Det merkelege livetEpistelWalid al-KubaisiEi merkeleg lett løysing: – Hjelp meg å stogga bølgjene, bad ho.
Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB scanpix
Ei merkeleg lett løysing: Ei søt lita jente brukte å gå ned til sjøen og spegle seg i vatnet. Ho undra seg over andletet ho såg i vassoverflata. Ein dag tok ho med seg veslebroren dit. Medan ho mediterte og leika med håret sitt framfor spegelbiletet, kasta broren ein stein i sjøen, slik at biletet byrja bølgja og vart uklart. Jenta vart sint og prøvde å stilla bølgjene, men til inga nytte. Ho vart verande heile natta, men sjøen var stadig i rørsle. Før morgongry kom ein vismann forbi.
– Hjelp meg å stogga bølgjene, bad ho.
– Det finst berre éin metode: Lat vatnet stilna av seg sjølv, sa vismannen.
Ein merkeleg løyndom: Ei legendarisk elv i Peru er kjend for at ingen som fell i henne, kjem levande frå det. Historier og legender florerte om den skremmande elva, til urfolket som budde ved elva, flytta. Generasjonar kom og gjekk, og minna om faren ved å nærma seg elva, vart fjerne.
Var historia sann eller berre fiksjon? Det ville studenten Andres Ronzo finna ut av då han gjekk gjennom buskene til elva for å avsløra løyndommen. Den vitskaplege sanninga som vart dokumentert, var at kjelda til elva ligg så djupt i jorda at vatnet er på kokepunktet, og at alle levande organismar som fell i elva, døyr av varmen.
Merkelege menneske: Om du tenner dei ti fingrane dine som talgljos og eitt av dei sloknar, vil somme gløyme dei ni andre ljosa og stilla deg til ansvar for ljoset som ikkje er tent lenger.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.