JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Den russiske og kinesiske trusselen

Den opne trugselvurderinga sjefen for Etterretningstenesta la fram måndag, teiknar eit trist bilete av ei verd som går i feil retning.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5574
20200214
5574
20200214

Lytt til artikkelen:

E-sjef Morten Haga Lunde fortalde denne veka det norske folket om kva trugsmål som møter oss i dag og i den nærmaste framtida: eit stadig mektigare Kina, eit stadig meir opprusta Russland, kaos i Midtausten og Nord-Afrika og framvokster av meir ekstremisme i vårt heimlege Europa.

Den russiske Nordflåten og dei russiske landstyrkane på Kola er i ferd med å etablere sin situasjon der halvparten av Nord-Noreg ligg innanfor kjerneområdet for forsvaret av det militære komplekset på Kolahalvøya. Nesten heile havområdet utanfor Noreg, det vil seia Norskehavet ned til Nordsjøen, ligg innanfor det framskotne bastionforsvaret. Dette er havområdet Russland vil forhindra at ein fiende skaffar seg kontroll over.

I tillegg er Moskva i ferd med å etablera rakettbasar på Kola som vil setja Russland i stand til å slå ut store delar av den sivile og militære infrastrukturen i heile Skandinavia på kort tid. Varslingstidene for nokre av desse rakettane er korte, om lag 40 minutt, og det finst i dag ikkje noko forsvar mot dei.

Flyttar merkesteinar

Trugsmål eksisterer òg frå den andre store autoritære staten i verda i dag, Kina. Naturleg nok er dette trugsmålet ulikt det Russland representerer, men det kan på lengre sikt vera like alvorleg.

Kina flyttar ved hjelp av teknologiske og økonomiske midlar merkesteinane for makta si. Når kinesisk teknologi er bygd inne i alle dippeduttane me omgir oss med, kan Kina nytta dette til å leggja økonomisk og politisk press også på land som ligg langt borte, som til dømes Noreg. Ved at Kina opptrer meir og meir i tandem med Russland, blir det ei maktblokk som har både dei militære, økonomiske og teknologiske musklane som skal til for å utfordra den eksisterande verdsordninga.

Oppå dette kjem altså presset frå islamske ekstremistar og heimlege høgreekstremistar. Korkje IS eller Al Qaida er døde, peikar E-sjefen på, og dei kjem til å forsterka åtaka mot vestlege interesser dei neste åra. Organiserte terroråtak frå den ytterleggåande høgrekanten er heller ikkje usannsynleg. Til no har det vore mest einskilde personar som har stått bak slike åtak, slik me såg døme på i Bærum i sommar, men ein kan ikkje sjå bort frå at dei veks i omfang og blir farlegare.

Det er ikkje nokon grunn til – etter mi meining – å setja store spørsmålsteikn ved det biletet E-sjefen strekar opp. Dei russiske marineøvingane utanfor kysten av Noreg er ein tydeleg illustrasjon på marinestrategien til Nordflåten. Då president Vladimir Putin for ei tid tilbake laga eit propagandanummer av dei nye russiske rakettvåpena, trekte mange på skuldrene og trudde det var mest skryt. No ser det ut til at desse våpena dukkar opp på ein basar nær oss. At Kina byggjer seg opp til ei dominerande økonomisk makt, er heller ikkje nytt. Dette har skjedd gjennom dei siste 20 åra. Enkelte vestlege aktørar hevda at Kina aldri – i motsetnad til alle andre makter i historia – ville setja om den økonomiske styrken til geopolitisk innverknad. Sjølvsagt vil dei det. E-sjefen strekar berre opp eit bilete av ei utvikling som alle som har sysla med historie, vil kjenna igjen.

Kva må gjerast?

Så er spørsmålet sjølvsagt: Kva gjer me med framvoksteren av nye og sterke antivestlege makter og eit vedvarande trugsmål frå terroristar av ymse slag? Det seier seg sjølv at det ligg langt utanfor fullmaktene til E-sjefen å svara på dette.

Skal ein gje eit svar, er det for det fyrste grunn til å understreka at det ikkje handlar om at den kalde krigen skal utkjempast på ny. Supermakta Sovjetunionen var eit sjølvgåande økonomisk system nesten utan samband med resten av verda. Det er langt ifrå der Russland og Kina er i dag. Båe maktene er avhengige av korleis verda samhandlar med dei. Demokratiske land har heilt andre moglegheiter til å påverka Kina og Russland enn me hadde når det gjaldt Sovjet for 50 år sidan. Det gjev håp for framtida.

På den andre sida er det faktisk slik at demokratiet og dei frie samfunna er utfordra av dei autoritære maktene. Om me lukkar augo for utfordringa, kan me vakna opp ein dag då det er dei som definerer korleis verda ser ut, i staden for omvendt. Det er noko banalt å seia at vestlege politikarar må bli meir medvetne om kva mål dei autoritære statane har for politikken sin og setja tydelege grenser. Likevel er det naudsynt å seia det.

Konseptet forsvann

Til sjuande og sist vil talet på demokratiske samfunn i verda også i framtida vera avgrensa, og historia dei siste 30 åra har synt at Vesten ikkje kan styra utviklinga i til dømes Midtausten slik me helst vil det. Då blir det mykje viktigare å styra utviklinga i våre eigne samfunn, slik at dei blir meir robuste for utfordringar og kriser.

Til dømes har me systematisk lagt ned sivilforsvaret og heile det militære mobiliseringsforsvaret. Med opne auge har me gjort heile samfunnet avhengig av eitt internett, eit par teleoperatørar og ei sårbar straumforsyning. Heile konseptet om samfunnstryggleik er forsvunne. Utgangspunktet har vore at ingen vil oss noko vondt, korkje no eller i framtida.

Når det vonde dukkar opp, er det ikkje sikkert at det er korkje Kina, Russland eller IS som står bak. Det som er sikkert, er at me vil vera dårleg førebudde den dagen det skjer.

Halvor Tjønn er forfattar og journalist og fast skribent
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei russiske marineøvingane utanfor kysten av Noreg er ein tydeleg illustrasjon på marine­strategien til Nordflåten.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis