JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

🎧 Avvisinga og gjenoppdaginga

Opprør. Protestval. Jordskjelv. Skred. Slitasje i leiande parti. Desse og alle moglege andre nemningar har sirkulert i media denne veka. Det er rettare å tale om ei avvising av ein sentralstyrt definisjon av politikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5325
20190913
5325
20190913

Lytt til artikkelen:

På tre område har partivesenet og dei politiske blokkene sprokke. 1) Tilliten til partia er monaleg svekt. 2) Skiljet mellom sentrum og periferi har stilt og roleg blitt eit stort tema. 3) Inndelinga i norsk politikk i ein høgre–venstre-akse er så godt som daud i distrikta.

Vi her «ute i distriktene» har prøvd å diskutere slik utvikling i lengre tid. Stortinget har gjeve frå seg hovuddelane av politikkmakeriet til direktorat, føretak, aksjeselskap, stiftingar og så bortetter. Slik kan eller vil ikkje rikspolitikarane gripe stort meir inn i helsepolitikk, energipolitikk, fiskeripolitikk, utdanningspolitikk eller kva det no er folk er opptekne av, enn det lokalpolitikarar kan. Motparten er eit andletslaust byråkrati. Dyktig, ja, men ikkje til å snakke med.

Ei mengd forlik

Når då Arbeidarpartiet laga ei mengd forlik med dei tradisjonelle motpartane sine i Stortinget, har det skapt ei meir føreseieleg utvikling på fleire område, mange fann det positivt. Det har likevel gjort det vanleg å tale med to tunger, særleg på den såkalla venstresida: Ja, vi er for forlika, men mot verknadene av dei. Spør ein, får ein vite at rikspolitikarane er bundne på hender og føter.

Når vi såleis spør kva tid kommunane får råd til å tilsetje nok lærarar og reparere skulebygga sine, er det lite hjelp i å få «Skolemat!» som slagord attende. «Kven skal betale», spør vi då. Frå grender «ytterst ute» i «distriktene» og til store byar lever vi då i uro over moglege budsjettkutt, og å fortelje oss at kommunane aldri har hatt så god økonomi, hjelper ikkje oss som kan lese budsjett. Når Ap insisterer på at helseføretaka skal halde fram som dei er, men jamt klagar over at det vert for mange deltidsstillingar, ikkje minst i helseføretaka, då sluttar vi å høyre etter. Når det knapt lenger finst fiskeripolitikk, men kvoteordningane er privatiserte og til fals i marknaden, er det vanskeleg å tru på politikk for distriktsnæringar. Slike døme kan vi ramse opp lenge.

Effektivisering

Lenge var dette eit Ap-problem; Høgre visste jo alle kvar dei hadde, dei var jo for storparten av alt Ap var imot. Men sanneleg klarte ikkje Høgre og Frp å forvirre eigne veljarar, som lenge har vore like vise om det er talspersonane for partia som seier det som gjeld, eller regjeringssjefen. Bompengekrigen, mest gyldig berre for Bergen og Oslo og Nord-Jæren, har rast i månadsvis i staden for diskusjonar om kommunepolitikken. Ikkje berre kommunereforma, men den såkalla nærpolitireforma og omleggingar i helsestellet – såleis nedleggingar av fødestover – har skapt diskusjonar som knapt nokon rikspolitikar har teke alvorleg. Utanom Senterpartiet har flestalle snakka som om alt handla om effektivisering.

Med rette eller urette meiner jamt fleire at dei får større voner av å satse på to heilt skilde grønfargar: felleskjøpskjeledressgrønt for «de der ute i distriktene» og parkgrønt for storbyane – kvar sin smak. Båe med framhjelp frå skulestreikar og andre aksjonar, der antivindmøllefolket hamnar i Sp og provindmøllefolket i MDG. Venstre og KrF har ikkje lenger noka rolle i distriktsopprør, endå dei slit med restar av ein alternativ retorikk som ikkje lenger fungerer.

Politisk samarbeid

Heile veka har ein i media undra seg over eit fenomen som at Folkeaksjonen Nei til mer Bompenger (FND) i Stavanger kan samarbeide med om lag heile det politiske spekteret og lande på avtalar med Ap, Sp, SV, MDG og Rødt. Det er elles oversett at dei går saman med Ap og Frp i Sandnes. Det finst tilsvarande mengdevis av døme på at lokale aksjonar har sprengt høgre–venstre-aksen over heile landet. Lokale problem og løysingar er viktigare enn lovnader frå landspartia som ingen lokalt kan rekne med å halde.

Enkelte veteranar i politikken har skjøna at folk er leie av sjølvmotseiingane frå dei gamle partia, så som sauebonden Helga Pedersen i Tana, som arbeidde imot samanslåinga av dei to nordlegaste fylka og støtta mange av punkta i organisasjonen ForFinnmark. Tydeleg tale lønte seg i Tana: 39,8 prosent landa Ap på der. Overalt er det tydeleg at det er klår tale (som ikkje med naudsyn er logisk, kan vi hugse) som gjeld.

Fyndord og slagord

Når Lan Marie Berg medvite fornærmar somme med å rope «Vi elsker bomringen!», er ringen slutta, så å seie: Politisk truverd ytrar seg no med fyndord og slagord som heilt løyser seg frå grubleri på gamle partikammers. Utetter valkampen klang ferdiglaga ikkje-svar leverte av rutinerte politikarar holt. Etter valet organiserer lokalsamfunna seg uavhengig og rekrutterer andre politikaremne enn dei som før har vore påsette og strigla. Det er liten grunn til å tru at leiingar på noka høgre- eller venstreside kan vinne att kontrollen. Det er for seint. Norsk politikk er grunnleggjande endra. Katten er ute or sekken og kan ikkje fangast inn igjen. Han vert visst kalla «demokrati» og melder seg som ei gjenoppdaga overrasking.

Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det er for seint.

Norsk politikk er

grunnleggjande endra.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter valet i 2016 blei det vanleg å seie at Trump vann fordi folk hadde oversett kjenslene til den kvite arbeiderklassa. Er biletet eit anna i denne omgangen?

Foto: Dustin Chambers / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Overkorrigeringa

NEW YORK: Mark Lilla fekk enorm merksemd for sin diagnose av presidentvalet i USA i 2016. Eg oppsøker han for å få oppdaterte psykologiseringar av den amerikanske folkesjela anno 2024.

Ida Lødemel Tvedt

Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Eit spørsmål om kontroll

I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?

Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.

Foto: Samlaget

BokMeldingar
ArildBye

Ein av oss

Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.

Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.

Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB

IntervjuSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Nato-toppen som sa det han tenkte

Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.

Feature

Greske byggjeklossar

Eg dreg til Kreta og lærer om skilnaden på tyske og britiske turistar.

May Linn Clement

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis