JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Sidene 2-3

Administrative sanksjonar

Dersom sanksjonane frå forvaltninga blir hardare enn straffene i rettsvesenet, har vi eit problem.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4997
20200131
4997
20200131

Kan ein få straff utan å vera dømd? Det enkle svaret på dette er nei: Berre retten kan døma folk til straff. Men vi løyser ikkje dette problemet med ein definisjon, for det finst sanksjonar som blir opplevde som straff. Grensa mellom sanksjonar og straff er vanskeleg å trekkja.

Spørsmålet om sanksjonar blir straff, reiser seg når regelbrot blir møtte med svært strenge sanksjonar frå statsforvaltninga. Slike saker finst hos Skatteetaten, i administrasjonen av innvandringssaker og i Nav, for å nemna nokre døme. Har ein budd i Noreg i eit par tiår, kan ein likevel missa opphaldsløyve dersom nokon finn ein feil i eit 20 år gammalt dokument. Det er ein streng sanksjon, men han kan setjast i verk administrativt. Den som blir ramma av sanksjonen, har derimot rett til å få prøvd saka rettsleg – om ein har ressursar til det.

Lovheimel

Det er ikkje noko lovbrot at slike sanksjonar blir sette i verk. Det finst lovheimel for å setja i verk såkalla administrative sanksjonar, og dei kan vera strenge. Men blir dei for strenge, kan ein spørja om dei ikkje heller burde sortera under straffelova. Og for å halda meg til dømet over: Å bli skild frå eigen familie og send til eit land ein ikkje lenger har tilknyting til, er ein streng sanksjon. Dei fleste av oss ville oppleva nokre veker i fengsel som ein langt mindre dramatisk reaksjon.

Det finst andre døme på lovlege sanksjonar: Ytingar til livsopphald kan knytast til vilkår om aktivitet. Dersom systemet finn ut at du ikkje oppfyller vilkåra for aktivitet, misser du retten til livsopphald. Då har du ingenting å greia deg med. Det må kallast ein streng sanksjon, då står det att berre tigging eller kriminell verksemd om ein skal overleva.

Dilemma

Ein psykiater skreiv nyleg om ei ny pasientgruppe: menn i femtiåra som har mist arbeidet, og som ikkje greier å skaffa seg nytt arbeid. Dei blir deprimerte, for utsiktene til å missa den mellombelse støtta i form av avklaringspengar er skremmande. Skal dei då få sjukemelding fordi dei er deprimerte? Depresjonen er i dette tilfellet i stor grad skapt av den desperate situasjonen dei er i.

Det blir eit tragisk dilemma: Er dei deprimerte nok, kan dei bli uføre og greia å forsørgja seg og sine, men risikoen er at dei kan bli så friske at dei misser retten til stønad. Også dette tilfellet viser at sanksjonar kan ramma vel så hardt som ei avgrensa straff, ei bot eller eit kort fengselsopphald.

Om ein kallar noko straff eller sanksjon, er ikkje berre snakk om val av ord. I rettslege prosessar har ein rett på forsvarar. Når det gjeld sanksjonar, må ein eventuelt sjølv skaffa juridisk hjelp, eller gå til sak. Det krev ressursar som mange av dei sanksjonerte ikkje har.

Mistanke

Eit anna poeng, som vart fyndig formulert av tidlegare ekspedisjonssjef i justisdepartementet, Øystein Blymke, er om rettstryggleiken er god nok for dei som blir ramma av sanksjonar og ikkje av straff. I ein artikkel i Dagens Perspektiv (12. desember 2019) spør han om eit viktig prinsipp i rettsstaten er oversett i delar av forvaltninga, nemleg prinsippet om at alle er uskuldige til det motsette er bevist.

Når fleire og fleire av brukarane i forvaltningssystema (Nav, UDI, Skatteetaten og så vidare) opplever at dei blir møtte med mistanke om regelbrot, kan det tyda på at dette prinsippet ikkje spelar ei viktig nok rolle. I rettssystemet er det slik at skulda må provast av påtalemakta. I forvaltninga kan det stundom verka som brukarane må ta bevisbøra; dei må prova at dei er uskuldige.

Dette er ikkje ein intern juridisk diskusjon eller eit teoretisk problem. Kva slags rolle forvaltninga skal ha, og kva som ligg i rettssystemet, er eit politisk spørsmål. Det er ikkje eit mål å flytta mest mogeleg inn i rettssystemet, som har kapasitetsproblem nok frå før. Derimot må ein diskutera om det skal setjast grenser for kor harde sanksjonar forvaltninga skal ha tilgang til.

Dette spørsmålet blir akutt når saksjonane til forvaltninga blir hardare og får større konsekvensar for borgarane enn avgjerder i rettsvesenet. Det gjev grunn til uro og ettertanke, for ikkje å ta sterkare i.

Lovstridig praksis

Nav-saka viser at forvaltninga kan koma inn i ein lovstridig praksis, og i det tilfellet stadfesta rettsvesenet denne praksisen. Men saka viser også at det kan gå så sterke signal frå styringsnivået i departementa at ein blir blind for viktige prinsipp. Saka er særleg stygg fordi ho handlar om at to av dei mektigaste institusjonane i landet, statsforvaltninga og rettsvesenet, knuser tilværet til nokre av dei svakaste gruppene i samfunnet. Det ligg politiske føringar her som ikkje er hyggelege å tenkja på.

Nettopp difor må ein tenkja gjennom dette spørsmålet: Kor sterke sanksjonar kan vi tillata utanfor rettssystemet?

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Depresjonen er i stor grad skapt av den
desperate situasjonen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis