dei verdiane som styrer den allmenne politikken. For tru er eit subjektivt blikk på verda. Men Hareide held fram som om det er noko objektivt ved kampsakene til KrF. Ergo bør ikkje ein «ekte» kristen røyste Frp, for Frp er ikkje kristeleg slik KrF definerer det kristelege. Men nestekjærleiken er ikkje meir en kristen verdi enn det er ein buddhistisk verdi, ein humanetisk verdi, ein jødisk verdi eller ein islamsk verdi. Det same gjeld «forvaltaransvar» eller «menneskeverd». Dette er allmennmenneskelege verdiar, uavhengig av tru. Det er fenomen vi alle kjenner er viktige i våre eigne liv, tru eller ikkje.

Å preike om objektive verdiar avleia frå ei subjektiv tru og deretter omsetje desse «objektive» verdiane til konkrete og allmenne politiske føringar er uryddig. Hald trua utanfor politikken. Lat bedehuset halde seg til tilbeding og song. Stortinget tek seg av den praktiske politikken.

Eskil Skjeldal

Eskil Skjeldal er forfattar med doktorgrad i etikk og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ergo bør ikkje ein

«ekte» kristen røyste

Frp, for Frp er ikkje

kristeleg slik KrF defi-

nerer det kristelege.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis