Kommentar
¿ Landet utan elsparkesyklar
I 2020 skulle bruken av elsparkesykkel nå nye høgder i Noreg, men det gjekk ad undas. Kikar du på sykkelland nummer éin i Europa, Nederland, kjem den norske fadesen ikkje som ei overrasking. Der finst det ingen elsparkesyklar i byane.
Lytt til artikkelen:
Gjennom året har det vore ei storstilt miljøvenleg satsing på lette og ledige farkostar utan fossilt drivstoff: elsparkesyklar. Dei skulle skapa låg terskel for unge og gamle til å ta seg fram i gater og på torg i norske byar.
Brått dukka det opp ein haug elsparkesyklar – eller løparhjul, som dei òg blir kalla. I Oslo sentrum skal det for tida vera kring 12.000 sparkesyklar på straum. Eit høgt tal elsparkesyklar kom òg på plass i Bergen og Trondheim. Dei er til leige i nokre minutt for ein billig penge.
Men hadde nokon tenkt på at dei kom til å liggje strøydde utover fortau og gågater og stengje ferdsle for funksjonshemma? I juli vart om lag 200 behandla for skadar med elløparhjul i Oslo, tolv av dei var alvorleg skadde. Det har kome naudrop frå blinde som ikkje vågar seg ut i bysentrum lenger.
Siste nytt er at samferdsleminister Knut Arild Hareide har kome på banen. Hareide kalla tysdag kommunar, storbyar og utleieaktørar inn til møte med varsel om strengare lovgjeving.
Ingen elsparkesyklar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.