JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Å måla born med norsk tommestokk

Førskulelærarane er sinte. Dei er plaga av Kunnskapsdepartementet og minister Guri Melby. For tredje gong på ti år har dei fått beskjed om å måla språkprestasjonane til alle barnehagebarn før borna forlèt barnehagen og byrjar på skulen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5427
20210219
5427
20210219

KOMMENTAR

jan.inge.sorbo@hivolda.no

Motstanden er massiv; han kjem frå dei som arbeider i barnehagane, frå fagorganisasjonane og ikkje mindre frå dei utdanningsmiljøa som har det faglege ansvaret. Dei reagerte negativt i 2010 og i 2016, og dei har ikkje endra syn.

Når motviljen i både yrket og fagmiljøet er så sterk, spør ein seg kvifor dei heile tida kjem tilbake med det same forslaget.

Det har både ei enkel og ei komplisert forklaring. Den enkle er rett og slett at dette vart ein del av regjeringsplattforma til dei fire partia i Granavolden-erklæringa. No er firepartisamarbeidet historie, men denne saka går sin gang.

Tiltak

Det meir kompliserte spørsmålet er kvifor saka kom inn i Granavolden-erklæringa. Ho handlar om at ein del born kjem til skulen med for dårlege norskkunnskapar og dermed får ein dårleg start som lett kan leia dei inn i vanskar både i skulen og i yrkeslivet. Det er eit problem; ingen er heller usamde i at det er uheldig. Problemet er størst i bydelar der det er store miljø som ikkje har norsk som førstespråk. Målingane er meint som eit effektivt tiltak mot dårleg språk hos desse borna.

Det er dette fagmiljøa protesterer på; det vil ikkje ha nokon effekt, seier dei. Eit tiltak som ville hjelpa, var å gjera dei to siste åra i barnehage obligatoriske, men det går ikkje departementet inn på. Å kutta kontantstøtta for barn frå fire til seks år kunne vera eit anna tiltak.

Det viktigaste argumentet frå førskulelærarane si side er at kartlegging i seg sjølv ikkje løyser noko problem. Men det kan skapa problem, dersom barnet alt i førskulealder får vita at det har mangelfulle kunnskapar og er på eit språkleg B-lag.

Kravet om målingar skaper også inntrykk av at barnehagepersonalet ikkje veit noko om språknivået til borna, noko dei bestemt avviser. Skal dei gjera noko med problema som dårleg språk skaper, må dei få ressursar til det – og ikkje bruke tida på målingar. Forslaget no er at ein skal måla, og så skal ein rapportera at ein har målt. Kva så? Resultata skal ikkje meddelast skulane, for der blir dei fort eit slags rulleblad som ein får med seg ved skulestart. Men kvifor skal ein i det heile teke måla?

Målbar kunnskap

Det generelle svaret er at styringssystema alltid spør etter målingar. Det er ein kamp mellom profesjonane og staten som har vart i alle fall sidan femtitalet. Staten har etterlyst målbar kunnskap om lærande. I Jonas’ (Bjørneboe) tid var det intelligensmålingar dei ville ha. Som Bjørneboe viser, forklarer slike målingar svært lite ved eit barn, fordi dei ofrar det særeigne for det allmenne og ignorerer den konteksten kvart barn står i. Dette er ein prinsipiell kamp, som vi også kan sjå i det prøve-og-måle-regimet som rir heile skuleverket for tida, og som skaper angst hos mange samvitsfulle pedagogar. For ikkje å snakka om den angsten det skaper hos elevane. Men betre resultat skaper det ikkje.

I tillegg er det ei anna og meir ubehageleg side ved dette. Dette er ei kartlegging av kor norske elevane er. Eit dominerande parti på Granavolden fekk seinare ein «integreringsminister» som såg det som ei integreringsoppgåve å visa folk ut av landet, og som kom med marsipankake då Utlendingsdirektoratet (UDI) hadde utvist tilstrekkeleg mange. Målingar av kunnskapane i norsk er også ei måling av nærværet av ikkje-norske kjennemerke. I denne tankegangen blir ikkje kjennskapen til andre språk og kulturar sett på som ein kulturell ressurs, men som ein fare.

Den norske staten kan ikkje springa frå si eiga historie. Ein har i tidlegare tider køyrt hardhendte program for å avskaffa kulturelt særpreg hos samar og romaniar, med ein brutalitet som framleis skremmer. Målingar av kor norsk ein har greidd å bli som tre- til femåring, kan ikkje sjåast heilt isolert frå måten ein har handtert kulturelle skilnader på før. Dette er ei side som er usynleg i forslaget, men når ein kjenner historia til den norske staten på dette feltet, må vi ta det med i vurderinga.

Ironi

Det framstår difor som ein stor, utilsikta ironi at ein har eit eige forslag for samane i det dokumentet som no er ute til høyring. Dei skal også testast, ikkje lenger i norsk, men i samisk. Men det er røysta til Jakob, som Skrifta seier: Dette er den same staten som ville gjera kunnskapane i samisk til inkje for nokre få tiår sidan. No skal samane testast i samisk med dei same metodane. Kva skjer om dei gjer det for dårleg, vil ein då senda dei over i norskklassa?

Skepsisen til det ikkje-norske er ikkje uttalt i skriva frå departementet, men han er ikkje fråverande av den grunn. Og han lèt seg ikkje kamuflera av at ein no innrømmer samane sin kulturelle rett, når dette tener som påskot for å mistenkeleggjera andre språklege kulturar.

I Utdanning.no skriv pedagogikkprofessorane Anne Greve og Solveig Østrem at dei faglege grunngjevingane for å innføra desse tvangsmålingane er parodiske.

Kanskje det er fordi dei handlar om noko anna enn dei seier. Avvisast bør målingane i alle fall.

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skepsisen til det ikkje-norske er ikkje uttalt i skriva frå departementet, men han er ikkje fråverande av den grunn.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis