Djevelen og bondenEpistelWalid al-KubaisiEin ven drog over svenskegrensa for å handla. På heimveg vart han stoppa av tollarane og beden om å opna bagasjerommet. Tollarane såg at kvoten stemde med lova, og sa: «Takk! Ha ein god tur vidare!»

Publisert

Ein ven drog over svenskegrensa for å handla. På heimveg vart han stoppa av tollarane og beden om å opna bagasjerommet. Tollarane såg at kvoten stemde med lova, og sa: «Takk! Ha ein god tur vidare!»

Neste gong mannen var på svenskehandel, smugla han to flasker akevitt i baksetet, fordi tollarane berre hadde sjekka bagasjerommet gongen før. Den lovlege alkoholkvoten vart plassert i bagasjerommet. Tollarane stoppa han denne gongen òg, men vart møtt med eit ynske om å sjekke resten av bilen. Mannen som prøvde å spela på at han berre hadde den lovlege kvoten, kunne ikkje lura tollaren. Ein kjenner yrket sitt betre enn djevelen, som irakarane seier.

Soga om djevelen og bonden forklarar dette ordtaket. Bonden og djevelen vart samde om å dyrka eit jordstykke med rotgrønsaka nepe. Dei planta nepene og skulle dela avlinga dei hausta. Plantene grodde med grøne blad, og bonden såg at nepene var klare til hausting.

– Djevel, dei grøne, fine, frodige blada du ser her, er til deg. Det er kvoten din. Røtene er mine. Kva seier du til ei slik deling?

Djevelen, som ikkje var bonde og heller ikkje likte slikt arbeid, meinte at det var ei rettvis deling. Bonden tok opp røtene og samla blada i ein haug til djevelen. Djevelen tok med seg blada til marknaden, men vart møtt med latter.

– Det er nepene, ikkje blada, som er rotgrønsaker, sa dei andre seljarane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement