Den menneskelege brorskapenWalid er ikkje her lenger. Me vart kjende medan han budde på Hove asylmottak utanfor Arendal på 1980-talet. Eg har fått æra av å hylla han her på den vande staden hans på side 3.
Walid er ikkje her lenger. Me vart kjende medan han budde på Hove asylmottak utanfor Arendal på 1980-talet. Eg har fått æra av å hylla han her på den vande staden hans på side 3.
Det var ein gong to brør som var fødde med berre eitt års mellomrom, men med ein verdsdel mellom fødestadane. Difor kjende dei ikkje til kvarandre, men båe hadde dei andre brør på kvar sin kant, biologiske brør, som ulike terningkast av dei same genane. Og då dei mista ein bror, såg dei skuggen av sorg som la seg over familien.
Kvitkledde trusbrør hadde dei òg, på kvart sitt kontinent og i kvar si tru, og dei var ikkje mindre brør enn dei biologiske. Stundom likna dei svake ljos i mørkret, og sorgskuggen vart lengre då då dei mista trusbrørne òg.
Ein dag hadde dei ikkje fleire brør att, og då braut dei opp heimanfrå. Kvar for seg byrja dei å fara og sviva ikring på jorda, truleg for å sjå kor langt skuggen av sorg strekte seg.
Då dei var kring tretti år gamle, var dei nådde så langt nord at dei innsåg at mørkret truleg låg overalt. Det hadde vore ei tid for å søka ljoset, og ho var over, og det var ei tid for å slå seg ned og skipa eigen familie, og ho var no. Den eldste av brørne enda ferda si ein stad han aldri hadde vore før, men som han no ville freista å gjera til ein heim. Den yngste av dei enda ferda på fødestaden, i von om at staden kunne verta som ein heim att.
Av di det var same staden, møttest dei. Det tok si tid før den yngste av brørne vart medveten om slektskapen, for når dei var i lag, var det så mykje anna han fekk auga på. Nyansar og detaljar som ikkje hadde vore synlege i skuggane, byrja no å verta tydelege. Som ved ein soloppgang trengde ljoset djupt inn i historia hans, og i den større historia som han var ein del av. Etter kvart som dei vart betre kjende, fall ljoset frå storebroren på hendingar som fann stad for både tusen og to tusen år sidan. Sjølv var eldstebroren nøgd med at det nye og ukjende heimlandet no vart heimsleg i ljoset frå veslebroren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.