JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Grotesk misunning

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

George Osodi / AP / NTB scanpix

George Osodi / AP / NTB scanpix

2360
20180511
2360
20180511

Epistel

Det var ein gong ein fiskar som dagleg fiska, selde fisk og tok resten med seg heim att for å eta saman med familien. Ein dag hang fiskegarnet hans fast i noko då han skulle draga det inn att. Han måtte ta godt i for å draga opp garnet med berre éin fisk i.

­– Slepp meg! Eg er vassbrura og kan løna deg godt og oppfylla draumane dine om du slepper meg ut att, sa fisken.

Fiskaren tenkte først at fisken ville gje han inntekt den dagen. Deretter tenkte han at han kunna tena meir på sleppa han ut att.

– Eg vil oppfylla krava dine, men vilkåret er at grannen din alltid får dobbelt så mykje, sa fisken.

Fiskaren godtok vilkåret. Neste dag gjekk han tidleg til elva og rodde ut til staden der han hadde sleppt ut att fisken, og ropa:

– Eg treng ein bustad som passar til heile familien. Kona og eg, borna våre og foreldra mine bur i ei lita hytte.

– Når du kjem heim att, kjem du til å finna hytta di forvandla til eit stort slott, sa fisken.

Då han kom heim att til slottet, såg han at grannen hadde fått to slott, det eine ved sida av det andre.

Dagen etter drog han attende til vassbrura og sa:

­­– Eg kjem for å takka deg for slottet. Men dei som bur på slottet, må ha pengar. Eg er lutfattig. Kan du skaffa meg pengar?

­­– I bakgarden til slottet finn du ein haug med gullmyntar, nok til deg og familien din for resten av livet, sa fisken.

Då fiskaren kom heim att, fann han gullmyntane, men han la òg merke til at grannen hadde to mynthaugar i bakgarden. Fiskaren tenkte: Dette er mitt prosjekt. Eg fanga fisken. Kvifor får grannen dobbelt så mykje som eg? Misunninga tærte på han. Han ynskte seg mykje meir. Korleis kunne han skada grannen, som alltid fekk dobbelt så mykje som han? Han låg søvnlaus lenge, men brått såg han føre seg ei løysing som gjorde at han til slutt fall til ro og sovna.

Neste dag ropa han på vassbrura.

– God dag! Kva kan eg hjelpa deg med denne gongen, spurde ho.

– Fjern ei av nyrene mine, sa fiskaren.

Vassbrura stussa over det merkelege kravet, men godtok det og sa til fiskaren:

­– Når du kjenner kroppen din skaka litt, er ei av nyrene dine fjerna.

Fiskaren fall skjelvande i båten og innsåg at nyra var vekk. Deretter drog han spent heim att, og fekk høyra grannefamilien skrika og bera seg fordi far i huset var død.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Helsedirektoratet i Noreg tilrår same behandling for ME og kronisk utmatting.

Foto: NTB

Ordskifte

«I dag får ikkje ME-pasientane rett behandling.»

Bjørn K. Getz Wold

Kathrine Nedrejord er forfattar, dramatikar og scenekunstnar. Ho er samisk med røter i Kjøllefjord i Finnmark, men har budd i Paris sidan 2011.

Foto: Fartein Rudjord

BokMeldingar

Eg ropar om det heile tida

Boka til Kathrine Nedrejord er både pamflett og roman.

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis