Kommentar
Vegen inn i fælska er vegen ut or henne
Rettssaka om Charlie Hebdo-attentatet brettar ut alt ein ikkje før har sett.
Gatekunstnaren Christian Guemy, C215, heidrar offera i åtaket på satiremagasinet Charlie Hebdo i 2015, medan rettssaka går føre seg i Paris.
Foto: Charles PlatiauReuters/NTB scanpix
Frankrike tek no opp att steg for steg skrekkbylgjene frå 2015. 2. september tok ho endeleg til, rettssaka mot gjerningsmennene i drapa som starta med Charlie Hebdo. Ti veker skal ho vare. Saka går i godt sikra lokale i Clichy, nord i Paris. Heile landet græt stilt etter som detaljane vert rulla opp. Det er likevel alt anna enn stille dagar i Clichy, sjølv om der ikkje finst hoiande demonstrasjonar. Som ein av advokatane til dei etterlatne sa: «I denne salen skal vi samle all den gru som dei avlidne opplevde, og som etterlét nasjonen i fælske.»
Åtaket på Charlie Hebdo
Teiknaren Coco, Corinne Rey, kom seint på jobb 7. januar. Leiinga drøfta dei økonomiske vanskane til satirebladet med rådgjevarar. Sidan skulle alle samlast. Coco vart overfallen bakfrå av brørne Chérif og Said Kouachi og tvinga til å opne inngangsdøra. Brørne sprang opp trappene og støytte på Frédéric Boisseau, ansvarleg for vedlikehaldet i bygget, som straks vart skoten. Kona hans hadde sendt med han ei kake til å dele med Charlie-folka, fortalde ho. Chérif fyrte av dei fleste skota, 47 maskingeværhylser var hans.
Broren Said tok juristen og spaltisten Sigolène Vinson til sides; ho fekk overleve sidan ho var kvinne, dersom ho lova å lese Koranen. Sidan skreva ho over lika av vener for å finne telefonen. Då var dei drepne, dei verdskjende teiknarane Cabu, Charb, Wolinski, Honoré og Tignous. Mindre kjende offer var psykoanalytikaren Elsa Cayat, økonomen Bernard Maris, politimannen Franck Brinsolaro, som var livvakt for Charb, korrekturlesaren Mustapha Ourrad, fotografen Michel Renaud, festivalarrangør. På vegen ut drap ein av brørne ein lokal politimann, Ahmed Merabet, som sjølv var truande muslim.
To dagar seinare, medan Paris var i sjokk, gjekk ein medarbeidar av brørne Kouachi, Amedy Coulibaly, til aksjon i bydelen Montrouge, sørvest i Paris. Fyrst skaut han politikvinna Clarissa Jean-Philippe. Dinest tok han vegen austover, der han tok fleire gislar i ein jødisk butikk. Fem døydde, ni vart såra, Coulibaly omkom då politiet gjekk inn.
Gjerningsmennene
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.