VerdetEPISTELWalid al-KubaisiI den britiske kolonitida i India vart det rapportert at ein engelsk offiser gav ein indisk lutfattig borgar ein øyrefik. Den fattige indaren svara med å gje offiseren ein øyrefrik som var så hard at offiseren fall i bakken.
I den britiske kolonitida i India vart det rapportert at ein engelsk offiser gav ein indisk lutfattig borgar ein øyrefik. Den fattige indaren svara med å gje offiseren ein øyrefrik som var så hard at offiseren fall i bakken.
Offiseren trekte seg frå opptrinnet, sjokkert over hendinga, medan han tok opp att for seg sjølv: «Korleis vågar ein indar å slå ein offiser i det britiske imperiet, som styrer verda?»
Han gjekk til kommandosenteret og bad dei straffe indaren, som han meinte hadde gjort ei utilgjeveleg straffbar handling. Men den høge kommandanten roa ned offiseren, tok han til kontoret sitt, opna pengeskapet som vart stappfullt av rupiar, og sa:
– Ta 50.000 rupiar frå statskassa og gå til indaren og be om orsaking for at du gav han ein øyrefik. Gje han pengane som erstatning.
– Men fornærminga mot meg er samstundes retta mot Hennar majestet og Storbritannia, sa offiseren.
– Det er ein ordre, svara kommandanten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.