🎧 Når fortida vert lynsja
Kven går fri om vi legg vårt eige moralske kompass på fortida?
Bartolomé de las Casas vitna om overgrep mot amerikanske urfolk i ei bok med mellom anna dette trykket frå Joos van Winghe og Theodor de Bryr.
Bartolomé de las Casas vitna om overgrep mot amerikanske urfolk i ei bok med mellom anna dette trykket frå Joos van Winghe og Theodor de Bryr.
Lytt til artikkelen:
KOMMENTAR
Den spanske misjonæren Bartolomé de las Casas (1474–1566) verka som prest, historikar og det vi i dag vil kalle menneskerettsforkjempar i den nye erobra verda på 1500-talet. Etter fleire tiår i Karibia, Guatemala og Mexico, kor han dokumenterte spanjolanes brutale herjingar, skreiv han noko som liknar ein profeti: «Eg trur at Gud, på grunn av desse spottelege, skurkaktige og avskyelege gjerningane som er utførte på så urettferdig, tyrannisk og barbarisk vis, vil ause ut raseri og vreide.»
Heile Spania, meinte han, hadde tatt sin blodige skjerv av rikdomane og rana dei til seg med død og ruinar som følge. Med denne domen slo Bartolomé de las Casas fast eit kollektivt ansvar, ikkje berre for Spania og si eiga tid, men for framtidas Vesten. Utplyndringa av dei innfødde var grunnlaget for den nye verda, og måtte, ved Guds rettferd, straffast.
Fillerista fortid
I dag vert statuar av Kristoffer Columbus tagga med «genocide», lynsja og halshogde. Columbus er ikkje åleine med denne vanærande lagnaden. Han er del av ei fortid som no vert fillerista og straffa. Om det ikkje er Guds vreide som råkar, slik Bartolomé de las Casas profeterte, så er i all fall vreiden så stor at han raskt har breidd seg til heile den vestlege verda.
Etter drapet på George Floyd i Minneapolis 25. mai har ei rekkje statuar knytte til USAs slavehistorie vorte skjemde, øydelagde eller fjerna. I ein god del tilfelle, slik som i sørstatane, er det politikarane sjølve som tar grep og fjernar dei som tidlegare var heltar og gjekk til krig for å halde fram med slaveri.
Vandalisering og fjerning av brysame statuar skjer no også i den gamle verda – i Europa. Slavehandlaren Edward Colston (d. 1721) hamna i elva Avon i Bristol, og Kong Leopold II, som styrte Kongo med blodig hand fram til 1908, vart tilgrisa og fjerna i Belgia.
I Noreg vart det raskt semje om at vi ikkje riv ned statuer i affekt, men diskusjonen vart reist både om namnearven frå slavehandlaren Jørgen Thor Møhlen i Bergen, og om statuane over Ludvig Holberg, Kristian IV og Winston Churchill i Oslo.
Kva er det som skjer? Her er det fleire prosessar i sving på ein gong. Black Lives Matter-rørsla køyrer fram som beinhard identitetspolitikk. «Støttar du ’All Lives Matter’, er du ikkje min venn», er bodskapen ungdommar får på sosiale media. Den svarte erfaringa vert det einaste som tel, og polarisering ligg like om hjørnet.
Identitetspolitikk
Ifølge den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama, som vitja Noreg i fjor, er identitetspolitikk forklaringa på mykje av det som skjer globalt. Identitet har vorte ei viktigare drivkraft enn økonomi. Ei rekke identitetar baserte på nasjon, etnisitet, seksuell orientering eller kjønn står fram og krev anerkjenning og særskilt verdigheit der dei tidlegare har vore marginaliserte. Denne vegen leier til økt konflikt dersom ein ikkje finn fram til ei universell forståing av verdigheit, er Fukuyamas bodskap.
Eit alternativ til den harde identitetspolitikken er å diskutere kva slags kollektivt minne vi skal hegne om, meiner den tyske professoren Aleida Assmann, dronninga av forskinga på minnekultur. Ho kritiserer Fukuyama for å blande saman individuell og kollektiv identitet i det generelle omgrepet identitetspolitikk. Konseptet overser i tillegg historiske samanhengar og distinksjonar, og det blandar saman «pride», som er ei kjensle, og «dignity», som er eit etisk prinsipp om likskap.
Korleis kan minnekultur vere eit konstruktivt grep i møte med den ubehagelege fortida, til dømes afroamerikansk slavehistorie? Det handlar om kva slags forteljing vi som fellesskap skal vere ein del av, og korleis ho skal minnest. Historia er ei form for arkiv, og samfunnet vel kontinuerleg kva som skal fram frå arkivet og vere ein del av det kollektive minnet. I dette perspektivet er det ikkje vanskeleg å forstå at sørstatsgeneralane ikkje kan vere stilte ut som heltar i dagens USA. Kven som skal stå på sokkel, er sjølvsagt noko samfunnet kan diskutere.
Halshogging
Samstundes er fortidas mørke sider noko vi i vår eiga tid korkje kan endre eller ta moralsk ansvar for, men noko vi må inkludere i den grunnleggjande forteljinga om oss sjølve. Det finst kanskje andre alternativ enn å halshogge Columbus og Colston?
Personleg meiner eg at halshogging er ein straffemetode som ikkje høyrer heime i den moderne Vesten. Korleis kan vi då møte den fortida som på den eine sida er traumatisk, og på den andre sida er tyngd av skuld, slik slavehistoria er? Det kollektive minnet, anten det høyrer til nasjonen eller minoriteten, ser alt frå eitt kjensleladd perspektiv og vil forenkle. Det maktar ikkje å bere ambivalensen i historia, men freistar heile tida å redusere historia til arketypar – som sigerherre, skurk, martyr eller offer.
Det vi treng i møte med den ambivalente fortida, er ulike minne om og ulike synsvinklar på same historie, slik at vi får eit «dialogisk minne» som kan vere sant mot historia og tene den verda vi ynskjer å forme i dag.
Dagboka til Kristoffer Columbus teiknar ei anna forteljing enn forteljinga Black Lives Matter-rørsla vil minnast. Og går ein Holberg nærare i saumane her på berget, finn ein moderne fordommar og ukunne i aksjonen mot statuen, slik Marianne Solberg viste i Klassekampen tysdag 16. juni. Det viktigaste vi kan lære av fortidas splintar, er faktisk å sjå etter bjelken i vårt eige auge.
Innvikla
For kven går fri om vi til kvar tid legg vårt eige moralske kompass på fortida? Sjølv ikkje Bartolomé de las Casas, munken som vitna om spanjolanes ugjerningar og profeterte om Guds straff, går fri i historias åker, kor ugras og kveite gror i lag. Han kjempa for menneskeverd og rettar for indianarane, og fekk ein slutt på at spanjolane kunne ta indianarane som slavar.
Baksida var at han – for å kompensere for tapt arbeidskraft – samstundes argumenterte for å nytte sterke svarte slavar frå Afrika i staden for veike indianarar. Seinare angra han på dette, men skaden var alt skjedd. Historia er som livet, vikla inn i skuld og ambivalens.
Eivor Andersen Oftestad
Eivor Andersen Oftestad er forfattar og forskar ved MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn og fast skribent i Dag og Tid.
Kven som skal stå på sokkel, er sjølvsagt noko samfunnet kan diskutere.