JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

August 1968:
Byrjinga på slutten for kommunismen

Invasjonen i Tsjekkoslovakia for 50 år sidan var mykje meir enn ei valdtekt av eit lite, europeisk land. Det var signalet om at sovjetimperiet tok til å falla saman.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5474
20180824
5474
20180824

Alle som opplevde morgonen den 21. august 1968, hugsar kva som skjedde: Då vi skrudde på radioen, fortalde hallomannen at Tsjekkoslovakia var hærteke.

Dei aller, aller fleste såg det som endå eit teikn på at Sovjet-blokka var solid heilt ned til botnen: Ein av byggjeklossane i imperiet hadde vore i ferd med å falla ut, men leiinga i Kreml hadde gripe inn. Militærapparatet til Warszawapakta verka etter oppskrifta. Over natta hadde troppeavdelingane gått over grensa til Tsjekkoslovakia. På nokre få timar var landet okkupert. I Warszawapakt-landa var det knapt protestar.

Etter invasjonen og fjerninga av partisjef Alexander Dubcek våren 1969 tok den såkalla normaliseringa til. Under leiing av Gustav Husak blei alle reformene rulla attende. Alle dei som hadde støtta Praha-våren, blei sparka frå jobben eller flykta til utlandet. Tsjekkoslovakia blei igjen ein lojal medlem av Warszawapakta.

Alle visste og skjøna at om folket hadde hatt noko å seia, ville Alexander Dubcek, ikkje Gustav Husak, ha vunne eit val overlege. Likevel blei resultata av invasjonen i Tsjekkoslovakia godtekne av nær sagt alle, i aust som i vest.

Vesten ville ikkje risikera ein tredje verdskrig for å forsvara dei austeuropeiske bufferstatane. I Aust-Europa var det få som ville våga livet når det likevel ikkje var utsikt til å styrta regimet. Sjølv om den sovjetiske økonomien var lite effektiv, hadde Sovjetunionen (les: Russland) meir enn nok ressursar til å halda oppe imperiet sitt. Partisjefen, Leonid Brezjnev, gjorde det klart at han ville invadera alle andre Warszawapakt-land som freista å gjera det same som Tsjekkoslovakia.

Eit stabilt diktatur

Slik kunne Sovjetunionen ha halde fram i lang tid. Eg reiste gjennom heile Sovjet i 1975, og eg oppheldt meg der sommaren 1981. Dei aller fleste sovjetborgarane var fattige etter vestleg målestokk. Om ein ville ha seg nye skor eller klede, måtte ein stå i endelause køar. Rett utanfor Moskva måtte folk henta vatn i brønnen, og helsestellet på landsbygda var ofte elendig.

Men Ivan og Natasja hadde lært seg å leva med systemet: Kom ein til ein restaurant der dei vanta grønsaker, kunne ein gje kelneren gulrøtene ein hadde kjøpt på kollektivbrukmarknaden, og etter ein halv time låg dei på tallerkenen. Ville ein byggja seg hytte på landet, var det ein svartebørsmarknad for plankar, takstein og vindauge. Var ein lydig og ikkje protesterte, vanka det ferie ved Svartehavet. Dei fleste sovjetborgarane såg ikkje politiske opponentar. Dei sat i fangeleirar i Sibir.

Det ein framfor alt merka seg i Sovjetstaten, var at alle militære var så godt kledde. Uniformene var av aller beste kvalitet, dei hadde solide, blankpussa støvlar, og dei opptredde alltid disiplinert ute på gata. Sovjetunionen var ein militærstat, eit moderne Sparta. Staten såg det som sitt raison d’être å dominera fyrst og fremst unionsrepublikkane og satellittstatane i Aust-Europa. Demokrati, ytringsfridom og forbrukarlykke var ikkje-eksisterande verdiar. Føremålet til regimet var å herska, kort og godt.

Det var denne logikken Alexander Dubcek og folka kring han gjorde opprør mot i 1968. Då Mikhail Gorbatsjov blei vald til generalsekretær i det sovjetiske kommunistpartiet på marsplenumet i sentralkomiteen i 1985, kom ein mann til makta i Kreml som tenkte på nett same måten som Dubcek. I ein nattleg samtale med kona si, Raisa, slo Mikhail Gorbatsjov fast at «me kan ikkje halda fram med å leva slik me har gjort». Gorbatsjov blei vald til den sjuande generalsekretæren i kommunistpartiet. Stalin hadde vore den fyrste. Gorbatsjov skulle bli den siste.

Poenget er at Sovjetunionen ikkje fall frå kvarandre som resultat av ein naturkatastrofe, eit militært nederlag eller ei økonomisk krise. Kommunismen braut saman fordi menneska på toppen ikkje ville ha han lenger – nett slik Dubcek og mennene hans heller ikkje ville ha den ortodokse kommunismen i 1968. Slik Dubcek la planar for å avskaffa partidiktaturet i Tsjekkoslovakia, ville Gorbatsjov gjera det same i Sovjetunionen. Sannsynlegvis ynskte ingen av dei å avskaffa sjølve det sosialistiske systemet. At sosialismen fall saman då Gorbatsjov sette ut i livet nokre av dei reformene som Dubcek hadde lagt opp til, var utilsikta. Dei trudde utan tvil at sosialismen ville overleva innføringa av politisk fridom. Der tok dei grundig feil, båe to.

Ulik lagnad

So kan ein spørja seg kvifor Tsjekkia og Slovakia på den eine sida og Russland på den andre fekk så ulik utvikling etter at kommunismen fall. Noko av svaret ligg nok i at Tsjekkia og Slovakia gjennom heile si historie hadde vore vestlege land med utvikla sivilsamfunn ved sida av den habsburgske keisarmakta. Russland hadde vore eit land styrt av éin tsar (eller eitt parti) utan andre samfunnsinstitusjonar som kunne utøva makt. Tsjekkia og Slovakia klarte difor overgangen til demokrati. Russland fall saman i kaos, før Vladimir Putin gjenoppretta den sentralstyrte tsarstaten.

Karl Marx noterte i si tid at Europa slutta sånn om lag ved den polske austgrensa. Den observasjonen gjeld diverre også i vår tid.

Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gorbatsjov blei vald til den sjuande generalsekretæren i kommunistpartiet. Stalin hadde vore den fyrste. Gorbatsjov skulle bli den siste.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis