Kommentar

¿ Heimekontor som framtidig arbeidsplass

Covid-19 har lært oss å tenkje meir klimavenleg. Men ikkje i form av store tankar om klimamål. Vinsten ligg der vi minst ventar det.

Publisert

Lytt til artikkelen:

Det er himmelblått over storbyar i vest og aust. Sol og blåfarge tronar over Beijing, New Dehli og Jakarta, stader der sollyset ikkje har skine på mange år. Kinesiske styremakter melder om ein nedgang i partikkelforureininga på om lag 30 prosent. Og for fyrste gong på lang tid har det òg vorte mogeleg å sjå desse metropolane frå verdsrommet.

Det gjeld òg europeiske storbyar som Madrid, Paris og Roma. I Venezia er det reint vatn og jamvel fisk i kanalane. Grunnen er sjølvsagt koronatiltaka: heimekarantene og stogg i trafikk både i luft og på jord. Moder jord har fått ein pustepause, heiter det.

Men korleis kan jorda få ande rein luft vidare når koronaviruset slepper taket og samfunnsmaskineriet tek til att? Somme vonar at covid-19 har fått folk til å bli medvitne om kampen for eit sunnare miljø. Men mange klimaforskarar trur ikkje på den store revolusjonære snunaden: Om eit halvt eller eitt år har vi lagt korona attom oss, medan klimakrisa er like aktuell som før.

Framtidige arbeidsplass

Likevel: I det stille har det gått føre seg store endringar – ikkje i form av politiske vyar om klimamål, men i form av små, daglegdagse tilpassingar. Og det handlar om naudsynte, spontane tiltak under covid-19.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement